Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen/ NTB Scanpix

Jakttid på Bibelen og skapinga

tirsdag 19. september 2017

Kristenliv

Utviklingsideologien har i land etter land i Vesten fått til det kunststykke å gjere ekteskapet til ei ordning mellom personar, ikkje einsidig mellom mann og kvinne.

Utviklingsideologien har i land etter land i Vesten fått til det kunststykke å gjere ekteskapet til ei ordning mellom personar, ikkje einsidig mellom mann og kvinne. Det underlege er at kyrkjesamfunn etter kyrkjesamfunn fylgjer etter den same meiningslause, falske «ekteskapsideologien».

I teologien i dag er det vanleg å gjere dei 11 første kapitla i Første Mosebok til myter og legender overlevert frå heidenske religionar til jødisk religiøs tenking. Også såkalla «positive» teologar blir usikre og tve-synte overfor post-modernismen som ikkje finn noko sikker historisk kunnskap i Mosebøkene.

Difor har dei same «positive» teologane store vanskar med å tale om «Guds skaparverk» som objektive historiske sanningar. Då er det lettare å drøfte vitskaplege teoriar om verda sin alder i forhold til «naive biblisistar» som held fast på bibelordet som guddommeleg, trass i «magisterens ord». Og så prøve å henge ut kristne som les Bibelen slik den er gitt oss.

For nokre år sidan utgav Det norske Bibelselskapet ei bok som heiter: «Den store fortellingen». I dag blir den nytta på mange teologiske skolar, også biblisistiske. Her er mykje kunnskap. Men gjennomgåande i forklaringane til Det gamle testamentet blir det markert tvil på historisiteten av det som er utgjeve som historiske sanningar. Job, til dømes, er nærmast ein eventyrfigur. Jonas bok får karakter av ei morosam forteljing.

Profeten Jesaja har ikkje noko med profetiane frå kapittel 40 og utover, å gjera. Og Daniel; han kan ikkje ha sett dei syna som Daniels bok fortel han hadde. Sjølv skreiv eg eit svar til Bibelselskapet si bok som heiter «Den store sannheten».

Der tek eg opp ulike liberale syn og set dei i forhold til bibeltekstane. Truande og tenkjande kristne lar Bibelen tolke Bibelen. På same tid, har vel dei fleste eit avslappa forhold til dei mange ulike teoriane om naturvitskap.

Guds ord blir ikkje rokka av «dei lærde» sine mange tankar om verda. Men det er avgjerande for oss at det fins ein levande Gud som har skapt alt. Ja, det står at alt er blitt til ved Sonen. Og mennesket blei forma i Guds bilde som mann og kvinne, og Gud velsigna dei til å få barn saman.

Mannen skal forlate far og mor og halde seg til kona si, og dei to skal vere «eitt kjøt» (ahad basar). Det kan du ikkje vere med same kjønn; for denne einskapen viser til det intime seksuelle samlivet, til det sjelelege og åndelege i det fine som heiter ekteskapet mellom mann og kvinne. Og som Inge Lønning (H) sa: To av same kjønn kan aldri bli eit ekteskap!