Ja til livet

Takk til Kristen-Koalisjonen Norge, Norge Idag, evangelist Svein-Magne Pedersen (gratulerer med dei 70 år), Dagen, og mange andre som på nytt stiller seg fram for menneskeverdet frå unnfanging til naturleg død.

«Mamma, la meg leve» er eit fornya hefte Pedersen gir ut. Pedersen vil vi skal be til Jesus om alle ting, også om liv, helse og legedom. Godt at alle Kristus-truande i Jesu namn har direkte adgang i bønn til Far i Himmelen.

Og så må vi heile tida hugse at Herren vil vi skal vere der han er. Ingen har nådegåve eller åndeleg makt over Guds eigen vilje. Ingen kan forandre Guds Ord om at dagane våre er talde. Ingen kan legge ei alen til si livs lengde, seier Skrifta. Men vi har bøneretten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

La oss ikkje gløyme kampen som Børre Knudsen og mange med han kjempa for det ufødde livet. Han fekk betale dyrt for det, slik andre også måtte.

Det er skremmande å høyre yngre politikarar som no kjempar for sjølvmord mellom eldre og sjuke som ein menneskerett. Ja, til og med ein ungdom må kunne avslutte sitt eige liv om ein ikkje vil leve lenger, seier nokon. Vi hugsar nazi-ideologien, at dei som ikkje passa inn i samfunnet skulle bort. Den endelege løysinga samfunnet la opp til («Lôzungen» av jødane og mange andre).

Og så må vi få nye frimodige folkerørsler for det naturlege samlivet mellom mann og kvinne. Etter naturretten og skaparordninga. Etter Bibelen, Den heilage Skrifta. I Inge Lønning si ånd, rektor på UiO, professor og representant for Høgre på Stortinget. To av same kjønn kan aldri bli eit ekteskap, sa han. Tenk at hans eige parti svikta han så grovt!

La oss oppmuntre folkerørsler for skaparordninga av mann og kvinne saman med ny kamp for barnet i mors liv. Politikarane seier det neppe høgt at vi treng erstatning for dei 14–15.000 barna som blir tekne av dage i mors liv kvart år her i landet.

No må politiske parti som elles er så opptekne av menneskerettane kome på bane for menneskeverdet også i eige land. Eller stikk dei hovudet i sanden og snakkar bare om dei fattige og forkomne langt der ute i andre land?