Illustrasjonsfoto: Fotolia

Fokus, fokus, fokus!

Under bibelcampen vår i Lyngdal hadde vi ei flott markering av at det er gått 70 år sidan Israel vart gjenfødd som nasjon. Så er spørsmålet kor stor plass dette skal ha i vårt arbeid?

Frå samtalane mellom Jesus og apostlane før hans himmelfart, kan vi lese dette: Apg 1:6 « Dei som no var komne saman, spurde han og sa: Herre, er det på den tida du vil atterreisa riket for Israel?»

Dei spør: «Er dette tidspunktet då du vil oppfylle alle profetane sine ord i GT om at Israel vil verte leiarskap for nasjonane, og Messias skal herske personleg på jorda?»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Legg merke til Herrens svar på deira spørsmål: Apg 1:7 « Han sa til dei: Det er ikkje dykkar sak å vita tider eller timar som Faderen har fastsett i si eiga makt». Med andre ord, det skal skje på eit tidspunkt som er fastsett av Faderen.

Så heldt Jesus fram med å skissere programmet som skulle vere deira og vår agenda: Apg 1:8 « Men de skal få kraft når Den Heilage Ande kjem over dykk. Og de skal vera mine vitne både i Jerusalem og heile Judea og Samaria og alt til endane av jorda

Så Jesus stadfester sanninga om dette framtidige riket for Israel, samtidig som han flyttar fokus på dagen i dag og oppdraget han har gitt sitt folk. Fokus! Fokus! Fokus! Vitneteneste, menneskefiske, indremisjon, ytremisjon; bodskapen om Guds frelse i Jesus Kristus må nå stadig lengre ut og nå stadig fleire menneske.

Eg hugsar i ein debatt om bibelsyn for nokre år sidan at ein tilsett ved NLA sa noko sånt som dette: «Ditt og mitt bibelsyn er i grunnen ikkje meir verdt enn korleis vi i praksis formidlar Bibelens bodskap til frelse og utrustning for menneske».

Han har eit viktig poeng. Vi kan ha det sunnaste bibelsyn som finnast, men det betyr ingenting dersom vi er passive og ikkje deler Ordet med nokon.

Og det er relevant å overføre det til vårt syn på dei siste tider: Vi kan ha eit syn der det meste fell på plass og dei fleste motseiingar kan svarast på, men det har liten verdi om vi ikkje er engasjert i vitne- og misjonsteneste slik at vi kan berge fleire for Himmelen.

Vi skal vere opptekne av det profetiske ord fordi vi skal leve i forventing, i håp, med lause teltpluggar, og fordi vi skal identifisere oss med Guds tanke for menneska.

Les også
Den gode egoisme
Les også
Tilbake for å komme fremover
Les også
Trosbekjennelser og/eller vitenskap
Les også
Om å fullføre tjenesten
Les også
Glimt fra et kristenliv i et naboland
Les også
Hvem bestemmer kirkens ritualer?
Les også
Israel sett fra Nord-Irak