NIDAROSDOMEN: Kong Olav II eller Olav den Hellige er begravet i kirken. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Kvar er heltane?

Olsok-feiring står for døra, men kva er der å feire? Vår åndelege tradisjon her til lands har svikta. Den store skya av vitne (Hebr 12) som vi treng for å få rett fokus, har fordunsta. Vi manglar heltar.

Ein helt er ein ven som bidreg til å forme livet ditt, ein du tenkjer, talar og reagerer likt med og stoler på. «Hvilken venn vi har i Jesus.»

Mi anklage mot vår åndelege tradisjon er at vi har kutta kontakta med dei venene, gjerne kalla helgenar, som skulle vise oss vegen til Jesus. Skya av vitne skulle hjelpe oss å «... feste augo på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi treng skya. Kristent liv kan ikkje levast i privat einsemd. Også Gud omgir seg med både engleskarar og ein stor kvit flokk.

Dei heilage er ikkje helgenar fordi dei var dydsmønster. Abraham, Jakob, Moses, David, Peter, Paulus og Olav hadde alle tvilsame saker på rullebladet. Helgenar er menneske Gud har fått bruke så livet deira likna på Jesu liv. Mennesket som let seg frelse, kjem under Guds påverknad og vert fornya og helga. Vert guddomeleggjort, skriv apostelen (2 Pet 1,4).

Og våre liv står i ein himmelsk samanheng. Vi har fellesskap med dei på den andre sida, dei som er fyrstegrøda, som ber Lammets merke gitt dei i dåpen. Dei er enno våre vener, om vi let dei vere det. Vi kan rekne med dei. Guds kyrkjelyd i himmelen bed for og står saman med Guds kyrkjelyd på jorda.

I NT vert alle truande kalla ’heilage’ (Rom 1,7 osb). Men ganske snart stod det fram truande som raga høgare enn andre etter sin død. Reformasjonstida raderte dei bort frå minneboka, stort sett. I 500 år fekk vi sakne dei, og dei truande vart einsame vandrarar som måtte finne vegen og stride åleine. Her må vi snu utviklinga.

Vi må kjenne Antonius og Ireneus, Augustin og Patrick, Sunniva og Olav. Vi må innlemme dei i våre liv, be med dei, søkje venskapleg hjelp og rettleiing. Kva ville den heilage Ireneus sagt om vranglærene i vår tid? Kva ville Katarina av Alexandria sagt om dei sekulære tankane i vår tid? Kva ville Antonius og Benedikt sagt om den dekadente, materialistiske kulturen idag?

Vi kan starte med å feire deira minnedagar.

Jan Eggum sørgar over at onkel Lauritz berre er på video. Verre er det om Polykarp og Benedikt, Sunniva og Olav kun er det. Då er vi fattige, då.

Les også
Ubibelsk eller usunt?
Les også
De viktige ordene
Les også
Daniels menn
Les også
Suspendert prest stenger kirken
Les også
Vender tilbake til truet kirkesamfunn
Les også
Pave Frans ber om videre dialog i Nicaragua
Les også
Tredje skisma