Det sette seg fast

Ikkje ung lengre, men er full av minner, gode minner. Nokre minner er ikkje berre minner, dei er verkelege og i dag. Noko som sette seg fast, og som er der.

Alle dei gonger eg har fått sete ned og fått høyra Guds ord forkynt, og det vart meg til hjelp. Minner om då eg fekk sjå kva som verkeleg stod skrive, noko eg hadde lese, men likevel ikkje hadde sett, eller fatta korleis det verkeleg var.

Det er tilfeller eg ikkje minnes kven det var som forkynte, men eit Guds ord huka seg fast, og sit der endå. Han stod der så smålåten på preikestolen. Om at og om at gjentok han teksta, og den huka seg fast, og er der.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Talaren er død, og talen minnes eg ikkje, men teksta. Ja slik er det med mange minner, dei som var bar fram Ordet er døde, men Guds Ordet lever.

Jo eg og er ute og vitnar om Han som frelste og så kalla meg til denne fullførte frelse. Stadig lever dette etter møter. Kva sit att? Talen, eller teksta? Kven vart stor for folket, kven/kva snakkar dei om etter møtet? Er det Herren og det Haner og har gjort, eller predikanten?

Vart dei knytte til Ordet, til Jesus, og avhengige av dette, eller knytt til emissæren? Er det maten eller den som ber på bordet som er det som mettar?

Vitnemål, enkle, kortfatta har så mang ein gong fått openberra nye skattar i Guds Ord. Den som vitna hadde fått sjå noko i Ordet, og fortalte det. Fekk syna oss det han sjølv hadde fått sjå.

Opplever det godt å få sitja ned, bli dregen med inn i Guds Ord, og merkjer at det hukar seg fast i meg. Når Heilag Anden minner om ord som stadfester det som øyra høyrer. Når det skaper trong etter å høyra meir, trong etter å lesa meir. God mat, jo, den mettar, og gjev lyst på meir av den gode mat. Trong til å koma saman med andre til samling om Guds ord.

Mora var nyfrelst, gjekk der så glad og lukkeleg, tralla og song. Så ein dag var ho trist og nedfor. Dottera spurde kva som var galt. «Eg er så redd eg ikkje er frelst», svara ho. Kva var det om gjorde deg så glad her for nokre dagar sidan. Jo, der var eit Guds Ord som vart så godt for meg. Mor det står det same i dag og. Dottera peika på Ordet, og mora fekk gleda seg att.

Det som stod, det står. Det som er gjort – det er gjort. Det som er sona – er sona. «Tenk alt min synd har Jesus sonet, til brud har han meg kronet ». I himmelen står soninga fast, og det sit fast hjå meg og, men kan veksla i vissa.