KYKJERÅDET: Ein av dei mest sitatverdige replikkane frå Knøttene er at ikkje noko problem er så stort at du ikkje kan springe frå det. Det var den øvinga Kyrkjerådet (KR) praktiserte i sitt siste møtet i Tønsberg no i juni, skriver Egil Morland. Bildet er fra Kirkemøte i 2017. Foto: Ned Alley, NTB Scanpix

Kyrkja tek ein Charlie Brown

Ein av dei mest sitatverdige replikkane frå Knøttene er at ikkje noko problem er så stort at du ikkje kan springe frå det.

Det var den øvinga Kyrkjerådet (KR) praktiserte i sitt siste møtet i Tønsberg no i juni. I den absolutt største saka det siste tiåret, utanom vedtaket om likekjønna vigsel, og som ein direkte følgje av skiljet mellom stat og kyrkje i 2012, skulle høyringsdokument og tempoplan for ei ny ordning for Den norske kyrkja (Dnk) vedtakast.

På førehand gjekk rykta om at høyringa kunne bli utsett. Det var ikkje til å tru. Men det var sant – viste det seg. Konsekvensen er – med mindre det vert kalla saman til eit ekstraordinært kyrkjemøte (KM) i 2019 – at kyrkjeordninga på nytt kan bli tema i neste valkamp, fordi det vert det nye KM som må handsame saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den offisielle grunnen for denne kuvendinga er at den nye trussamfunnslova (religionslova), inkludert nokre paragrafar om Dnk, enno ikkje er lagt fram for Stortinget. Det er eit argument som normalt skulle lata seg høyra. Men i dette tilfellet vert denne grunngjevinga meir som eit bekvemmelighetsflagg å rekna. For det var sterke krefter som ivra for ei utsetjing – og ei av dei er å finna som spenningar internt i Åpen Folkekirke (ÅF).

KM fann i 2016 eit kompromiss i denne saka. Det la til grunn at «arbeidsgiveransvaret videreføres som delt mellom biskop/bispedømmeråd og fellesråd, men samordnes ved en enhetlig, lokal ledelse». På eit seinare trinn var målet «et felles arbeidsgiveransvar».

Dei som har følgd med i kyrkja sitt liv, veit at det er flust av spenningar i dette vedtaket. Statskyrkjevener og sterke, sjølvmedvitne fellesråd på den eine sida, og presteskapet, som er redd for å underleggjast «råda» på den andre sida, kan i alle fall møtast i ei utsetjing av saka. Og tanken om eit ekstraordinært KM bør vera dødfødt. For i så fall er det det gamle KM som vedtek denne saka etter at nye bispedømeråd og eit nytt KM er vald. Dét er i alle fall eit demokratisk problem.

Det er ei kjend sak at ÅF har sine interne drøftingsmøte om kyrkjeordningssaka. Vedtaket i Tønsberg var klarert der.

Så får det heller våga seg at nestleiaren i KR, professor Harald Hegstad, vart stemt ned i rådet. Det var Hegstad som i ein periode for nokre år sidan vart frikjøpt av KR for å førebu og byrja skrivinga om kyrkja sine vegval i kyrkjeordningsspørsmåla.

Men det er klart: Når ein no skal gå «breitt» ut og spørja alt som kan krypa og gå om mange spørsmål i eit nesten 300-siders dokument, så kan det dukka opp grunnar til ytterlegare seinkingar.

Siste ordet om arbeidsgjevaransvaret i kyrkja er ikkje sagt. Ikkje på lenge.

Les også
«Sannheten tro i kjærlighet»
Les også
Speil deg i Bibelen
Les også
Lokalkyrkja og Kyrkjemøtet
Les også
Kirkens møte med LHBT
Les også
«Helvete og Guds godhet»