Ordinasjon, nattverd-fellesskap og tilsyn

Author picture

mandag 20. november 2017

Kristenliv

Prof. dr. theol. Bernt T. Oftestad held fram med sine kommentarar til mi forståing av den lutherske kyrkjelæra, nå både med forsvar for si katolske embetsforståing og meir personleg angrep på min ordinasjon og sitt syn på biskoppeleg tilsyn og nattverdfellesskap. Eg innser det nyttelaust å diskutera vidare med han. Han katolikk og eg lutheranar er nok på to planetar i desse spørsmåla. Katolikken er ikkje mitt førebilete korkje når det gjeld kyrkjelære eller kyrkjeleg praksis. Eg har heller ikkje tenkt å ta fram alle katolske avvik frå klassisk luthersk teologi. Men la meg likevel svara vedkommande dei tre tema han nå tek opp.

Melanchton og medarbeidarane la fram si kyrkjelære på riksdagen i Augsburg. Dei meinte at det var i samsvar med den klassiske oldkyrkjelege læra, og difor burde møta semje frå sin motpart. Men dei katolske motstandarane i Augsburg forstod betre enn Oftestad tilsynelatande gjer, at dette var klart i strid med katolsk teologi. Difor kom dei med motskriftet. Å lesa katolsk kyrkjelære og embetssyn inn i CA, er difor ikkje tolkningsnøkkelen. Eg har beste faglege samvit for å la tysk og latinsk tekst forklara kvarandre.

Den lutherske ordinasjonen er ikkje meddeling av ein varig karakter som flyttar ordinanden frå det allmenne prestedømmet til ein ny (katolsk) embetsstand. Hovudpoenget er overgjeving av fullmakter (norsk kyrkjerett gjev ordinerte høve til ha desse fullmaktene generelt utan at det er «guddommeleg rett» som ligg til grunn), og forbønn relatert til konkret teneste. Difor er norske biskopar med «luthersk rett» restriktive med ordinasjon om ikkje kandidaten har konkret kyrkjeleg stilling å gå til. Eg er glad for at eg i 1971 (då eg sjølv blei ordinert) møtte ein biskop (Per Juvkam) med ein heilt annan teologi enn Oftestads katolske kyrkjelære. I ordinasjonssamtalen sa biskopen blant anna følgjande:

Det står i mitt reglement at eg skal spørja kandidaten om han har problem med noko i vedkjenninga. Eg svara slik: Vel, eg veit ikkje om det er eit problem, men eg må få seia følgjande: Eg skal altså etter planen ordinerast 27. juni i Bremnes kyrkje i gudstenesta om føremiddagen. Det er første ordinasjon i den kyrkja, og på Bømlo i det heile. Eg veit at det blir fullsett kyrkje og stor stas for folket. Reknar med at både biskop og folket meiner at denne hendinga er det største og viktigaste denne dagen. Eg – som altså skal ordinerast – er overtydd om at det viktigaste denne dagen er når eg om kvelden blir innsett i det konkrete presteembetet som res.kap. i Finnås kyrkjelydane. Biskopen svara kort med eit smil. – Er det ditt einaste problem, blir det ein fin søndag.

Når det gjeld nattverdfellesskap er eg korkje donatist (som krev retttruande utdelar) eller katolikk som ikkje deler nattverdfellesskap med andre enn katolikkar. Som luthersk kristen går eg til nattverd både i kyrkje og forsamling når nattverden blir utdelt i samsvar med det «guddommelege ordet» (CA). Ved nattverdbordet er eg i meg sjølv ein fortapt syndar som har bruk for Jesus. Eg slepp granska sidemannen eller kvinna sitt hjarteliv. Vi har fellesskap via fellesskapet med Jesus (slik koinonia uttrykker det). For meg er forkynninga i samsvar med Bibelen og vedkjenninga det avgjerande. Brukar eg så reformasjons-gudstenesta i Nidarosdomen som illustrasjon, ville eg altså med gleda ha delteke med nattverdbordet leia av preses (nå var det vel domprosten og Bjørgvin biskop som leia nattverddelen) – også i takksemd for hennar gode og verdige tale i den samanhengen. Dette er mi vurdering og har vore min praksis. Eg har forståing for at somme finn andre løysingar for seg. Men eg må tilstå at noko av argumentasjonen frå spesielt høgkyrkjelege for ikkje å dela nattverdfellesskap, for meg nærast synest å vera moderne form for donatisme.

Når det så gjeld biskopleg tilsyn, så veit eg at det tyder mykje for både katolikkar og meir embetsorienterte lutheranarar. Eg har mange gonger vore invitert inn i slike fellesskap og blitt spurt om eg ikkje ville seia frå meg tilsyn og be om alternativt. Vel, eg har svara kvar gong at spørsmålet byggjer på eit heilt anna embetssyn og ei anna tilsynsforståing enn eg nokon gong har hatt. Dersom biskopen vil undersøkja om eg lærer og lever i samsvar med Bibelen og våre vedkjenningsskrifter når eg utfører presteteneste – som eg har forplikta meg på – vil det berre vera ei sann gleda. Kort sagt – nattverdbordet er for meg ikkje skismamarkør ut over nattverdlæra. For ordens skuld bed eg til Gud for norske biskopar i mitt lønnkammer i deira krevjande teneste i vår kjære folkekyrkje, slik eg også bed for leiarane i våre frie og sjølvstendige misjonsorganisasjonar.

Sidan Oftestad meiner eg burde seia frå meg mine prestelege fullmakter, så er mitt korte svar at eg har ikkje kome på tanken. I Bjørgvin der eg bur, har vi forresten ein framifrå biskop. Nordhaug har ikkje minst vist det i reformasjonsåret.