Den kyrkjelege situasjonen i Norge

Førebuing til tusenårsfeiring bør for Dnk heller vera å falla på kne for Gud og be om tilgjeving!

Det som har forundra mest i det kristne Noreg i det siste, er den vankelmodige måte konservative kristne har agert i homofilidebatten og i høve til det faktum at Åpen folkekirke nå har full styring i kyrkjelege topporgan i Den norske kyrkja.

Med det som har skjedd i Dnk, kan det vera naturleg at leiande evangeliske kristne har venta med å ta grunnleggjande grep for å tenkja seg grundig om. Men nå er resultatet at ei sekularisert Dnk med biskopar som er viljelause gisler, skal stå vakt om heilskapen i vår kristne tru.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Endå til mellom pinsevennene er det mykje som tyder på at det er ulike røyster. Evangelisk kristne leiarar ser ut til å vakla i sitt forsett om å bryta hegemoniet til den liberale 2000-årsflaumen i ei kyrkje som ikkje lenger lyttar til Bibelen.

Det burde ikkje vera vanskeleg å sjå at det finns eit evangelikalt og bibeltruande grunnlag for eit samarbeid, ein allianse mot liberal teologi.

Me som har meldt oss ut av Dnk, ynskjer å arbeida saman med, og oppmuntra andre kristne, utafor og innafor Dnk, til å fremja synet at ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne er einaste rette ramme for seksuallivet og at Dnk lyt kassera liturgien for samkjønna samliv.

Stavanger-biskop Ivar Braut bør ikkje få fred til å overkøyra soknemøta. Vedtak i sekularserte kyrkjelege organ gir han ingen legitimitet tl å styra stikk i strid med Bibel og vedkjenning. Vranglæra som Dnk har vedteke er i ferd med å verta eit problem innafor frikyrkjer óg.

Vi skal óg arbeida for at lova om sjølvbestemt abort må avskaffast, inga kristen rørsle må gløyma den saka! Me lyt arbeida for at ekteskapslova og abortlova ikkje kjem til å stå seg på sikt. Situasjonen i landet vårt kallar på ikkjevaldelege kristne aksjonar.

Ein treng ikkje gjera anna enn å sjå på dei økumeniske problema situasjonen fører med seg i samkvem med andre kyrkjer utafor Skandinavia, og vi spør: Har tilhengarar av samkjønna vigsle heile hegemoniet?

Er vi som er for kyrkjeleg vigsle av berre heterofilt ekteskap, gamaldags og i utakt med realitetane? Vi som vil ta vare på livet og ynskjer å unngå tap av meir enn 1 million nordmenn dei neste 40-50 åra, er vi gamaldags?

Skal kristne gå med på at skaparordning vert avløyst av utvikling? Eg veit ikkje, berre fuglane veit kvar den «utviklinga» fører oss, men utviklinga har framtida for seg! Ja, mun det!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Liberal likegyldigheit er tydelegvis ein fundamental grunn i seg sjølv til at liberale kyrkjer får minska oppslutnad, men ikkje minst vigsle av samkjønna par har vore ein katastrofe for medlemstalet.

Det er ein heilt klar tendens at dei som har brote ut for å føra ei konservativ evangelisk line, går fram. Det finns óg konservative kristne kyrkjer som går tilbake i medlemstal, men statistikken seier heilt eintydig at berre konservative kyrkjer veks.

Verdsevangelisten Billy Graham, som høyrer til i Southern Baptist Church, er snart 100 år gamal, men er framleis ein av USA sine 10 mest populære menn, sjølv om han forkynner frelse og fortaping med stor tyngde.

Son hans skal vi snart få høyra i Noreg, det er bra! Den største lutherske kyrkja i Verda er nå Mekane Yesus kyrkja i Etiopia. Utbrytarsynodane frå liberale kyrkjer i Nord og nye lutherske kyrkjer i Sør melder seg inn i International Lutheran Council (ILC), som har meir enn 15 millionar medlemmer.

Dei er nå toneangivande i stadig større grad på bekostning av LWF(LUTHERAN WORLD FEDERATION), som snart vil vera nr. 2 og sitja att med ei rekkje liberale kuriositetar frå Nord, som Dnk.

Med vår «utvikling» og liberalitet er vi ein merkeleg utkant, langt opp mot Nordpolen, sett mot kristne befolkningar i resten av verda, for dette er verkeleg merkeleg i kristen samanheng! Me bør og leggja merke til at sekulære Frankrike, som stat, ikkje går inn for likestilling av samkjønna og heterofil vigsle.

Frankrike er så heldige at dei har ei stor katolsk befolkningsgruppe. Det er heller ikkje slik at homofile alltid trivs betre i liberale kyrkjer, framfor konservative.

Den romersk-katolske kyrkja har nær halvparten av alle kristne, medan dei hurtigst veksande kyrkjesamfunna i verda: Pinsevener og karismatikarar er til saman nr 2, ortodokse kyrkjesamfunn nr. 3. 2-3 prosent av alle som kallast kristne i verda, høyrer til kyrkjer som vigsler og velsignar samkjønna «ekteskap».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Alle dei tre største kyrkjeeiningane har ein struktur som gjer at dei står for Bibelen sine ord i homofilisaka og som regel i andre saker og; difor trur eg me kan jekka ned den liberale nordiske arrogansen eit par hakk, liberale skandinavar er ikkje aleine i verda.

Det tyder heilt enkelt at vi som vil stå tydeleg for det Bibelen seier om ekteskap, faktisk er ein stor majoritet blandt kristne i verda. Det kan sjå ut som at Noreg i FN organ er opptekne av å gje prevansjon og abort som eit verke-middel i dei landa som har stor vekst i folketal. Det er grunn til å vona at dei snart går lei av dette tiltaket.

Når leiande representantar for Dnk held fram at Dnk er umisteleg i økumenisk arbeid, tek dei feil. Standpunktet Dnk har teke i homofilisaka svekkar deira økumeniske handlekraft. Dei har sekretariat, men dei veksande kyrkjene vil ikkje snakka med dei.

Med standpunktet Dnk har teke i homofilisaka, har dei mista sine beste moglegheiter til å ha samkvem med andre kyrkjer. Ei stadig meir sekularisert kyrkje som Dnk, misser tillit hjå andre religionar og.

Den gryande interessa for å studera Hans Nielsen Hauge kan vera eit vårteikn, reising av kristne helse- institusjonar, private skular og universitet er det framtid i.

På ruinane av det liberale skadeverket til Sturla Stålsett og hans mytteristar, vil det reisa seg nye kyrkjer, som samlar truande om Guds Ord. Vi ser allereide nokre friviljuge kristelege organisasjonar organisera kyrkjer.

Vi lyt gjera som pinserørsla, studera kristne samlingar og gudstenester i heimane, i oldtida og gjera som dei. La oss bruka kyrkjer, bedehus og heimar til å samla truande menneske, for å evangelisera nær oss og til endane av Jorda.

Det er ikkje nasjonalstaten som vil bera denne utviklinga, men bibeltru kristne i internasjonal forbrødring. Olav den heilage måtte tru utan å sjå. Bak liding og nederlag venta evig liv for Olav Den Heilage, og gode resultat i Noreg, hundreåra etter hans død, trass i hans mange feil.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Olavsvekkinga kom med lækjedom i fleire andre land, og Kristus-glede. Som stiklestadfylkingane, lever me og i eit tidskifte mot 2030, tusen år etter!

Kva skal me feira ved det jubileet? Dette jubileet gjeld, berre så det er sagt, alle kristne i Noreg.

Førebuing til tusenårsfeiring bør for Dnk heller vera å falla på kne for Gud og be om tilgjeving! Grimkjell og hans kyrkjemenn forsto at dei starta ved eit nullpunkt.

Det hadde vore betre om Dnk sine kyrkjemenn og kvinner hadde innsett at vi er svært nær eit nullpunkt, då ville dei ha falle på kne for Gud, som Grimkjell, medarbeidarar og mange nordmenn som hadde vore med om å drepa Olav den Heilage.

Åpen folkekirke har lukkast i å ta kvar einaste ein av dei tolv biskopane som gissel. Dei har vunne kyrkjevalet 2015. Dnk vil dei styra ved at dei har vedteke liturgi for samkjønna vigsle.

Trur nokon at desse vil skapa åndeleg liv i kyrkja vår, slik at vi i god skikk kan samlast til feiring i 2030? Dei har sett seg utover Bibel og vedkjennings-skriftene, forlate normen kyrkja skal byggja på.

Eit fleirtal ved eit kyrkjeval har ingen legitim rett til å setja Bibel og vedkjenningsskrifter ut av spel i Kristi kyrkje. Leiarar i Dnk talar om ei folkekyrkje som ikkje finns, dei skulle heller oppmoda folk om å lesa Matt. 7. 13-14: «Gå inn gjennom den tronge porten!

For vid er porten og brei er vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den. Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kvar gong ein prest i Dnk vil vigsla inngåing av samkjønna samliv, må ho eller han fornekta det NT og GT seier og dermed det Jesus Kristus seier. Mange som kallar seg hyrdar, vil gjera porten vid og vegen brei, men Jesus fortel oss klart kvar den vegen fører oss.

Dette er åtak på kyrkja, som Bondehæren sitt åtak på Heilag Olav. Båtbyggjar Torstein Knarresmed og Kalv Arneson hogg Heilag Olav med økser, Tore Hund stakk spyd under brynja. Kongen fall under fana: «Fram, fram, kristmenn, krossmenn, kongsmenn!»

Tore Hund var den første av motmennene til å hevda at Kong Olav var heilag, seier Snorre. Bondehæren og Tore Hund angra si synd. Dei opplevde det grufulle i at fleire tusen menneske frå heile landet hadde gjort dette.

Angeren skapte grunnlag for Dnk! Me lyt knela for Den Treeine Gud, i anger over ulydnad mot Gud, i omvending frå synd, i tru på Kristus!