Illustrasjonsbilde.

Tomme ord

Author picture

fredag 16. juni 2017

Dette innlegget er en respons på "Tømmer kristensamfunnet sitt innhold?"

Kristenliv

Axel Remme skriv i dagen i dag (16/6) at "gudstjenestesamlingen skal ikke være scene for kulturens mangfold eller kjendisers meninger og tro. Da er det Jesus som skal ha ordet."

Det er alvorleg og aktuell tale. Og kvar predikant og prest bør tenkja over det for sin eigen del. For her rører han ved noko viktig i tida vår.

Eg har vore på møte og gudstenester og tenkt slik: Her legg dei opp til underhaldning og ikkje til eit møte med Gud. Det kan sjå ut som at det viktigaste er at folk trives. Og då blir det lite av alvoret om at me er syndarar for Gud og kan ingen ting gjera til frelse.

Då vert det heller ikkje rom for klår tale om omvending bort frå synda og verda. Ordet “nåde” kan lett bli “ord” utan innhald, eit slags mantra utan meining. Kallet til oss alle som talar lite eller mykje: Lat Guds ord og Ande avgjera.