Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Yoga

torsdag 8. mars 2018

Kristenliv

Yoga er ingen uskuldig skitur, men heller ein veg inn i heidensk filosofi.

Avisa Dagen fortalde i går at i den komande helga står Yoga på programmet i eit kyrkjeleg seminar om kristen truspraksis. Dialog prest Marianne Bergsjø Gammelsæter seier at Yoga kan vera ei åndeleg øving på lik linje med ulike vandringar, bønneformer, eller for den del, skigåing.

Med rette spør Dagen om Yoga er like uskuldig som ein skitur, og slår fast at arrangørane tek Yoga inn i kyrkjevarmen. Dette er ei farleg utvikling eg vil åtvara mot.

Lat meg først slå fast at kroppsøvingar kan vera nyttige til noko, men gudsfrykt er nyttig til alt. Når me kristne går på ski eller er ute i naturen på anna vis, bruker me alle sansane våre og let skaparverket tala til oss.

 

DagensDebatt.no: «Hinduismen og buddhismen har mye av æren for at kirken er i ferd med å gjenoppdage glemte felter i det kristne bønnelivet», skriver Tore Laugerud.

Posted by Dagen on Friday, March 9, 2018

 

Ein skitur kan vera til stor glede og velsigning og me kan møta Gud i naturen, for alt kjem frå han. Yoga er ingen uskuldig skitur, men heller ein veg inn i heidensk filosofi.

Yoga er ei samling av mentale og fysiske teknikkar knytt til hinduisme og buddhisme. Her i Vesten blir Yoga ofte framstilt som ein ikkje-religiøs disiplin i personleg utvikling.

Likevel er all informasjon eg har funne om Yoga gjennomsyra av hinduistisk eller buddhistisk tankegang. NRK seier at Yoga kan gjera oss lukkelege og viser til forsking som grunnlag for innlegget sitt. I følgje lege og forfattar Karin Mæland har Yoga heilt klart ein verknad på kjenslene.

”Yoga skaper ei endring i sinnet gjennom ulike metodar som fysiske posisjonar, pusteøvingar og meditasjon. Yogafilosofien kallar det ro, innsikt eller klart sinn. Me kallar det kanskje lukke,” seier ho til NRK.

Det finst mange som tilbyr opplæring i Yoga. På internett fløymer det over av Yogasider. På heimesida til Attic Yoga seier dei at Yoga er ei treningsform for heile mennesket. Det handlar om å leva eit liv i balanse, ved å styrkja kropp, sinn og sjel.

Når desse tre elementa blir ført saman er ein i harmoni med seg sjølv og alt rundt seg. Den opphavlege tankegangen bak Yoga handlar om livsstil, og er ein heilskapleg tankemåte. I vesten har Yoga fokus på dei fysiske stillingane, pusteteknikkar og meditasjon.

Ordet Yoga kjem frå sanskrit og kan ha ulike meiningar, slik som union, å spenna for (som eit seletøy), å binda saman. Tanken er å finna balanse, mellom den indre og ytre verda, ying og yang.

Yoga kan definerast på tre ulike nivå: den generelle tydinga frelsesveg, den spesielle tydinga: ein kombinasjon av meditasjon og visse kroppstillingar, pusteøvingar og liknande, og den snevraste tydinga: som ”eitt av dei seks ortodokse filosofiske systema i hinduismen, kodifisert i Yogasutra.

Yoga er knytt til transcendental miditasjon og er eit mangfaldig fenomen, men det er likevel nokre fellesnemnarar. Yoga handlar om konsentrasjon og fokusering, om å ta kontroll over eige mentalt og kroppsleg liv, slik at sanselyst og mental aktivitet fell til ro og tek slutt.

 

DagensDebatt.no: «Mens yoga sikter på å oppleve Gud i menneskets selv og ved meditasjon, lærer kristendommen at vi bare...

Posted by Dagen on Thursday, March 8, 2018

 

Målet med Yoga er å skapa ro, fokus og konsentrasjon for å oppnå stilla. ”Når dei fem sanseorgana og sinnet er stilna, intellektet er urørleg, har han nått den høgste tilstand” (Katha-upanishad).

Sofie Storaas, som kvar veke arrangerer Yoga i St. Jakobkyrkja i Bergen, seier til Dagen at Yoga kan brukast til å koma ut or vanskelege ting. For henne handlar Yoga om å bli eitt med seg sjølv og dei rundt seg. Det handlar om å ha sinnsro og å bli fråkopla.

Desse tankane hennar er ikkje ein kristen tankegang, men ei hinduistisk måte å tenkja på. Yoga, New Age og alle livssyn som kjem frå hinduisme og buddhisme søkjer å gå inn i seg sjølv for å gjera det stille. Den austlege meditasjonen søkjer å frigjera seg frå medviten og fornuftig tenking for å finna ro og stilla i djupet av seg sjølv.

Medan hinduar og buddhistar søkjer innover i seg sjølv, vender kristne seg bort frå seg sjølv og til Gud. Den retninga Yoga tek oss i er feil. Kristne menneske søkjer korkje frelse eller lukke ved å gå inn i seg sjølv. Det store er ikkje å ha sinnsro og bli fråkopla.

Kristne søkjer heller å bli påkopla, for å læra Gud å kjenna. Me veit at me er skapt av Gud i hans bilete. Me veit at me er skapt til fellesskap med Gud og kvarandre. Me veit at Gud er større enn oss og utanfor oss. Og me veit at me kan læra Gud å kjenna, for gjennom Jesus Kristus har han gjort seg kjend for oss.

Yoga prøver å finna lukka i å gjera det stille i sinnet, å bli fråkopla kroppen, sansane og intellektet. Dei kristne grundar på Guds ord, dei tenkjer og småsnakkar både med Gud og seg sjølv.

Kristne prøver ikkje å tømma tankane så det blir stilt. Kristne fyller tankane med Guds ord. Kristne ønskjer å bli fylt av Anden, så dei kan syngja og gleda seg i Gud. Å slutta å tenkja er ingen kristen dyd.

 

«I senere år har man lagt større vekt på å kroppsliggjøre troen.» * Les saken og bli gjerne med i debatten * #yoga -...

Posted by Dagen on Tuesday, March 6, 2018

 

Det finst mange former for kristen bønn og fellesskap med Gud, men Yoga er ikkje ein av dei. Kristen bønn og meditasjon søkjer Gud utanfor seg sjølv. Ein av dei er kontemplativ bønn. Då treng me ikkje bruka stemmen. Det handlar om å tenkja på Gud.

Det er å festa auga i hjartet vårt på Gud og vera i hans nærvær. Den kjende salmen, ”Deg å få skoda, er sæla å nå,” set ord på denne gode kontemplative opplevinga av å ha eit meiningsfullt fellesskap med Jesus Kristus. Å ta tid til å vera saman med Jesus er mykje betre enn å bruka tid på Yoga.