Same sanning for truande og ikkje-truande

«Du kan ikkje tru noko anna enn det du veit, eller det du trur du veit», sa Dagens mangeårige sjefredaktør Arthur Berg ofte. Han meinte at den kristne trua måtte fundamenterast på sikker kunnskap. Dersom ikkje, duger ho ikkje. Berg var ein stor apologet.

Kunnskap er kunnskap, og det som er sant, er sant både for truande og ikkje-truande. Dersom Gud har skapt verda, ja, så er det det han har gjort, og ingen kan finna ut noko anna om den saka. Dersom han ikkje har gjort det, kan ingen finna ut at han har gjort det. Det er komplett umogeleg.

Naturvitskapen har som oppgåve å beskrive naturen, gjera målingar og prøva å finna årsakssamanhengar mellom ulike fenomen. Men han kan umogeleg vera definert som materialistisk slik at alle som syslar med naturvitskap er dømt til å tolka alle fenomen som immanente (dennesidige), slik eg forstår høgskulelektorArne Taxt legg til grunn, for då er vitskapen blitt ateistisk dogmatisk. For dersom eit fenomen er mirakuløst og har sitt opphav i Gud, kan ikkje vitskapen, om han er ekte vitskap, finna ut at fenomenet har ein annan årsak enn Gud.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For noko kan jo ikkje samstundes ha både ein transcendent (utanomjordisk, hinsides) og ein immanent årsak. Dei utelukkar kvarandre gjensidig. Dersom vitskapen kan prova at fenomenet kan forklarast naturleg, kan me utelukka at det er ei overnaturleg forklaring, i alle fall ikkje på nokon annan måte enn at all natur i sin grunn er mirakuløs og overnaturleg.

Men dersom det ikkje finst ei god naturleg forklaring, må vitskapen, om han skal vera tru mot ideala sine, halda døra open for ei overnaturleg forklaring. Vitskap handlar jo om å få tak i sikker kunnskap, uansett kor bevisa fører ein.

Den kristne matematikaren John Lennox seier: «Me trur på vitskapen, men ikkje på vitskapismen.» Vitskapismen er den dogmatiske vitskapen som har definert at alt som eksisterer er immanent.

Han seier også: «Ikkje alt som ein vitskapsmann seier er vitskap.». Biologen og ateistenRichard Dawkins, som John Lennox har hatt mang ein debatt med, er ein heilstøypt materialist. Han, og venene hans, har laga eit felttog mot gudstrua som krev at me som kjenner Gud legg oss skikkeleg i selen for å ta tankane hans til fange under lydnaden mot Kristus. Det nyttar ikkje å seia at desse folka snakkar om noko anna enn det me gjer. For det gjer dei ikkje. Dei snakkar om Gud og livet, og me må tora å møta dei der dei er.

Skal me vinna dei for Kristus, må me gidda å setja oss inn i tankane deira og hjelpa dei til å sjå at det dei byggjer liva sine på ikkje duger. Det blir for lettvint og bakoverlent å sei at teologien og naturvitskapen snakkar om dei same tinga, berre med ulike språk.

Då får me som trur læra oss det vitskaplege språket deira for å kunna kommunisere med naturvitarar og føra dei til Gud, for vitterleg har den halsstarrige vitskaplege ateismen ført dei bort frå han. Men ikkje berre dei, men også folk flest, som jo gjerne seier at dei ikkje trur på Gud, men på Big Bang og utviklinga. Her har me rett og slett ei stor misjonal utfordring.

Eg sat for ei tid sidan saman med ein ateist som ut frå vitskaplege premissar ville omvende meg til ateismen. Han gjorde det klårt for meg at det eg trudde på var antikvarisk. Men sidan eg kjenner evolusjonslæra måteleg godt, og veit om mange av veikskapane ho ber i seg, gjekk det ikkje meir enn fem minuttar så var situasjonen snudd. Han ville trekkja seg ut. Han vakla i synspunkta sine, og då fekk eg dela Kristus med han. Det vart stille. Dette er preevangelisering.

Tru og vitskap overlappar kvarandre på fleire punkt. Det gjeld til dømes spørsmålet om eksistens, kva som har alltid vore, og kva som er blitt til, om noko er blitt til. Det er to alternativ. Anten har universet ingen årsak og er evig i seg sjølv (underleg nok meiner både ateismen og hinduismen det), elles er universet skapt av ein evig Gud.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men er det første tilfelle, ville alt vore slutt for æver sidan. Har det immanente hatt ei æve på å gå gjennom alle utviklingsprosessar som det naudsynleg måtte gjennom som eit resultat av materien sine ibuande krefter, ville universet vore sløkt for lengst for aldri meir å ta seg opp att. Men det er det jo ikkje. Og då står me att med eitt alternativ: Gud.

For hundre år sidan meinte astrofysikarane at universet var statisk og evig. Men i 1928 ­endra dette seg radikalt då ­Hubble oppdaga at det ekspanderer, ­galaksane bevegar seg frå kvar­andre. Dette gav han den tanken­ at ein gong må dei alle ha vore samla i eitt punkt for så å ­eksplodera, og me fekk teorien om The Bing Bang. I dag er alle, kristne og ateistar, samde om at universet har eit opphav, ein start. Ja, astrofysikarane seier at materie, rom og tid vart skapt i og med dette smellet.

Det er jo ufatteleg spennande at vitskapen er komen fram til dette som Bibelen gjennom fleire tusen år sidan har fortalt menneskebarna, at universet har eit opphav, at det er skapt, og at det er skapt av ingenting. Då kan det på ingen måte vera uvitskapleg å hevda at den mest sannsynlige grunnen til at det er skapt, er at det var ein utanforståande som skapte det, og at denne utanforståande mest truleg er Bibelens Gud.

Det er kun om denne Gud det er sagt at han skapte alt av ingenting. Det kan då umogeleg vera forbode for naturvitarar å sei det, når det er det einaste alternativet som står att. Vitskapen jobbar for å finna sanninga. Og sidan det er sant at Gud skapte himmel og jord, har vitskapen også no kome fram til han, men dei skal ikkje få lov å seia det, for då er dei plutseleg blitt uvitskaplege. Nei, det er dei ikkje, for, som me starta med: ingen kan tru noko anna enn det dei veit, eller det dei trur dei veit.