GRAVFERD: Gunnar Kjøde var mellom dei som makta å stå trygt i si eiga tradisjon, samtidig som han også hadde eit klårt blikk utanfor eigen samanheng, skriv Tarjei Gilje. Fredag blei Gunnar Kjøde gravlagd frå Spjelkavik kyrkje. Sonen Rolf preika i gravferda.  Foto: Tarjei Gilje

Hjarteleg farvel med «sunnmørsbispen»

fredag 23. februar 2018

Kristenliv

Det er ei heil rørsle som ved Gunnar Kjøde sin bortgang blir minna om si eiga historie. Vekkingsforkynnarar og samfunnsbyggarar.

Ei fullsett Spjelkavik kyrkje i Ålesund tok fredag avskjed med «sunnmørsbispen» Gunnar Kjøde. Med han er ein av Indremisjonsforbundet sine fremste leiarar borte. Domprost Olav Gading i Molde, tidlegare sokneprest i Spjelkavik, fortalde at Gunnar Kjøde saman med kona Synneve også var blant dei mest trufaste gudstenestedeltakarane i kyrkjelyden.

Han omtalte Kjøde som «Indremisjonsleiaren, føregangsmannen, brubyggaren, forbedaren, familiemannen og ikkje minst kyrkjevenen». «Det var ikkje utan grunn at han fekk nemninga sunnmørsbispen», konstaterte Bjune.

I mangeårig Dagen-journalist John Solsvik si bok «Sunnmørsbispen» fra 1994, skriv Kjøde sjølv i forordet: «Eg fekk mi teneste i ein rik bolk i vår indremisjonssoge. Gjerningane låg ferdige, og utfordringane var mange.»

Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet fortalde i sitt minneord om barne- og ungdomsarbeidet Kjøde var involvert i alt på 1940-talet, og om korleis han sjølv fekk ta imot hjelp og støtte frå forgjengaren då han var krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon. Furnes påpeika at Kjøde fekk vere leiar både i blomstringstider med vekking, og i tider då pilene peika nedover.

Gunnar Kjøde vokste opp i ein kristen familie, men kom på avstand frå Gud tidleg i tenåra. Han visste med seg sjølv at han levde eit dobbeltliv, «der trua på Gud eigentleg kom i andre rekkje», fortel John Solsvik. Men Gunnar blei med faren til Kirkenes for å bygge bedehus i samband med vekkingstider der.

Der fikk han sitt møte med Gud sommaren 1939. Det skulle kome til å forandre mykje. Sjølv om han var den einaste ungdomen på bedehuset heime, fann han sin plass der. Etter eit år på Frikyrkja sin bibelskule i Stavern blei det forkynnarteneste i indremisjonen. Si siste preikeferd hadde han så seint som i 2015, heile 75 år etter at forkynnartenesta byrja.

 

BORTGANG: – Gunnar Kjøde har for meg alltid vært Indremisjonen personlig. Først og fremst var han en varm forkynner som...

Posted by Dagen on Wednesday, February 14, 2018

 

Det er ei heil rørsle som ved Gunnar Kjøde sin bortgang blir minna om si eiga historie. Vekkingsforkynnarar og samfunnsbyggarar. Truande menneske som ville vere Ordet nær og menneske nær. Menneske som trudde på evangeliet si kraft til å reise menneske opp og gje nytt liv.

John Solsvik skriv om vekkingsmøta si tyding: «Heimar vart nye, folk utan von fekk livsmotet tilbake, misjonsgløden vart tent og mange misjonsforeiningar dukka opp i vekkingane sitt spor. Desse mange foreiningane er ei av fruktene som framleis eksisterer etter vekkingsmøta. Dei vart kulturberarar av dimensjonar som har sett djupe og varige spor etter seg i bygdene.»

Gunnar Kjøde var mellom dei som makta å stå trygt i sin eigen tradisjon, samtidig som han også hadde eit klårt blikk utanfor eigen samanheng. Han var rotfesta i vestlandskristendomen, men var samtidig i stand til å tenke nytt. Han snakka om storbymisjon alt tidleg på 1970-talet. Og han var oppteken av at indremisjonen ikke måtte stivne.

Dette sa han til Dagen i 1970: «Det er klårt at det ikkje finst nokon guddommelege liner for korleis arbeidet vårt bør drivast. Fåren for indremisjonen har kanhende difor vore at dei har køyrd seg ned i tradisjonelle spor og har hatt vanskar med å koma seg opp att. Fårleg er det også at ein lever seg slik inn i opplevingar frå fortidi, at ein stagnerer i dag. Ein kan ikkje leggja til grunn for det aktuelle arbeidet noko ein opplevde i tidlegare vekkingstider. Vi må alltid vera i rørsle, og møta tidi slik ho er.»

Mykje har endra seg sidan Gunnar Kjøde si teneste tok til. Det kan vere overraskande å sjå tilbake på korleis analysane frå fleire tiår tilbake lyder som eit ekko av ting vi les i dag. Vi forstår at det eigentleg er motsett - det er vi som lyder som ekko av det som har vorte sagt før. Då lyder Kjøde si utfordring desto tydelegare.

I Solsvik si bok sa Kjøde sjølv følgjande om indremisjonsarbeidet: «Vi har vorte predikantorganisasjonar, der svært mykje har dreid seg om predikanten. Resultatet er at forsamlinga har vorte passiv og manglar både initiativ og leiarar. Vi må få nådegåvene i funksjon att, sleppa fram eigne krefter og fostra fram hyrdar og leiarar innan forsamlinga som både får og tek ansvar.» Dette var aktuelt i 1994, men er ikkje mindre aktuelt i dag.

Aller viktigast er likevel det Gunnar Kjøde sa til sonen Rolf, då han for over to år sidan spurte han ville ta oppdraget med å preike under faren si gravferd. Du må forkynne om Jesus, hadde Gunnar Kjøde understreka.

«Slik kallar Gud også oss til å vite kven vi skal stole på og tru på i liv og i død», sa Rolf Kjøde i Spjelkavik kyrkje fredag. Han fortalte om ein far som var glad i både familie og vener, i både kultur og samfunn. Men, sa han: «Gunnar Kjøde var mest glad i Jesus». Og sonen opptrådte nærmast som evangelist då la til: «Kjenner du han?»