Ein vert ikkje heit av det ein ikkje veit

Dette gamle munnhellet uttrykkjer noko viktig. Kjennskap er viktig for å skape interesse og engasjement!

I halvanna år har eg arbeidd som regionleiar utland iNorsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Denne tida har eg hatt glede av å møte mange unge som tenkjer på misjonærteneste.

Misjonssambandet rekrutterer i dag ganske breitt til uteteneste. Mange av utsendingane kjem frå andre kyrkjelege samanhengar eller har komme til tru og møtt kallet til teneste gjennom dei kristne skulane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er mykje gledeleg med det. Samtidig er det ei utfordring at avstanden mellom baktroppen i misjonsfellesskapa i Norge og utsendingane kan bli stor.

Før eg vart utsendt til Indonesia i slutten av førre årtusenet, hadde eg mange praksisperiodar som misjonsstudent der eg vitja misjonsforeiningar og bedehusforsamlingar. I eitt år før utreise reiste eg som forkynnar i Norge. I løpet av denne tida knytte eg mange kontaktar og rekrutterte forbedarar.

Eg blir audmjuk når eg møter desse igjen mange år etterpå og får høyre at bønnekortet med bilete av meg og familien min har hatt sin plass på kjøleskapet og at dei har bedt for meg dagleg.

I dag er det få utsendingar som er så heldige at dei får møte misjonsfolket på denne måten. Nokre av utsendingane kan presenterast med namn i Utsyn eller på nettet, men ein stor del av utsendingane kan ein ikkje presentere på denne måten.

NLM ynskjer å nå ut med evangeliet til dei områda i verda der det enno ikkje er kjent. Det fører til at ein stadig større del av arbeidet er av ein slik karakter at ein ikkje kan fortelje om det i opne fora.

Namn på utsending og land må skjermast. Her er det vanskelege vurderingar som må gjerast. Korleis kan me informere om det sensitive arbeidet på måtar som når ut? Ein av våre utsendingar fekk nyleg avslag på ein visumsøknad.

I grunngjevinga sa konsulatet at dei hadde vore inne på NLM sine nettsider og lese om NLM sitt engasjement i det aktuelle landet. Sidan dette landet har strenge restriksjonar på religiøs aktivitet, vart vår utsending nekta visum.

Her er det altså eit dilemma. Me ynskjer å presentere utsendingar og formidle mest mogleg om arbeidet slik at misjonsvennene til gjevarteneste og målretta bønn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samtidig blir same informasjonen gjort tilgjengeleg for immigrasjonsmyndigheiter og radikale grupper som har andre religiøse interesser.

Glimt som blir delt på sosiale media eller i bloggar kan like gjerne lesast av den lokale imamen som av misjonskvinna i Ryfylke. Sjølv om norsk er eit lite språk, kan dagens teknologi gjere norske nettsider lett tilgjengelege for personar utan norskkunnskapar.

Alle utsendingar treng forbøn. Det gjeld ikkje minst dei som er frontsoldatar i Guds rike. Sykepleiernes Misjonsring (SMR) og Lærernes Misjonsforbund (LMF) er støtteorganisasjonar som spelar ei viktig rolle med å mobilisere til gjevarteneste og bønn for misjonærar.

SMR har eit eige bønnekort der namna på utsendingane er lista opp. Nokre av personane er i sensitive område og difor er ikkje bønnekortet tilgjengeleg for digital distribusjon. Bønnekort på papir er altså ikkje avleggs!

I ei tid der me blir overfløymde med informasjon, skal det noko til å halde oppe engasjementet for misjonsarbeid i sensitive område. Dette er ein type arbeid me ikkje kan tale høgt om.

Det gjeld å vere kreativ og utnytte alle dei utvegar som finns. For det er mykje som er mogleg! Sjølv om ein ikkje kan informere breitt om namn på personar og land, kan ein gjere mykje! Det finns gode ressursar med faktainformasjon om land og folkegrupper.

Det blir skrive bøker, laga filmar og filmsnuttar. På nettsider og i misjonsblad blir det publisert artiklar som gjev presis informasjon utan å røpe for mykje. I lukka samvær kan ein vere svært open med det ein deler.

Jesus sa klart og tydeleg til læresveinane at han sende dei ut som sauer mellom ulvar. Det gjeld ikkje mindre i dag. Me trur at me no går inn i innspurten av misjonsoppdraget.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jo meir me nærmar oss slutten, jo vanskelegare vert arbeidstilhøva. Det vil krevje meir av organisasjonane, av utsendingane, men også av misjonsfolket.

Nye tider gjev nye moglegheiter, men skapar også nye utfordringar. Utfordringa med å mobilisere til misjon er den same, men det krevst stadig nye løysingar!