ÅNDELEG SAMFUNN: Kvar skal ein gå for å finne det åndelege samfunnet som kan føre til vekking og liv, spør Myklebust.

Rykk tilbake til start

Kan vi sjå konturane av at dei ulike misjonsorganisasjonane kan gå saman i eitt og same bedehus og finne saman slik som i den første tida?

Dei evangelisk-lutherske organisasjonane slit med tilgang både på medlemer og økonomi. Bedehusflokkane minkar. Å finne folk på lokalplanet til å ta ansvar for styra i misjonane, er ikkje lett. Bedehusfellesskapa vert kløyvde, ein søkjer å skape sine eigne forsamlingar. Når ein så opplever at kyrkja driv bort frå klassisk evangelisk-luthersk lære, tømest gudstenestefellesskapa. Kvar skal ein gå for å finne det åndelege samfunnet som kan føre til vekking og liv heime og ute ?

NLM har lagt bak seg ei stor og sterk generalforsamlinq. Tilsynelatande utan for mørke skyer i horisonten, om enn gåvetilgangen viser tilbakegang. Normisjon si generalforsamling viser stor raude tal i gåveinntektene dei siste åra. Båe organisasjonar har misjonsstrategisk satsa på lokale (eigen)forsamlingar og har åpna opp for eigne trussamfunn for slike som ikkje lenger vil stå i vår kyrkje. Kva er det som er i ferd med å skje ?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Får vi ei kyrkje der lek/misjonsfolket for indre- og ytre misjon ikkje fin seg tilrette i, eit folk som etter trauste haugianske råd og seinare støtta av både av lekfolk og prestar, har hatt sitt sjelevinnarkall i folket vårt: I kyrkja, men ikkje under den? Frå husmøte til fellesskap i bedehusa braut vekking og liv og misjonskall, og ein organiserte seg i sine sær-kall, utan å bryte ut av venesamfunnet. Men i dei 20-30 siste åra har vekkingane stilna, men prestar og lekfolk har prøvt å dele gudstenestelivet og venesammfunnslivet i barne og ungdomsarbeid, song og musikkarbeid, misjonslag for ikkje å snakke om diakonalt engasjement og reising av barnehagar og skular på alle nivå.

Og lat det seiast: Organisasjonane her prøvt å omstrukturere seg for å «sikre seg». Fleire stader har det lukkast med eit blomstrande gudsteneste- og forsamlingsliv. Frimodig kyrkje held opp og fram dei evangelisk-lutherske sanningane og manar til ansvar og engasjement som bolverk mot den frie- og liberalistiske «teologien» som svekkar åndslivet i kyrkja.

Sentrale leiarar i ulike organisasjonar åpner no for å gå saman att, (LG Gjøssang i NLM og E Furnes i ImF) ikkje berre tenkje på «seg og sitt», men ser at å styrke fellesskapet om indre og ytre misjon, «tvingar» seg fram. Og ein treng ikkje 10 bedehus i 20 km omkrins. Kan vi sjå konturane av at dei ulike misjonsorganisasjonane kan gå saman i eitt og same bedehus (rundt om i by og bygd), finne saman slik som i den første tida?

Misjon vart skapt i fellesskap om heimemisjon som vaks fram i dei første husmøta og bedehusa, mange stader saman med presteskap som såg at her er kjernen også i eit godt gudstenestefellesskap. Biskop Nordhaug i Bjørgvin trekte fram dette i si tale ved 950-års jubileet for vår kyrkje under Seljumannamessa i sommar. Kva hadde kyrkja vore utan eit levande lekfolk?

Les også
Millionunderskudd i Normisjon
Les også
Én av fem er skeptiske til kristne
Les også
Verver medlemmer til mini-trossamfunn
Les også
– Kirken har vært for beskjeden med helbredelser
Les også
Feiret Bjørgvin bispedømmes 950-årsdag sammen med dronningen