Ukristeleg programvare i skulen

Kan eit dataprogram vere ukristeleg? Eg siktar ikkje til valdelege videospel. Dette handlar om programvare for elektronisk kommunikasjon i skulen. I dei seinare åra har eit slikt dataprogram sterkt utfordra meg, både som lærar og kristen, på det etiske. Programmet heiter Itslearning, er utvikla i Bergen og vert nytta ved mange skular i Noreg.

Skulen si viktige oppgåve er å samarbeide med heimane om å oppsede borna og ungdommane. Lærarane sitt mandat, og det overordna målet med lærargjerninga, er å hjelpe elevane til å lukkast med liva sine for seg sjølve og andre.

Slik kan essensen av føremålsparagrafen seiast. For meg går dette i hop med trua, til ei større meining —eit kall. Det er her Itslearning har kome inn og forstyrra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det etisk problematiske med Itslearning, som har vore ein snubletråd for meg som lærar, knyter seg til korleis programmet handterer rettleiing av elevar som strevar med åtferd og sosialt samspel.

Som ung lærar lærte eg at den beste måten å hjelpe desse elevane på var å snakke med dei, og med foreldra deira. Eg lærte at å ta opp kjenslevare saker, som at ein elev forstyrra undervisninga eller plaga andre, var best å gjere ansikt til ansikt eller per telefon, under omstende som inviterte til trygg og tillitsfull tovegskommunikasjon.

Skriftleg dokumentasjon høyrde med til det å rettleie elevar som tedde seg ugreitt, med føring av åtferdsmerknader, brev heim, og om naudsynt nedsett karakter i åtferd. Alt på papir. Ingen ting vart sendt over Internett eller lagra elektronisk tilgjengeleg for andre enn læraren sjølv.

Noko av det sælaste eg har kjent på som lærar, har vore når ein trøblete elev forbetra seg slik at vi kunne heve karakteren i åtferd frå «Nokså god» eller «Lite god» til «God», og eg etter endt termin stod på kopirommet og mata arka med klagemål mot eleven inn i makuleringsmaskina.

Å la eit menneske få lov til å gå vidare med blanke ark og syndene makulert har ei oppreisande kraft. Det har eg sett gong på gong. Slik oppreising er ein del av å oppfylle skulen si oppgåve og mandat. Og det rører ved kjernen i evangeliet.

Filosofen K. E. Løgstrup har skrive: «Den enkelte har aldrig med et andet menneske at gøre uden at han holder noget av dets liv i sin hånd.» Vidare skriv han at dette kan vere så skremmande mykje «så det simpelthen står til den enkelte, om den andens liv lykkes eller ej.»

Løgstrup sin etiske fordring er at vi skal ta vare på det livet som blir lagt i våre hender gjennom at andre møter oss med tillit. Lærarar har eit stort ansvar her, overfor elevar.

Eg anar at eg i mitt lærarliv nokre gongar har gjort ein forskjell for om elevar har lukkast i livet. Minst éin av dei gongane har eg hatt praktisk nytte av makuleringsmaskina.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så innførde kommunen min Itslearning. Vi lærarane vart pålagde å nytte det, utan rom for reservasjon. Ein av dei tinga vi måtte nytte Itslearning til, var å føre merknader i orden og åtferd for elevane.

Merknadene vart lagra i Itslearning sin database på Internett, tilgjengeleg frå kor som helst i verda. Alle som hadde gyldig passord og brukarnamn med dei rette autoriseringane, kunne gå inn og sjå.

Frå no av vart det praktisert at faglærarar skreiv åtferdsmerknader for den enkelte elev rett inn i Itslearning. Eleven kunne logge seg på Itslearning heime og sjå merknadene.

Systemet undergrov ordninga med at kontaktlæraren, som hadde den tettaste relasjonen med heimen, primært tok seg av å samle opp åtferdsmerknader og kommunisere med eleven og foreldra om det. Og det undergrov den gode ansikt til ansikt-samtalen og den tillitsbaserte tovegskommunikasjonen.

Åtferdsmerknadssystemet i Itslearning består av ei lang liste med ferdiglaga kodar som selskapet sjølv har funne på, for alt frå snøballkasting til «USV (Uønsket språkbruk mot voksen)», i eit kaldt og byråkratisk språk.

Fleire av kodane er brutale i ordlyden. Nokre er henta frå det strafferettslege vokabularet. Dette meinte altså Itslearning eigna seg for vaksne å nytte mot born.

Kor skadeleg dette systemet kan vere for elevar, oppdaga eg fordi ein modig elev våga å fortelje meg det. Han hadde dytta ein kamerat i eit friminutt. Eg hadde gjeve han merknad for det, med den koden i Itslearning-systemet som var meininga skulle nyttast.

På min skjerm kom kodane opp som ei lang rubrikkliste i ein tabell. Itslearning gav meg ikkje noko inntrykk av korleis dette kom til å sjå ut for eleven. Men då eleven kom heim om ettermiddagen den fredagen, logga seg på Itslearning-kontoen sin og trykte på surt fjes-smilefjes-ikonet som førte til «orden og åtferd»-sida, lyste teksten mot han: «FOE (Fysisk overgrep mot en elev)».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heldigvis, på måndagen var eg i eit friminutt tilfeldigvis åleine med eleven. Då tok han mot til seg og fortalde korleis meldinga på skjermen hadde gått inn på han. Han vedgjekk at det var dumt å dytte, men å få det slengt i fjeset som eit «overgrep» var vondt, og drygt, meinte han.

Eg tok bort merknaden frå Itslearning-databasen. Etter dette gjekk eg attende til å bruke papir for slike merknader, når eg var utrygg for at det kunne vere sårbart for eleven.

Sidan oppdaga eg at Itslearning-systemet uvilkårleg tok vare på åtferdsmerknader etter endt termin. Dei vart ikkje borte, med mindre læraren gjekk inn og sletta dei ein og ein.

Eg tenkte då tilbake på tida med penn og papir, og kom i hug tidlegare elevar som hadde strevd med veremåten sin og pådratt seg lister med åtferdsmerknader i ein periode av skulegangen, men som det gjekk bra med.

Truleg hadde det ikkje gjort det med alle, dersom feiltrinna frå tilbakelagte terminar skulle ha forfølgt dei gjennom skuleløpet, nagla som strafferettsleg formulerte kodar i ein database på Internett.

Itslearning veit, fordi eg og andre har sagt ifrå om det, kor skadelege desse kriminaliserande formuleringane kan vere brukt mot born. Kombinert med at tekst på ein skjerm fortrenger møtet ansikt til ansikt mellom lærar og elev, slik det er med Itslearning, blir resultatet pedagogisk katastrofe. Det er ein himmelvid avgrunn mellom surt fjes-smilefjes-ikonet i Itslearning og 4. Mos 6, 24–6.

I Utdanningsnytt.no, 23.08.2013, lova produktdirektøren i Itslearning at åtferdskodane «vil bli gjort noe med». No, tre og eit halvt år seinare, har ikkje selskapet gjort noko som helst, som eg kan sjå.

I Rogaland medførte ein alvorleg datafeil for to veker sidan at uvedkomande fekk tilgang til karakterar, merknader og annan personleg informasjon om elevar i Itslearning. Dette aktualiserer og forsterkar dilemmaet som lærarar står overfor når dei blir pålagde å publisere slik sensitiv informasjon på usikre system som dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Utviklinga og endringane innan IKT går raskt, og Itslearning er på veg ut frå grunnskulen mange stader. Konkurrentar som Skooler, Canvas, Zokrates og IST Læring, i tillegg til Google og Microsoft, er i ferd med å ta over. Mykje har skjedd berre det siste året. Særleg Skooler er på frammarsj.

Eg håpar at Skooler og desse andre er medvitne om sitt moralske ansvar og bryr seg meir om elevane, slik at grunnskulen og lærarane kan få gode pedagogiske programvareverktøy som ikkje forstyrrar det pedagogiske handverket og utfordrar kristen etikk slik Itslearning gjer.