BIBELSKOLE: «Eg veit at elevar som har gjort seg gjeldande i etablerte bedehusforsamlingar med sin bodskap, skaper mykje uro og forvirring,» skriver Åslaug Vevle. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Det er Ordet som skaper tru hjå oss, ikkje lausrivne tankar om Gud

Author picture

fredag 27. april 2018

Kristenliv

Kva lærer Veien bibelskole om vår natur, om synd og om nåden? Kunne det gjevast korte og greie svar på det?

Ope brev til Veien Bibelskole og lærar Sverre Skilbreid.

Etter å ha lese ein del av andaktane til Sverre Skilbreid i Dagen, må eg berre seia: Eg finn ikkje røysta til den gode Hyrdingen der. Det er for mykje diffus tale, og ofte er der ingen bibelord.

Eg vil særleg dra fram andakten frå 24/2, der det mellom anna står: «Men du i ditt kristenliv er tryggest om du ser inn i Guds ansikt.»

Korleis kan vi sjå inn i Guds ansikt utan å bli vist til Guds ord? Kvifor viser du ikkje til aktuelle bibelord? Sjølv tenkte eg straks på Hebrearbrevet, 1.v.3, der det står om Jesus: «Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord».

Vi kjenner alle uttrykket: «Han er sin fars uttrykte bilde». Om Jesus er dette utdjupa gjennom King James sin Bibel, (utgåve frå 1611) der det står i same verset frå Hebrearbrevet, at han (Jesus) er det uttrykte biletet av hans (Guds) person. På engelsk: «the express image of his person».

Dette ordet fortel meg at det er einast Jesus som viser oss Guds sanne ansikt. «Eg og Faderen er eitt», seier Jesus i Joh.10,30. I same kapitlet står det at mine sauer høyrer mi røyst. (v.27)

Det er Ordet som skaper tru hjå oss, ikkje lausrivne tankar om Gud.

Eg vil og spørja Veien Bibelskule om følgjande: Oppfordrar de elevane dykkar til å gå inn i etablerte bedehusforsamlingar, til dømes?

Eg veit at elevar som har gjort seg gjeldande i etablerte bedehusforsamlingar med sin bodskap, skaper mykje uro og forvirring. Dersom de lærer at dei ikkje treng å førebu seg til andaktar, men at dei berre kan «lasta ned frå himmelen» det dei får i same stund, så er dette svært urovekkjande. Dei har heller ikkje teke korrigering frå eldre personar, om ting som ikkje stemmer med Bibelen.

Heimesidene dykkar fokuserer ikkje på Guds ord og lærdomen derifrå, som det viktigaste. Det ser ut til å koma i andre rekkje. Det er først «lovsang, bønn og betjening» i starten på dagen. For aller først kjem setninga: «Vi på Veien Bibelskole tror at det å erfare Gud og hans nærvær i hverdagen er det viktigste i kristenlivet».

Det høyrest fint og godt ut, men er dette det viktigaste? Det er litt luftig og i høgste grad subjektivt. Vi lever i ei tid der det er fokus på opplevingar. Men gjer vi opplevingane til norm for kristenlivet vårt, og ikkje Guds ord, kjem vi snart på avvegar.

Ut frå det eg har fått vita, er det lagt vekt på forbøn for unge som det viktigaste, for at dei skal få erfara Guds nærvær og at «det funkar», som det heiter i dag. Og det utan at dei unge som er der, har nokon kjennskap til dei grunnleggjande tinga i Guds ord.

Det skal profeterast over dei og bedast, og det skal spørjast om personlege ting i liva deira. Dette er ikkje anna enn overgrep. Å ta seg til rette er ikkje Jesu vesen og hans sinnelag.

Eg har høyrt at Veien- elevar har teke seg til rette med ei framferd som lett skader evangeliet og Guds sak. Det er på fruktene ein kjenner treet. Resultatet er at dei unge held seg vekke, for det er blitt for utrygt å vera der.

Det er alvorleg og heilt sikkert slikt som Veien ikkje kan vera bekjent av.

Den Heilage Ande si gjerning er først og fremst å peika på Jesus.»Sjå, der Guds lam, som ber verda si synd!» sa Johannes døyparen, den første vi veit om som evangeliserte.Han viste til Jesus som ber verda si synd. Joh.3.

Å få syndene sine tilgjevne er det viktigaste i kristenlivet, og det er å gå over frå døden til livet! Er ikkje det gledesgrunn nok, og grunn til takk kvar dag, så veit ikkje eg! Dette er vi sett til å gje vidare! Vår kristne vekst skal alltid vera nedover: «Han (Jesus) skal veksa, eg skal minka». 1.Kor.1,30

Kva lærer Veien bibelskole om vår natur, om synd og om nåden? Kunne det gjevast korte og greie svar på det?