Trusfridom for den lokale forsamlingen i Folkekyrkja

Det er ei skam at ein kulturminister, at biskopar og andre, ikkje synes å forstå og ville ta hensyn til dei bekjennelsestru i Den norske kyrkja (som vi har sett).

Songevangelist Oddvar Høgevoll, Vennesla, kommenterer mitt innlegg i Dagen og spør om ikkje Den norske kyrkja (Folkekyrkja) har brote med Skrift og vedkjenning, at ho er øydelagd, allereide (Dagen 24 og 28 nov).

Basis for Dnk er skrift og vedkjenning. Men Høgevoll har rett i at «rådsstrukturen», slik som Kyrjemøtet, er på kollisjon med Skrifta. Det same er andre ansvarlege innafor den offentlege folkekyrkje-strategien. Mitt poeng er at offentlege og kyrkjelege råd og utgreiingar om trusfridom her i landet må vere forplikta på å respektere og legge til rettes for lokal vedkjenningstru.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lat oss seie at 100 lokale forsamlingar (menigheter/sokn) i Den norske kyrkja vil halde fast på bibelsk kristendom og på ekteskapet etter skaparordninga av mann og kvinne. Dei følgjer ikkje homo-ideologien til dei sekulære kreftene som har knesett ei ny norsk upersonleg ekteskapslov.

Dei vil ikkje følgje «rådsstrukturen» i Folkekyrkja som har bøygt kne for liberal-teologien, for rødstrømpe-ideologi og for homo-lobby. Lat oss seie at desse forsamlingane også vil halde seg til Bibelen når det gjeld truande menn som hyrdar og leiarar i forsamlinga (slik det har vore i 2000 år).

Dei vil ikkje ha hyrdar som er utdanna i bibelkritisk liberal-teologi og som til tider forkynner om klima, miljø og kjøt-eting i staden for det bibelske evangelium. Dei seier nei til prestar som lever i samboarskap og i skammeleg utukt.

Dei vil ikkje at Kyrkjemøtet/Kyrkjeråd/Bispemøte, etc., skal tvinge sekulær og homo-liberal teologi og praksis med makt ned over den lokale forsamlinga.

Vil nye lover om trussamfunn ta hensyn til dette? Forstår norske myndigheter og politiske parti at dei ikkje kan lage diskrimineringslover her i landet som gjer det kriminelt å halde fast på bibelsk/kristen lære og skaparordninga av mann og kvinne?

Det er ei skam at ein kulturminister, at biskopar og andre, ikkje synes å forstå og ville ta hensyn til dei bekjennelsestru i Den norske kyrkja (som vi har sett).

Uansett er mitt råd at dei bibeltru ordnar seg etter Skrift og vedkjenning. Ein ting er sikkert; dess meir folkekyrkje-ideologien og rådsstrukturen brukar makt overfor klassisk kristendom i Dnk, desto fleire vil seie farvel og finne sin plass i andre lutherske strukturer, eventuelt andre evangeliske.

Dei tenkte 100 bibeltruande foramlingane (eller deler av dei) i Dnk kan eventuelt opprette kontakt med bibeltru lutherske nettverk/trussamfunn, eller med andre lutherske kyrkjer i Norge.