Ein Gud for alle menneske

Ein kjend kristen eksredaktør har gitt ut ei bok om ein Gud for dei mange. Han ser ut til å meina at konservative kristne sitt bibelsyn er eit av dei store hindra for mange menneske i vår tid. Det kan høyrast ut som om han set menneskeleg fornuft høgare enn det Bibelen seier.

Eg oppfattar det han skriv som eit rop etter rettleiing om korleis Bibelen bør lesast og forståast. Her kjem eg med eit lite innspel.

Lat meg først slå fast at Gud er ein Gud for alle menneske. Han har skapt alle menneske i sitt bilete. Han elska alle menneske så høgt at han sende Jesus til å bera synda for alle menneske, til å døy for å døy og ta straffa for alle menneske på seg. Han vil at alle menneske skal venda om og verta frelste. Den Gud vi finn i Bibelen er ein Gud for alle menneske, ikkje berre for mange eller ein viss sort menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES:Bibelens autoritet

Fordi Gud elskamenneska og ville dei skulle læra han å kjenna, gav han seg til kjenne for heilage menn som han dreiv til å skriva Bibelen. Gjennom Bibelen viser han oss at han bryr seg og har ein vedunderleg frelseplan for menneska. Denne frelseplanen er sentrert om Jesus. Gud talte mange gonger og på mange måtar i tidlegare tider gjennom profetane og dette er samla i Det gamle testamente. Men no i desse siste dagar har han talt til oss gjennom Sonen, Jesus Kristus.

Gjennom Jesus harden usynlege Gud gjort seg synleg. Ingen har nokon gong sett Gud, men Jesus, som er Gud, og som kjem frå Far, har vist oss kven Gud er. Jesus er biletet av den usynlege Gud. Difor sa han om seg sjølv: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.»

Eg veit ikkjeom det passar å snakka om at Jesus hadde eit bibelsyn, men vi har mykje å læra av korleis han forstod Skrifta og dei haldningane han hadde til skriftene i Det gamle testamentet. Eg vil peika på nokre viktige ting som Jesus sa:

Skrifta kan ikkjesetjast ut av kraft. Han vart misforstått og nesten steina for si tolking av Skrifta, men stod mot presset ved å visa til Skrifta og seia at ho ikkje kan annullerast. Han sa at han ikkje kom for å oppheva lova, men for å oppfylla henne. Han sa også at himmel og jord skal forgå, men at Guds ord blir ståande til evig tid. Han gjorde det klart at Guds plan skal fullførast og alle Guds lovnader oppfyllast.

Jesus anklaga deireligiøse leiarane for å setja Guds ord til side til fordel for tradisjonane sine. Difor må vi heile tida vakta oss for å utvikla tradisjonar som tar plassen til Guds ord. Ingen tradisjon må få lov til å undergrava det Gud seier i Bibelen. Vi kan heller ikkje la menneskeleg fornuft annullera nokon ting i Skrifta.

Skrifta vitnar ommeg. Jesus gjorde det klart at det finst inga liv i å granska skriftene, berre i å koma til han som skriftene vitnar om. Etter oppstoda underviste han læresveinane om alt det som stod om han i Moselova, hjå profetane og i salmane. Han opna forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene, ved å seia at heile Skrifta handla om han.

Vi vil berreforstå Det gamle testamentet rett om vi les med «Jesusbriller». Jesu liv og lære hjelper oss til rett forståing av Skrifta. Då forstår vi at profetiane peikar fram mot Jesus, og at dei ikkje skal brukast i ein politisk kontekst i vår tid og vår del av verda.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jesus var stadigi konflikt med jødane si loviske forståing av Skrifta der dei heldt fast på bokstaven, men mista meininga og forstod ikkje ånda i orda. Han sa at heile Skrifta kvilte på to bod: Å elska Gud over alle ting og å elska nesten sin som seg sjølv. Det er i dette lyset vi må forstå det Jesus sa om at ikkje alt i lova har like stor vekt. Farisearane gjorde den feilen at dei grov seg ned i detaljar og difor ikkje brydde seg om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Eit reint hjarte veg meir enn ytre gudsdyrking. Det er viktigare å æra foreldra sine enn å gje store pengar i kollekten.

Jesus lærte atsabbatsbodet og alle andre lover vart gitt til det beste for menneska. Sabbaten er til for menneska, menneska er ikkje til for sabbaten. Å visa miskunn er difor betre enn å kvila på sabbaten. Det er alltid rett å vera god mot andre. Å vera styrt av desse verdiane er viktigare enn å lyda bokstaven i lova.

Svermeri og loviskehaldningar har følgd Guds folk som ein skugge gjennom alle tider og dessverre støytt menneske bort frå den kristne trua. Om vi forstår det Jesus seier om kva som veg meir, vil vi ikkje støyta menneske bort, men heller dra dei til Jesus.

Har dokker ikkjelese at Skaparen frå opphavet skapte dei som mann og kvinne? Då Jesus vart konfrontert med folk sine meiningar og fekk spørsmål om ekteskapet, tok han dei tilbake til Guds skaparorden. Han spurde, «Har dokker ikkje lese?» og sa at det Gud opphavleg meinte var viktigare enn det Moses seinare på grunn av dei harde hjarta gav rom for. Vi må med andre ord tolka Skrifta med utgangspunkt i Guds opphavlege meining. Ekteskapet er meint å vera for ein mann og ei kvinne som lever saman livet ut. Om vi tar Jesus på alvor, kan vi ikkje godta ekteskap mellom to menneske av same kjønn.

I Bergpreika seierJesus mange gonger: «Dokker har høyrt det er sagt (...), men eg seier dokker.» Med desse orda forkasta Jesus den tradisjonelle tolkinga av Skrifta, og gav oss den opphavlege meininga med lova. Han gjekk aldri mot noko lov i Det gamle testamentet, men viste kva Gud ville med det han hadde sagt. Han gav ei rett tolking av Guds vilje og openberra på den måten Guds plan og meining gjennom Ordet. Vi må lesa heile Bibelen i lys av Jesus. Han gir meining og innhald til alt i samsvar med Guds opphavlege plan.

Jesus er Ordetsom vart menneske. Han har vist oss kven Gud er. Han har vist oss det gode livet etter Guds vilje. Han har vist oss ein Gud som er for alle menneske. Lat oss stå saman om å gjera han kjend, så mange, om mogleg alle, kan koma til tru!