«Om livets to utganger»

Ingen av dei argumenta og tilvisingane som Olav H. Kydland listar opp 16. oktober rokkar ved påstandane mine om fortaping og tilinkjesgjering.

Han argumenterer ut frå to grunnføresetnader som ikkje har berekraft når det gjeld våre førestellingar om tilveret etter domen og tidsavslutninga.

Ingen av tilvisingane tek omsyn til englebodskapen i Op 10,6 der engelen forkynner: «Tida er ute». Det finst ikkje lenger tid. All argumentasjon, ordbruk og alle førestellingar som er knytt til vår tidsdimensjon/tidshushald må leggjast bort.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Att står det som må tolkast inn i det nye tilveret: Æva. Og då blir det eintydig: «Alt det gamle er borte», «øydelagt», «som agner i vind», «finst ikkje meir».

Å lesa bibelomsetjingane ut frå førestellingane om at «æva er ei lang tid utan ende» er ikkje truverdig. Æva er ein ny dimensjon, Guds eige tilvere, som me ikkje har ord til å forklara eller gi meining. Me må forkasta dei falske førestellingane om at det er «ei tid som aldri tek slutt».

Alle bibelorda som tolkar æva inn i vår tidsdimensjon blir misvisande.

Den andre føresetnaden som villeier er når ein ikkje skil mellom tilstanden i dødsriket og tilstanden i himmel/helvete. Dødsriket er korkje himmel eller helvete, men ei forvaring inntil enden. Jesus sa: «Eg går bort og reier til ein verestad åt dykk – og kjem og hentar dykk, og de skal vera hjå meg …»

Det har ennå ikkje skjedd. Himmelen er ennå ikkje innflytningsklar og helvetet ikkje oppretta. Det skal skje etter Domen. Då skal alt det vonde: Satan og hans englar, alle dei gudlause, Døden og Dødsriket bli kasta i Eldsjøen – der alt blir brent opp og tilinkjesgjort, - Den andre døden.

Kva kan Den andre døden vera utan eit totalt utsletta ikkje-liv, - tilmed ute av Guds auge?

I daglegtalen heiter det: «han gjekk ut av tida», når nokon døyr. Det er truleg rett, for i dødsrikesøvnen er tida stilleståande, æva har begynt.

Historia om Den rike mann og Lasarus skildrar ikkje himmel og helvete, men ulike plassar/tilstander i Dødsriket. Poenget er ikkje å skildra korleis det er der, men at det er for seint å styra seg inn mot himmelen når du har forlate livet her på jord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jesu poeng er å fastslå at ikkje noko mirakel kan omvenda dei som ikkje vil tru på Moses og profetane. Oppfyllinga av den profetien kom då Jesus mirakuløst stod opp frå dei døde – men få trudde og vende om.

I erkjenning av desse to føresetnadene må kyrkja si lære omskrivast. Det er innlysande at vår forståing av tekstane og jamvel Augustana, ikkje kan konkludera med: «… evig pine: – ei tid utan ende.»

Op 14,11: «...røyken frå pinsla deira stig opp i all æve... har ikkje ro natt eller dag»… Her er det openbert brukt metaforar frå vårt tidshushald/dimensjon som ikkje er gangbare lenger. Ein kan ikkje byggja ein teologi på slikt som opplagt er billedtale og symbolforteljing.

Mitt syn er korkje moderne eller liberalt, og ikkje i motsetnad til at livet har to utgangar: Ein til den evige sæla i Paradis, og ein til evig død og undergang, som er tap av alt som heiter liv og sjel og borte for «alltid» i ei tidlaus æve.

For når ein les Bibelens mange ord om dødsriket, dom, endetid og æva, og ikkje dreg med seg det av heidensk arv, tradisjon og visse kyrkjefedre har lagt til av villeiande lære, står me att med Bibelens klåre bodskap: Dei gudlause er fortapte, livlause, umedvitne, - borte frå alt tilvere. Ikkje eingong Gud ser dei, for alt er nyskapt og det vonde «finst ikkje meir»

Dei to bibelorda som set alt på plass er Jesu eigne ord i Op 10,6 og Paulus utsegn i 1.Kor 13,5. Dei kan ikkje misforståast eller omtolkast: «Tida er ute» og «Gud gøymer ikkje på det vonde».