YNKELEG: Pastorane som trekte seg frå hovudkomiteen drog også med seg tre stortingsrepresentantar frå kvart sitt borgarlege parti, som heller ikkje greidde å stå oppreist. Orsak uttrykket, men dette er ynkeleg framferd, skriv Hallgrim Berg. På biletet ser vi Franklin Graham i samtale med visepresident Mike Pence.  Foto: Cliff Owen, AP Photo/NTB scanpix

Vis kristent samhald – møt fram for Franklin Graham

fredag 10. november 2017

Kristenliv

Kristenarven er i tilbakegang. Dersom målet er å nå nye generasjonar av yngre og eldre med evangeliet, må kristne vera meir rause ned kvarandre, halda saman i forsvaret og markandsføringa av kristendomen.

Nett-TV: Se Graham-møtene på Håpets festival direkte på nett

---

Ta eit rykande ferskt og nedslåande døme:

Billy Graham Evangelical Foundation kjem med eit spanande opplegg for ei massemønstring i Oslo Spektrum 11. og 12. november. Hovudtalar er Franklin Graham, sonen til verdas fremste predikant, sjølv på veg opp.

Ein brei hovukomite vart i fjor sett ned for å førebu denne storhendinga.

Familien Graham har vore i Det kvite huset og bede i lag med amerikanske presidentar sidan Truman, Eisenhower og Kennedy sine dagar.

Men, då Franklin Graham var ein av dei som deltok og velsigna president Trump ved innsetjinga i januar i år, og blant anna las frå Paulus 1. brev til Timoteus, var det brått nokre pastorar og kyrkjeleiarar som trekte seg på politisk grunnlag frå arrangementskomiteen!

Kvifor? Jau, ved å invitere Franklin Graham, kunne det bli oppfatta som at dei støtta Donald Trump politisk!

Snakk om kortslutning! Ola Dunk, i si religiøse prektigheit, dummar seg ut ved å snu ryggen til ein predikantfamilie som har bede for alle presidentar og styresmenn med regjerande makt i verdas leiande demokrati.

Og dersom Franklin Graham skulle ha sagt eitkvart om klima eller islam dei siste åra, kva så? I staden for å fordøme og boikotte, burde dei norske pastorane og kyrkjeleiarane ha sagt: «Å, har Graham uttalt seg om politikk? Det var spanande! Kanskje han – med si verdserfaring – kan gje oss noko å tenkje på her nord? Kanskje me kan lære noko?»

Pastorane som trekte seg frå hovudkomiteen drog også med seg tre stortingsrepresentantar frå kvart sitt borgarlege parti, som heller ikkje greidde å stå oppreist. Orsak uttrykket, men dette er ynkeleg framferd.

Arrangementet i Oslo Spektrum går av stabelen laurdag og sundag, med framifrå tale og fin musikk. Alle som vil fremja kristenarven i folket, bør ta seg ein tur. Ja, tenk, me kan jo alle risikere å læra noko der! Møt fram!