Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Den falske profet

Eg er ikkje ein som trur at Jesus kan koma i dag for å henta si brud, men han kan koma for å henta meg eller deg.

Me leser at Gud er treenig. Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Men desse tre har og tre åndelege motstandarar. Djevelen, antikrist og den falske profet. Djevelen er mot Gud, antikrist mot Kristus, og den falske profet mot Den Heilage Ande. Den Heilage ande er ei ånd som me ikkje ser med auga vårt. Den falske profet elskar mørkret, og held til på løynlege stadar, slik at han og vert vanskelig å få auga på.

Der har vore mange falske profetar, men denne har ei spesiell oppgåve til å sette opp den øydande styggedommen, og tena antikrist. Eg trur at dei to kom frå avgrunnen og at dei var saman på turen til Israel. Dei hadde stor likhet, og tala mykje saman. Kanskje var dei saman i tempelet og, sjølv om eg ikkje kan sjå at Paulus skriv det. Den øydande styggedommen var ei støtte, eit bilde av antikrist som var reist på tempelplassen, og det kunne tala! Det såg nok fint ut og samla mykje folk, men det fekk ikkje stå lenge, for Israel ante gale.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hjå Daniel ser me at det daglege offeret vart borte. Ikkje bare prestane, men og dei styrande ser at dette må ryddast bort. No vert tempelet og plassen utanfor rydda, og desse spottarane jaga ned Judaheiane.

I Mat 24 og Sakarja kan me lesa om dette. Dei prøver å koma opp til byen, men Israel er for sterke, dei må ut or landet. Eg trur det er dei same me les om i Dan 11.43. Han er inne i Egypt og stel og ranar skattar i sølv og gull. Me ser der at andre og fylgjer han. Men so vert han skremt av det han høyrer frå nord og austerland. No vert han harm og sint, og det er nok Israel han no vil rydda ut. Men eg trur det som står skrevet. Heile hæren til denne kongen antikrist vert gravlagd i Gogsmugens dal. Han sjølv og den falske profet får plass i eldsjøen.

Eg er ikkje ein som trur at Jesus kan koma i dag for å henta si brud, men han kan koma for å henta meg eller deg. Derfor må du søkja Herren, so er Han miskunnsam og nådig, og du får vera Hans brud.

Les også
Flodbølgen kommer
Les også
Propalestinsk agenda blant evangelikale
Les også
Vil mystisisme bli «limet» i en felles religion?
Les også
– En nærværsteologi nærmest på autopilot
Les også
Norske adventister stanset investering i våpenproduksjon