HELVETE: «Eg meiner Luther ikkje gjorde ferdig sitt reformasjonsarbeid av den katolske kyrkja når det gjeld endetida og dei ubibelske helvetesfantasiane som lever» skriver Jostein Sandsmark. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

«Helvete og Guds godhet»

lørdag 28. april 2018

Kristenliv

Kor vil du lokalisera alt det vonde og ugudelege som ikkje er ikledd udøyelegdom etter denne døden?

Eg blir visst sett i bås med desse vranglærarane som Ole Paulshus fordømer i sin artikkel i avisa 23.4. Men eg avlyser ikkje domen og helvetet, og er ikkje mellom dei som seier at «alle vert frelst til slutt».

Men eg meiner Luther ikkje gjorde ferdig sitt reformasjonsarbeid av den katolske kyrkja når det gjeld endetida og dei ubibelske helvetesfantasiane som lever.

Utan å ty til avgjort feilomsette og misvisande bibelomsetjingar frå grunntekstane, vil eg be om ei tolking/tyding/utlegging av desse tre klåre orda frå NT.

1) Paulus seier i 2.Tess 1,8–9: «Han kjem med logande eld, og straffar dei… Straffa deira skal vera ei evig fortaping borte frå Herrens åsyn og frå hans herlegdom og makt» (ikkje eitt ord om fysisk pine i det u-endelege).

2) Jesu eigne ord når han definerer helvetet i Luk 13,28: «Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham, Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike, men de sjølve er kasta utanfor.»

Helvetet oppstår/materialiserer seg/blir ein realitet i dei fortaptes sinn – ei mental pine – verre enn all fysisk smarte – just som Jesu kvide var størst i Getsemane – før han leid krossdøden. (ikkje eitt ord om fysisk eld og svovel i Jesu helvetesskildring).

3) Engelen forkynner i Op 20,14 og 21,4: «Så vart Døden og Dødsriket kasta i Eldsjøen – og Eldsjøen, det er Den andre Døden.».

Dette er altså den «evige», definitive elden som ikkje kan slokna – før alt er brent opp.

Kor vil du lokalisera alt det vonde og ugudelege som ikkje er ikledd udøyelegdom etter denne døden?