Multipliserande leiarskap

Mange leiarar står i ei einsam teneste, og treng hjelp for å halde fram i det Gud kallar oss inn i. Ikkje minst vert dette aktualisert med ein meir tilspissa kyrkjesituasjon der vi opplever at bedehusa må ta eit meir omfattande ansvar enn før.

Neste helg samlast rundt 400 personar til ImFs nye leiarkonferanse. Eg vil kort nemne her kvifor vi har gått i gong med dette nye tiltaket, ikkje minst for å oppmuntre andre organisasjonar og kyrkjesamfunn til å gjere det same.

Det allmenne prestedøme er blitt løfta fram som ein berebjelke i det frie lekmannsarbeidet. 1. Pet 2:9-10 løftar fram det som for oss er ei lågkyrkjeleg forståing av den rett og det ansvar som kvar truande har for å forkynne Evangeliet og byggje kristne forsamlingar:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, så de skal forkynna hans stordom, han som kalla dykk frå mørkret til sitt underfulle ljos, de som før ikkje var eit folk, men no har vorte Guds folk, de som før ikkje hadde funne miskunn, men no har fått miskunn».

Dette fokuset vil vi framleis halde fram med styrke, ikkje minst ved å gje frimod til å stå i arbeid med sjelesorg, vegleiing og forbøn. Det same gjeld å fornye song- og musikkarbeidet, eit felt som har stor betydning for den inspirasjon og kraft som vi ønskjer skal prege møter og gudstenester i det lokale arbeidet.

Det vi har vore for svake på, er å byggje kompetanse og frimod i å stå som leiarar i det kristne arbeidet. Her treng ein undervisning, og her treng ein ikkje minst at leiarar får kome saman for å dele erfaringar, reise problemstillingar, knyte relasjonar, osv.

Mange leiarar står i ei einsam teneste, og treng hjelp for å halde fram i det Gud kallar oss inn i. Ikkje minst vert dette aktualisert med ein meir tilspissa kyrkjesituasjon der vi opplever at bedehusa må ta eit meir omfattande ansvar enn før.

Så må vi ta på alvor at vi lever i eit stadig meir sekulært samfunn der dei kristne verdiane er under press. Det er derfor gledeleg at det er så stor tilstrøyming til nettverket under konferansen som fokuserer på trusforsvar/apologetikk.

Det same gjeld opplæring i våre nye ressursar i barne-, ungdoms- og familiearbeidet, for vi kjenner eit kall til å gje ei grundig og samanhengande bibelundervisning der både heim og forsamling får ansvar og frimod innan trusformidling.

Paulus skriv slik til sin unge ven og medarbeidar Timoteus: «Vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus! Det du har høyrt av meg i nærvære av mange vitne, skal du overgje til trufaste menneske, som òg duger til å læra andre» (2Tim 2:1-2). Vi har tru på ein slik multipliserande måte å utruste nye leiarar på.