Israels grenser

Author picture

tirsdag 26. september 2017

Dette innlegget er en respons på "Kirkeuka og folkerett"

Kristenliv

Pensjonert lærar Per Sverre Bårdsen i Vea har ein aktuell artikkel i Dagen i dag (26/9) under overskrifta "Kirkeuka og folkerett".

Det gjeld grensene til Palestina og Israel i historisk lys. Den er lesverdig - og den bør mange klyppe ut og ta vare på. Han viser kva som er vedteke av internasjonale organ om grenene til Israel. Og art. 80 i FN-pakta “slår fast at tidlegere oppnådde legale rettigheter ikke kan gjøres ugyldige”.

Vi har høyrt at me ikkje er bundne av Folkeforbundet sine vedtak. Bårdsen viser at Folkeforbundet overførte sine målsettinger til FN i april 1946. Då var allereide FN skipa og opningsmøtet halde i London i jan-febr. 1946. Israel er med dette ein legal og folkerettsleg stat. Eg har undra meg ofte over at media og offentlege talspersonar har kalla noko av Israel “okkupert område”. Er det ikkje rett, bør ein dokumentera det.