Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Sluttreplikk til Oftestad og litt til

lørdag 2. desember 2017

Kristenliv

Personleg meiner eg framleis at folkekyrkja og sjølvstendige organisasjonar er tenlege reiskapar. Eg støttar difor både sjølvstendige organisasjonar og biskopar, prestar og andre som trufast står på sin post i folkekyrkja.

Professor Oftestad held fram med sine kommentarar til meg. Den siste artikkelen 27.11. inneheld eigentleg ikkje noko nytt. Men sidan han tillegg meg konsekvensar som eg ikkje finn meg konform med, så tillet eg meg å koma med ein sluttreplikk.

Eg konstaterer igjen at Oftestad og eg har tydeleg ulik forståing både av kyrkjesynet, embestsynet, tilsynsinnhaldet og kyrkjeretten generelt og knytt til CA spesielt.

Med hans logikk må det tyda at han forsvarer og står inne for alt det som den katolske kyrkja læremessig står for, og alt det som den til kvar tid regjerande pave, kardinalar og prestar praktiserer både i kyrkjelæra og regimentsblandinga med paven som både Peters ufeilbarlege etterfølgjar og statsleiar i Vatikanstaten. Vel, han om det. Eg er lukkeleg over å vera lutheranar.

Eg har i andre samanhengar i Dagen skrive at eg greier ikkje følgja biskopane til døra om kyrkjeleg einskap i høve til CA 7 når det gjeld homofilisaka.

Eg har ikkje endra teologisk ståstad. Men eg har lagt til nokre moment. Eg har aldri venta at stats- og folkekyrkja gjennom historia kunne fullt ut tilfredstilla CA 7. Eg tenkjer i så måte som (Vestlands) leiarane i Calmeyergatens misjonshus 1920. Difor har eg sagt at eg synest biskopane ut frå situasjonen kom med ei klok løysing i vigselsaka.

Eg har aldri brukt Hope si stilastenking, sjølv om eg forstår hans premisser brukt både om kyrkja og organisasjonane. Eg meiner at Den lutherske vedkjenninga gjev høve til å byggja lokalkyrkja slik at det best mogeleg tener evangeliet i folket.

Her kan vi gjera ulike val. Personleg meiner eg framleis at folkekyrkja og sjølvstendige organisasjonar er tenlege reiskapar. Eg støttar difor både sjølvstendige organisasjonar og biskopar, prestar og andre som trufast står på sin post i folkekyrkja. Eg kjenner deira nød.

Professor Hallesby (i si sedelære) talar om elipsen som kyrkjeordning - med embetet i kyrkja og evangelisten i bedehuset. Sjølv har eg gjort greie for (i boka Bedehuset -heim og misjonsstasjon) ei anna forståing av elipsen – nemleg at vedkjenninga gjev oss både forsamlingsrett og rett til bruk av nådemidlane i begge hus.

Difor er også mitt håp at organisasjonane brukar denne retten i folkekyrkja til gagn for Guds rike i folket vårt. Det er ikkje først når ein etablerer eit kyrkjerettsleg nytt kyrkjesamfunn ein har bruksrett til nådemidlane.

Det har vore ein del spørsmål om valkyrkjelydar. Forstår at folk i folkekyrkja som ikkje kjenner seg heime i bedehusland, kan ha bruk for det. Men ut frå den ”vestlandske” lekmannsrørsla si kyrkjeforståing er det ikkje nødvendig.

Eg respekterer samvitsfridomen og ulike kyrkjelege val. Difor sytte eg for ImF trusamfunn. Men sidan ein del nå har teke til orde for ei felles ny luthersk frikyrkje, vil eg uttrykka håp om at ikkje bedehusrørsla går med i det. Då vil dei tapa si sjel, og svikta sitt historiske misjonskall i folkekyrkja.

Sidan mykje av dagens kvasse teologiske ordskifte dreier seg om synet på homofilt samliv, må eg leggja til. Vi må gjerne vera tydelege i vår argumentasjon, men vi bør vega våre ord nøye.

Vi må ikkje gløyma at det er menneske det gjeld - vi må ikkje snu ryggen til den smerte både homofile/lesbiske og deira familiar strir med. Det ansvaret har vi alle som ytrar oss i det offentlege rom - ikkje minst vi som har ei restriktiv teologisk forståing av deira samliv.