Ja, me kan velsigna kvarandre

Dei lokale forsamlingane er så forskjellige, og jobbar under ulike vilkår. Difor er det viktig å tenkja differensiert om forsamlingsarbeidet. Det som er rett for ei bygd, er kanskje ikkje det beste for ei anna. Mangfald er eit nøkkelord.

I eigen samanheng arbeidar me med satsingsområde for dei neste åra. Forsamlingsbygging er eit av tema. Me veit at ulike tankar dukkar opp når ordet blir nemnt. Ordet forsamling er eit gresk ord som i vanleg samanheng betyr folkeforsamling eller «dei som kjem saman, fordi dei er kalt ut/saman». Sjølv tenkjer me vidt omkring temaet.

Me ynskjer å vera ressurs inn mot forsamlingsbygginga lokalt. Det gjeld støtte både til dei som ynskjer å gå i prosess mot sjølvstendig forsamling med eit fullverdig tenestetilbod til sine medlemmer, og dei som ynskjer å stå i tettare samarbeid med Dnk eller andre – men som likevel er klar for å utvikla seg vidare.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire forsamlingar har ei spenningsfylt tid framfor seg. Kor går vegen? Korleis kan me møta kvarandre på ein god måte når meiningane er mange og ulike? Med Guds visdom og kjærleik til kvarandre kan vegen bli mindre smertefull. For mange i samanhengen vår er det kyrkje om føremiddagen og bedehuset om kvelden. Slik vil det også vera i framtida. Oppi dette er det viktig å kjenna litt til trendar og utvikling, ei utvikling som går sin gong uansett kva me måtte meina.

Kunnskap kan skapa forståing. Viktige spørsmål å stilla er: Korleis kan me vera livskraftige? Kva må til for å få neste generasjon med? Mange yngre ynskjer «alt» på ein stad, altså alle tenester i ei forsamling. Den neste generasjonen er viktig. Det er lettast å nå sin eigen generasjon med evangeliet, men den neste er viktigast for forsamlingsarbeidet. Dei mellom 20-40 år er nøkkelgenerasjonen. Dei føder barna me vil ha med oss vidare. Dei har også kontakt med besteforeldregenerasjonen. Om me vil ha ei fleirgenerasjonsforsamling, må me ha nøkkelgenerasjonen med.

Dei lokale forsamlingane er så forskjellige, og jobbar under ulike vilkår. Difor er det viktig å tenkja differensiert om forsamlingsarbeidet. Det som er rett for ei bygd, er kanskje ikkje det beste for ei anna. Mangfald er eit nøkkelord.

Det er i eige hus me kan påverka og få til vekst, difor ynskjer me å utvikla og satsa på dette arbeidet. Det betyr ikkje at me treng snakka ned kristent arbeid i andre samanhengar. Eg blir trist når dette skjer. Målet må vera å totalt nå fleire, og at fleire skal kjenna at dei har ei forsamling dei tilhøyrer; ein stad dei kan modnast og utfordrast, samt kjenna eit levande fellesskap. Det finst noko bra alle stader. Kvart kristent miljø har sine fordelar, men også fallgruver.

Me er ulike, har vakse opp i ulike samanhengar, og ynskjet er at kvar og ein må finna eit kristent fellesskap som dei kan kalla sin heim. Så difor: ja, me treng kvarandre og vil velsigna kvarandre!