Du skal ikkje bryta ekteskapet

Dette er den trygge ramma som Gud laga, men som så ofte vert øydelagt.

2. Mosebok 20:14. Ekteskapet er heilagt og er innstifta av Gud. I 1. Mosebok kan vi lese: «Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei: Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk!»

Ut frå Bibelen gjeld ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne og skulle vare livet ut. Om ein av partane døyr er den andre fri til å gifte seg att. Dette er den trygge ramma som Gud laga, men som så ofte vert øydelagt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ved skilsmisser er det ofte borna som er mest skadelidande. Dei har behov av både mor og far. I dei populære programma «Tore på sporet» kan vi sjå korleis menneska desperat prøver å finne sitt genetiske opphav.

Det er noko som er nedlagt i oss menneske. I dag går ektepar alt for lett frå kvarandre. Eg tør påstå at dei fleste ekteskapa kunne vore redda om begge partar verkeleg gikk inn for det.

Nokon har foreslått at samfunnet skulle ha arrangert kurs for dei som skal gifte seg. Mange unge er ikkje budde til å gå inn i forpliktande forhold.

Ordtaket «graset er grønare på andre sida» er ofte gjeldande. Ein skil seg og trur at det neste forholdet skal verte betre, men det vert ofte det motsette. Så vert det mine, dine og våre born og det er storforvirring.

Vi må tenke på at Guder god og hans bod er til det beste for oss. Herren er mykje visare enn oss og ser lenger enn vi gjer. Tenk å få dele eit langt liv i saman og nyte livskvelden som eit par! Til og med Hillary Clinton sa dette sjølv om Bill hadde vore utro.

For mange vert løysinga med sambuarskap. Samfunnet har lagt opp til dette med å gje økonomiske fordelar til slike. Det er trist fordi at ved ei offentleg vikgsle kan ein be ned Guds velsignelse.

I alle slags primitive kulturar har det vore sermoniar ved inngåing av ekteskap, men vår kultur har falle så lågt at dei ikkje har dette med, og det er eit stort tap. I Bibelen kan vi lese at Jesus vart innbudt til bryllupet i Kana der han gjorde sitt første under og gjorde vatn til vin.

La oss ta vare på våre kristne røter. Det sentrale i kristendomen er kjærleiken. Gud elskar oss og vi kan elske kvarandre. Når vi mottar tilgjeving frå Gud så er det lettare å tilgje ektefellen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som kristne kan ein samtale og be saman, og dette er eit lim som bind saman i tillegg til det seksuelle samlivet. Det er mange freistingar til utruskap i dag, men ved Guds ord kan ein få hjelp til å leve reint.

Det vil bevare ekteskapa. Alkohol og rusmiddel er også øydeleggande og det beste er å vere avholdsfolk. Då kan ein få eit lykkeleg samliv i saman slik Gud hadde tenkt det. Ved gudsfrykt og nøgsemd kan ein vere lykkelegare.

Nygifte treng ikkje å ha alt tipp topp med ein gong. Ein kan verte gjeldsslavar som er destruktivt for ekteskapet.