TAKK: Lars Gaute Jøssang (i midten) innleia i går til debatt om hovudstyret si treårsmelding. Etterpå takka generalsekretær Øyvind Åsland (til høgra) Jøssang for innsatsen gjennom 18 år i hovudstyret, 9 av dei som formann. Til venstre i biletet ser vi Marit Jøssang, kona til Lars Gaute.

«Sendt til en forandret verden»

I vår teneste, i vårt arbeid er det avgjerande at Han går med, at Han bygger «NLM-huset». For utan Han kan me djupast sett ingen ting gjera. Må me få eiga nærveret hans, nåden og signinga frå himmelen, også i tider som måtte koma.

«Våre gamle misjonskart stemmer ikke lenger», skreiv generalsekretær i Det Norske Misjonsselskap, Odd Bondevik, i 1989. Det var forresten året då Berlin-muren fall.

Det vesle heftet han gav ut hadde den karakteristiske tittelen « Sendt til en forandret verden».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Alle piler går ikke fra Norge til ulike deler av verden. Misjonærer sendes også fra Latin-Amerika, Afrika og Asia». Og så la han tankevekkande til, «Misjonsmarka er like mye i Europa som i fjerne land». Bondevik peika på noko nytt og heilt grunnleggande.

På 1800-talet blei det i Vesten etablert mange misjonsselskap som sende ut misjonærar til «heidningland». Denne misjonsvekkinga nådde også Noreg, og førde mellom anna til at Kinamisjonsforbundet/Misjonssambandet blei til. Modellen «ute» var i mange år integrerte misjonsstasjonar med kyrkje, skule, sjukehus/helsestasjon, bustadhus og anna i meir og mindre unådde området.

Arbeidet bar frukt, mange blei kristne og nasjonale kyrkjer voks fram. I dag er det dei nye kyrkjene i sør som fører an i verdsmisjonen. Mange av dei er prega av vekking, vekst og tydeleg teologi. No sender dei misjonærar, også til eit åndsfattig og avkristna vesten.

Desse endringane har også gjort noko med ytremisjonsarbeidet vårt. I staden for å driva eit eige og sjølvstendig arbeid, handlar det no i mykje større grad om å spela på lag med og «gå saman med» med dei nasjonale kyrkjene. Meir enn før har me blitt ein «hjelpa te»-misjon, og har med det, frå ei side sett, fått ein meir tilbaketrekt rolle i arbeidet.

Ved å overlata arbeidet til nasjonale kyrkjer, kan me gå vidare med evangeliet. Dei minst nådde er i hovudsak i muslimske land, lukka for tradisjonell misjon. Ved å skaffa seg opphaldsløyve, ha eit vanleg arbeid, læra seg språk og kultur, bygga relasjonar og venskap, er det likevel råd for utsendingane våre å nå ut også i slike land.

I den samanheng har også ulike samfunnsbyggande og diakonale prosjekt tor betydning. Ofte er det tale om eit krevande, langtekkeleg og til tider risikofylt arbeid. Men skal folket bli nådd med evangeliet, har me ikkje noko val. Me må gå.

Treårsmeldinga gjev godt innblikk i misjonsarbeidet, både det opne og støttande og det meir skjulte. I forhold til overordna strategiar og handlingsplanar er me omtrent der me skal vera. Misjonærtalet ligg stabilt på rundt 130.

NLM har mange flotte utsendingar, kvinner og menn, unge og gamle som gjer eit framifrå arbeid. Dei må me takka Gud for. Så er det vårt ansvar å støtta og hjelpa dei med bøn, omsorg og pengar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me er eit misjonssamband med «Verda for Kristus» som motto. For ei tid sidan las eg noko som verkeleg tok meg. Det var ein som fortalde om dei små menighetene i slummen på Filippinene. Dei fleste av medlemmene er lutfattige, og kyrkjene så primitive og enkle som det omtrent går an.

Likevel er dei kristne opptekne av å nå ut med evangeliet. For å visa dette har dei hengt verdskart på veggene i kyrkjene sine. Så kvar gong dei kjem saman, ser dei kartet og blir minna om ansvaret sitt. Me treng slike kart me også.

Millionar av menneske er på flukt frå krig, miljøkriser og korrupte og totalitære styresett. Dei søker eit betre liv og trur at det finst i Europa, og legg i veg i enkle farkostar over Middelhavet. På 1800-talet for mange nordmenn over Atlanteren for å søka lukka «over there».

Mange av flyktningane kjem frå land der me har arbeid. Nokre av dei er kristne, men langt dei fleste er ikkje det. Det betyr enkelt sagt at misjonsmarka har kome til oss, med alle utfordringar og moglegheiter som det rømer.

Misjonssambandet har i mange år drive med ulike former for innvandrararbeid, og eit stort og omfattande arbeid har blitt lagt ned. Og ikkje få har blitt kristne. Men her har me meir å gå på.

Slik det har blitt er det mindre meiningsfullt å trekka eit skarpt skilje mellom arbeidet vårt ute og det me har her heime. Aktivitetane er i ferd med å gli over i kvarandre. For å fanga opp den nye misjonssituasjonen vil me framover i større grad sjå ytremisjonsarbeidet og indremisjonsarbeidet under eitt.

Det betyr i første omgang at det blir laga ein ny og felles strategi. HS (hovudstyret, red. merk.) trur at det er på høg tid at det blir gjort, og me har store forvetningar til kva ei slik integrert tilnærming kan føra til.

Arbeidet i Noreg er i endring. Me har gått frå krinsar til regionar, og eit systematisk forsamlingsarbeid har fått ein mykje større plass enn før. At det har fått ein viss kyrkjeleg karakter, er også klart.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På bakgrunn av utviklinga i Den norske kyrkja og i deler av arbeidet vårt, er dette på mange måtar ei naturleg og rett utvikling. Samstundes er HS oppteken av at dei små fellesskapa, misjonsforeiningar, lag, bibelgrupper og andre felleskap ikkje har utspelt si rolle.

Det er behov for både små og store fellesskap. Det avgjerande er at ein kjem saman for å oppbygga kvarandre, hjelpa einannan på himmelvegen, dela «nytt» og be for arbeidet vårt. Det er fint med tilreisande forkynnarar og misjonærar, men ein må ikkje gjera seg avhengige av dei.

Eit berekraftig arbeid føreset at du og andre i veneflokken, forsamlinga eller foreininga, tek ansvar for praktisk tilrettelegging, andaktar, misjonsinnslag med meir.

HS er oppteken av at forkynninga må ha ein sentral plass i arbeidet vårt. Trua kjem av forkynninga, seier Bibelen. For den enkelte og arbeidet vårt er det avgjerande at det blir bore fram ein bibelsk bodskap, med vekt på synd og nåde, lov og evangelium, og jordnær og aktuell rettleiing om det kristne livet.

Forkynninga må ha forankring i Guds ord, men også ha føling med det som rører seg i folket. Me må be for forkynnarane våre, dei omreisande emissærane, områdearbeidarane og forsamlingsleiarane eller pastorane våre. Ver gjerne med å be fram nye nådegåver.

Me har mange barnehagar og eit omfattande skulearbeid. For misjonen er det viktig å gje barn og unge noko godt for livet. Dei minste skal oppleva det trygt og godt å gå i barnehagane våre. Elevane på skulane våre skal læra noko, å få god ballast med seg.

Det går på fag og læring. I møte med medelevar, lærarar og andre tilsette vil me også at dei tileignar seg god sosial kompetanse. Aller mest vil me at barna og dei unge i samlingsstunder, i undervising, på andaktar, i bibelgrupper og i møtesamanheng får med seg noko av æveverdi. Eit møte med Herren Jesus... til tru og teneste…

Me er ein stor organisasjon med mange tilsette og frivillige. For at dette skal fungera er ein anstendig og respektfull omgang med kvarandre viktig. Bibelen har mykje å seia om det. Ikkje minst er det mange formaningar til leiarane om å vandra varleg. Samstundes er det behov for klare linjer og tydelege ansvarsforhold, prosedyrer og retningslinjer som konkretiserer kva som er akseptabel åtferd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ei overseksualisert tid er det lett å fell i freisting. Men om tidsånda dreg i ei slik retning er det likevel inga unnskyldning for å gå over streken. Bibelen og «samfunnet» (i det minste i lovverket) er tydelege på kvar grensene går. Treårsmeldinga fortel at dette er eit problem for oss.

NLM kan aldri akseptera grenseoverskridande seksuell åtferd. Førebyggande arbeid både på det åndelege/mentale og på det organisatoriske-institusjonelle planet er viktig. I den siste treårsperioden har det hatt høg prioritet hjå oss.

Misjonssambandet står på mange måtar ved ein krossveg. Eit spørsmål går på kor mykje organisasjon og rørsle me skal vera, og kor mykje kyrkje me skal vera. Korleis ytremisjonsarbeidet og indremisjonsarbeidet vårt skal tenkast og byggast saman er eit anna felt.

Her går inga bein linje frå «teori» til praksis. Og korleis skal me som misjonsfolk overleva i eit samfunn som meir og meir vik av frå Guds ord og vilje? Her er mykje å grunna på og tala med kvarandre om.

I 2 Mosebok 33 og 34 møter me Israelsfolket i ei djup åndeleg krise. Etter ei spektakulær og underfull utfriing frå Egypt, vende folket seg mot avgudane. At den høgt betrudde Aron gav etter for «folkekravet», er meir enn tankevekkande.

Men i denne ytterst krevande situasjonen viste Moses seg som ein stor åndeleg leiar. Det var som Gud ville gje opp folket sitt, men Moses tok ansvar og stilte seg i gapet. Han måtte inn i fortrulege samtalar med Herren. Gjekk ikkje Gud med, ville han ikkje gå vidare. Og slik blei det.

Samstundes bad Moses om eit nytt møte med Herren. Han måtte få sjå herlegdomen hans, og bøna blei høyrd. «Sjå, her tett ved meg er det ein stad, stå der på fjellet». Så steig Herren ned, gjekk forbi andletet hans og ropa: «Herren, Herren er ein miskunnssam og nådig Gud, langmodig og rik på nåde og sanning». (2. Mos 34:5-6).

I vår teneste, i vårt arbeid er det avgjerande at Han går med, at Han bygger «NLM-huset». For utan Han kan me djupast sett ingen ting gjera. Må me få eiga nærveret hans, nåden og signinga frå himmelen, også i tider som måtte koma.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Advarte mot å stemme på ansatte
Les også
Evne og vilje til målrettet satsing
Les også
Trur Misjonssambandet slår seg saman med Indremisjonsforbundet
Les også
Tårer til frelse
Les også
Nå peker pilene oppover
Les også
Samlet om veien videre