HERREN: «Mange har blitt brukt av Herren, dei var tru i det stille i det Herren hadde tiltrudd dei. I arbeidet, i det daglege går dei. Er på arbeidsplass/heim like true som når dei er på møte», skriver Gudleik Himle. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Veit ikkje

Mange klypte tre, som ikkje ser så flotte ut, ber rikeleg med frukt. Dei blir klypte og stelte, og ber frukt.

Ho hadde ikkje forstand på frukttre, men uttala «Så stygge dei trea der er». Dei var klypte for å bera frukt, ikkje for å vera til pryd. Så flott eit tre/busk kan folk uttala. Jo, flott/fint, men ber ikkje frukt, eller giftig frukt.

Det er ikkje det fruktberande tre som skal nyta frukta, men andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho vart omvendt etter at predikanten hadde reist frå bygda. Han viste ikkje om det, og gjekk i grav utan å vita om det. Eg hadde lov å fortelja det til han, men var borte frå meg kvar gong me møttest. Sjølv kan eg ikkje konkret peika på kva det var som førde meg inn i vekkinga. Jo, eg veit om når eg overgav meg. Det tok ikkje til der.

Når eg var med på møte og fatta så lite, men merkte ånda. På sundagsskulen, på skulen under Bibelsoga, under andakta. Konfirmantførebuinga. Veit berre at der var noko som arbeide, og det var Guds ord - Guds Heilage Ande. Kven som sådde veit eg ikkje, men dei sådde Guds ord. Det arbeidde.

Har no levd i mange år, møtt mykje folk, høyrt mange vitnemål. Korleis folk er komne til fred med Gud, fått frelsesvissa. Her er mange underlege historier.

Ikkje sjeldan er det ei undring. Gud brukar mange gonger slike som ikkje prangar i augo på folk. Ikkje sjeldan kjem det fram at det var nokre smålåtne i eigne og andres auger som Herren fekk bruka. Har våre vitne til når folk har fortalt til dei som har fått våre eit av reiskapa Gud bruka. Då står dei undrande, og takkande. Tenk Gud kunne bruka meg.

«Når eg sat og høyrde NN fekk eg sjå at eg var frelst», er ikkje ukjent utsegn. Men han Herren fekk bruka munnen på til å bera Ordet til øyra slik at Heilag Anden kunne få bringa det til hjarta. Nei han viste ikkje om det.

Mange klypte tre, som ikkje ser så flotte ut, ber rikeleg med frukt. Dei blir klypte og stelte, og ber frukt. Mange har blitt brukt av Herren, dei var tru i det stille i det Herren hadde tiltrudd dei. I arbeidet, i det daglege går dei. Er på arbeidsplass/heim like true som når dei er på møte.

Nokre vert oppsøkte i det stille. Folk merkjer at dei kjenner Jesus og er kjent av Han. Så fortel den som har fått hjelp om hjelpa - meir enn om hjelparen. Takk fyller meg for dei trufaste Kristusvitne. Eg veit ikkje kven som sådde mest i mi hjartejord. Kjenner takk til dei som gjerde det. Takk for at Ordet levde, virka og når eg ikkje var klår over det. Ordet ber frukt.

Les også
– Bibelen lærer oss å elske fienden
Les også
Tro bak murene
Les også
Me kan aldri vita!
Les også
Nå blir det mulig å kjøpe mat som er gått ut på dato
Les også
Om Guds rike og hevetid