Kvar er prestar og frikyrkjefolk i ekteskapskampen?

Spørsmålet om «vigsel» av likekjønna par i Den norske kyrkja (Dnk) er ei sak som gjeld langt utover Dnk. Det som no skjer her, vil difor ha smitteeffekt og ideologisk sprengkraft av svære dimensjonar.

Sjølv om saka har vore til debatt over fleire år, synest det som mange ikkje har fatta alvoret i situasjonen. Det skjer ei ideologisk omsmelting av det norske samfunnet og ei teologisk omforming av store delar av folket si kristendomsforståing.

Eg spør då: Kor er frikyrkjefolket i åndskampen, særleg den ikkje-lutherske delen av norsk kristenliv?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er knapt eit pip å høyra frå den kanten i den ideologiske og teologiske kampen som no pågår, med nokre få unnatak.

Dersom Frikyrkje-Noreg trur at dei skal gå klar dei problema Dnk no strid med, utan å ta ein kamp for det klassiske ekteskapet, er dei naive. Det er eit voldsomt ideologisk trykk i denne saka, og frikykjefolk er del av samfunnet og under tidsånda sitt trykk som oss andre.

Rett nok har dei noko meir kontroll på teologien enn i Dnk, men ikkje utan kamp.

Saka er ei teologisk utfordring for alle kyrkjesamfunn, men ho er også ei samfunnsetisk sak – som alle kyrkjesamfunn bør engasjera seg i.

Eg etterlyser offentleg tale frå leiarar på alle nivå i Pinserørsla, Frelsesarmeen, Misjonsforbundet, Kristent Fellesskap, Baptistkyrkja, Metodistkyrkja og andre.

Dersom ein ikkje tek kampen no, og med det ikkje byggjer forsvarsskansar i sine samanhengar, vil ein om kort tid oppdaga at det har skjedd ei stille teologisk og åndeleg endring, slik at ein plutseleg har problemet midt i sine forsamlingar.

Det seiest at det er mange konservative prestar rundt om i kyrkjelydane, men det verkar ikkje slik på engasjementet i saka. Det er stort sett nokre få som står på skansane og kjempar. Resten sit musestille rundt om på prestekontora.

Kvifor står ikkje fleire fram?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dersom ein trur det er ved å sitja roleg i båten ein kan overleva stormen og ha ei teneste i Dnk, lurer ein seg sjølv. Då vil ein brått sitja med folk rundt seg som gjer det uråd å stå for eit bibelsk ekteskapssyn i praksis. Resultatet vert kompromiss, tilpassing og svik.

Den som har ei overtyding i saka, må delta i kampen, og då må ein kjempa medan slaget står. Ingen bør overlata til andre å ta støyten for seg. Den som ikkje markerer seg og kjempar no, plasserer seg i ei åndeleg bakevje. Der vil ein få store problem med å leva over tid. Før eller seinare vil ein verta dregen inn i dei åndelege tidsstraumane, og der skal det mykje til for å overleva.

Ære vere dei som kjempar i saka, både innan Dnk og i andre kyrkjesamfunn. Også dei frie kristne organisasjonane kunne vore sterkare på banen, særleg ved sine teologiske institusjonar og bibelskular, men her har trass alt mange av leiarane stige tydeleg fram. Evangelisk Luthersk Nettverk fortener honnør for sitt engasjement.