VITALT: Lekmannslinja og lekmannsarbeidet har representert eit vitalt element i norsk kristenliv. Det skuldast ikkje minst understrekinga av at alle, og ikkje berre nokre få og utvalde, gjerne knytt til ei stilling, ein funksjon, eit embete, har eit åndeleg ansvar for gudsliv og kristenliv, skriv Lars Gaute Jøssang.  Foto: Trygve Opheim

Lekmannsarbeidet vårt

søndag 19. november 2017

Dette innlegget er en respons på "Kyrkjesyn i lys av reformasjonen "

Kristenliv

Eg er overtydd om at lekmannslinja framleis har mykje for seg. I ei tid der store forsamlingar gjerne blir løfta fram som idealet, er det også viktig å understreka at den vesle gruppa framleis har karakter av eit heilagt samfunn med alle lovnader knytt til seg.

I ei tid der mykje krinsar om forsamling, forsamlingsbygging og kyrkje i bedehusland har lekmannsarbeidet eller lekmannslinja tilsynelatande tapt noko av aktualiteten sin. I eit tankevekkande stykke i Dagen (26/10) ser Karl Johan Hallaråker behov for ei oppvurdering.

Eg er samd med han i det. Denne måten å arbeida på rommar mykje slitesterk teologi og ideologi som det er all grunn til å løfta fram. I det fylgjande vil eg peika på opphav, grunngjeving og relevans i dag.

For så vidt er innsteget lekmannsarbeidet i Noreg, men referanseramma, i alle fall opp mot nyare tid, er i hovudsak Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Det historiske bakteppet er viktig, og eg startar med det.

Med reformasjonen i 1536 blei stat og kyrkje eitt i Noreg. Etter den tid måtte alle, kongen, embetsmennene og folket, bekjenna seg til den evangelisk-luthersk læra.

Under statspietismen på 1730-talet blei både ei ny og forpliktande konfirmasjonsordning innført, ein kristen allmugeskule oppretta og ei ny katekisme introdusert (Pontoppidan).

Misjon stod også på agendaen til styresmaktene. Kanskje har landet aldri hatt ein kristelegare og meir nidkjær stat enn då? Innafor desse strukturane fanst også eit lekmannsrom. Folk kunne fritt lesa frå bibel og gudelege skrifter, syngja og be og samtala om trua i heimane sine.

Det var eigentleg ei plikt for husfaren å samla kone, barn, tenarar og andre i huslyden til andakt. Kongen hadde i prinsippet ikkje noko mot slike private huskyrkjelydar.

Problem oppstod når konventiklane, som desse samlingane gjerne blei kalla, fekk eit halvoffentleg preg, stundom med framande og farande lekpreikarar til stades.

Under slike forhold kunne misnøye og kritikk koma til overflata med utfall både mot prestar og andre øvrigheitspersonar.

Øsing og uro av dette slaget skulle den såkalla konventikkelplakaten, innført i 1741, førebygga. Det beste var om folk trudde, tenkte og levde som staten la opp til. Det var i korte trekk essensen i livssynspolitikken på den tida.

På det kristelege området blei Hans Nielsen Hauge (1771-1824) den store lekmannspioneren i Noreg. Med rørsla han skapte, blei det personlege og inderlege gudslivet sett i fremste rekke.

Som ein god nummer to kom kallet og ansvaret for folk rundt seg. «Du skal bekjende mit Navn for Menneskene, formane dem at omvende sig og søge mig medens jeg findes.»

Utan presteutdanning og offentleg autorisasjon tok han fatt – stikk i strid med Konventikkelplakaten. Kor denne lekpreikaren kom, blei folk gripne, kom i syndenaud og søkte frelse. I kyrkja, der alt krinsa om prest og embete, blei det for trongt.

Dei nyvakte fann saman i mindre grupper, der dei bad, vitna og formana kvarandre til eit heilagt og gudfryktig liv. Desse vennesamfunna på utsida av statskyrkja blei leia av personar frå lokalmiljøet med åndeleg tyngde, tillit og hyrdesinn.

Hauge skreiv brev, såg om vennene, formana og rettleidde. Slik oppstod eit uformelt, folkeleg og meir og mindre riksdekkande nettverk innafor, men like fullt skildt frå statskyrkja. Med det var lekmannslinja så å seia oppfunnen og lekmannsarbeidet sett i system.

Dei nye organisasjonane for ytre og indre misjon som kom utover på 1800-talet, var alle i større og mindre grad prega av haugianismen. Impulsar frå brødrevennene gjorde seg også gjeldande.

Når det galdt forholdet til statskyrkja, varierte tilnærminga. Det Norske Misjonsselskap la for sin del vekt på eit nært og tett forhold. Nemninga prestemisjonen var ikkje gripe ut av lufta. På den andre enden av skalaen opererte mellom anna Indremisjonsforbundet og NLM.

Desse organisasjonane var meir lågkyrkjelege og markerte avstand i større grad. Men uansett haldning - i desse samanhengane blei lag og foreiningar, bedehus, vennesamfunn, møte og emissærar viktige arenaer og arbeidsgreiner.

Til dette kom både skular og seinare leirstader, barnehagar, nærradioar og anna. Den norske statsskyrkja omfatta så godt som alt folket, aktive som ikkje aktive, truande som ikkje truande, og tok det ikkje alltid like nøye med læra.

Å oppfatta denne konstruksjonen som ei sann Jesu Kristi kyrkje fekk mange ikkje til å stemma. Samstundes hadde ho mange gode prestar som både levde rett og tala rett. I tillegg hadde liturgien mykje god kristendom bygd inn i seg.

Den nære kontakten mellom kyrkje og skuleverk var også verdfull. Difor var det ingen grunn for den radikale lekmannsrørsla å bryta ut og danna frikyrkje.

Ein hadde høve til å organisera eit fritt og uavhengig arbeid basert på bibel, vedkjenning og ideal ein hadde tru for. Den liberale statsforfatninga la eigentleg også til rette for aktivitetar av dette slaget.

Ludvig Hope (1871-1954) lanserte slagordet, «I kyrkja, men ikkje under kyrkja». Og det var lenge retningsgjevande for mykje av lekmannsarbeidet.

Eit lekmannsarbeid, fritt og uavhengig i høve til statskyrkja, blei altså modellen for mange. I tråd med Hope sin tankegang var kyrkja ikkje fyrst og fremst ein institusjon, prega av bestemte ytre ordningar, men av truande menneske som samlast i Jesu namn for å lytta til Guds Ord, be saman og hjelpa kvarandre på himmelvegen.

«For der to eller tre er samla i mitt namn, der eg midt i mellom dei» (Matt. 18:20). Vel tala Jesus både i tempelet og i synagogar. Men han var også på husmøte, friluftsmøte på tempelplassen, i gatene og ute i naturen.

Ein gong tala han jamvel frå ein båt. Enkelt og liketil nytta han «utstyret» på staden. Variasjon og mangfald prega også den fyrste kristne tida. Apostelgjerningane gjev glimt både av husmøte og huskyrkjelydar, og av større og meir formelle forsamlingar.

Men det nye gudsfolket «heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene». Den evangelisk-lutherske vedkjenninga krev ikkje bestemte kyrkjelege ordningar.

Det avgjerande er at Gudsordet får lyda reint og klart, og at sakramenta blir forvalta rett (CA VII). Leidestjerna i NLM har vore det som tener evangeliet si sak.

Spørsmålet om kven som kan gjera kva har ein også hatt eit avslappa forhold til i NLM, bortsett frå den avgrensinga som ligg i tenestedelingsprinsippet. I kraft av det allmenne prestedømet har ein tenkt at alle kristne er prestar, kvinner som menn, unge som gamle.

Dei får tena med den kraft og utrustinga Gud gjev. I prinsippet har alle eit totalansvar for verksemda – også for læra og forkynninga. Flokken av truande kan i mange tilfelle ikkje vera så stor.

Men like fullt trur ein at Gud også er i det enkle og kvardagslege, og ikkje berre i det storslegne og høgstemte. For der Guds folk er stig Guds kyrkje fram! Det gjeld småmøta så vel som stormøta.

Ikkje minst har ein tenkt slik om dei mange misjonsforeiningane. Når kvinnene møttest, for det var ofte det – delte dei ordet med kvarandre, las frå Kineseren/Utsyn, bad for misjonen og utsendingane og gav pengar til arbeidet. Slik fungerte «foreiningskyrkja».

Dei siste tiåra har ein sett vidtgåande endringar i samfunnet, i norsk kristenliv – og ikkje minst i statskyrkja, i lekmannsarbeidet og i NLM. Eit slåande trekk er at det tradisjonelle lekmannsarbeidet stampar i motvind.

Møteverksemda har gått attende og den omreisande emissæren er ikkje like ofte å sjå som som før. Talet på lag og foreiningar er også på veg nedover. Bedehus som blir selde eller lagde ned er heller ikkje så sjeldsynt.

Desse trekka er kanskje særleg tydelege på bygdene. På eit allment plan har dei med med forgubbing, fråflytting, sentralisering og urbanisering å gjera.

Men også åndelege faktorar som svekka kall, motivasjon m.m. spelar inn. For ein del som svar på denne utviklinga har ei «ny» og meir formalisert forsamlingsbygging skote fart, særleg i byar og på større stader.

Sidan slutten av 1990-åra har dette vore eit prioritert område i NLM. Den frie nattverden har lenge hatt ein naturleg plass i arbeidet. Dei siste åra har også bedehusdåp blitt vanlegare.

I tillegg har konfirmasjon, brudlaup og gravferd i aukande grad blitt ein del av porteføljen. Såleis er det neppe tvil om at NLM, til liks med andre organisasjonar, har blitt meir kyrkjeleg.

Lekmannslinja og lekmannsarbeidet har representert eit vitalt element i norsk kristenliv. Det skuldast ikkje minst understrekinga av at alle, og ikkje berre nokre få og utvalde, gjerne knytt til ei stilling, ein funksjon, eit embete, har eit åndeleg ansvar for gudsliv og kristenliv.

Det har skapt handlingsrom, rørsle, fleksibilitet og dynamikk. Trua på Ordet si vekkande, fornyande og bevarande kraft har elles vore eit kjenneteikn. Forkynninga og forkynnarane har ein tenkt stort om.

Så har misjonskallet i alle år hatt ein samlande og mobiliserande funksjon. Å bevara og vidareutvikla desse ideala blir ei av dei store utfordringane i lekmannsarbeidet framover, uavhengig av ytre forhold, som by/bygd, forsamling/foreining m.m.

I eit uryddig og uoversiktleg landskap er det ikkje alltid like enkelt å veta kva som er vist eller gale. Men eg er overtydd om at lekmannslinja framleis har mykje for seg. I ei tid der store forsamlingar gjerne blir løfta fram som idealet, er det også viktig å understreka at den vesle gruppa framleis har karakter av eit heilagt samfunn med alle lovnader knytt til seg.

Difor er det nødvendig å samlast, også om ein ikkje er så mange. På bygdene, der grunnlaget for eit «skikkeleg» forsamlingsarbeid i mange tilfelle vantar, må ein ha dette for auga.

Kall inn til samling, møte eller «konventiklar» i heimar, bedehus eller kvar det måtte vera. Du kan vera prest, predikant og hyrde, minna om noko frå Bibelen, lesa ein song eller eit andaktsstykke, be og gje til misjonen. I forlenginga av dette kan det vera naturleg å knyta kontakt med ei større forsamling.

Dermed kan ein få eit fruktbart samspel mellom den vesle flokken og det store fellesskapet, og i neste ledd, den organiske samanhengen som NLM og andre organisasjonar representerer. Slik kan ein gå vidare i velbrukte sko på nye stiar i eit endra landskap.