LOV: Skal ulovfesta merknader frå Departementet framleis få trumfe gjeldande lov? Kva rettstilstand er vi då komen i? spør Egil Morland. På biletet ser vi kulturminister Linda Hofstad Helleland. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Uhøyrt av statsråd - og biskop

Frå leiarane i kyrkja kjem det ikkje eit pip til protest når statsråden snakkar om ting ho ikkje lenger har noko med.

Statskyrkja er avvikla, men lever vidare i beste velgåande. Viktigare enn kyrkja sitt sjølvstende er det at kyrkja framleis kan styrast, og hennar tilsette og prestar pressast på plass. Kven skulle tru at ein stortingsrepresentant etter 2017 skulle uteska statsråden si meining om at kyrkjelydar ikkje vil innføra den nye likekjønnslæra? Det har då statsråden aldeles ikkje noko med.

Og biskopen? Han ventar til statsråden har svara. Men då kan han svara. Som statsråden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette er ikkje ei fri folkekyrkje. Det er ei bunden folkekyrkje. Men fordi statsråden spelar på lag med makta i kyrkja, går alt stille og roleg for seg. Kyrkja ekspederer statsråden sine svar vidare i systemet.

Det er nedslåande at dei tre biskopane som til no har kommentert soknemøtevedtak, er nett dei konservative Olav Øygard, Stein Reinertsen og Ivar Braut. Dei er alle samde med kyrkjelydane – i det teologiske. Og dei strekkjer seg så langt som at folk må få «meina» kva dei vil. Men det er ingenting å ta omsyn til.

Det er sjølvsagt ein illusjon å tru at ein einaste av desse biskopane nokosinne vil visa tilnærma same engasjement for sitt «likeverdige syn», som dei på den andre sida gjer.

Ifølgje Dagen (12. mai) seier statsråd Linda Hofstad Helleland at sokneråda «verken bør eller kan hindre at homofile gis anledning til å gifte seg i sin kirke».

Grunngjevinga er Departementet sin merknad til endringar i Kyrkjelova i Lovproposisjon L55 (2015–2016). Rett nok må ho då også sitera at gudstenester og kyrkjelege handlingar skal gjennomførast i lojalitet mot evangelisk-luthersk lære. Dette skal gjelda i alle kyrkjelydar. Og det er det vesle ordet «alle» som gjev henne frimot til å svara som ho gjer.

Men ho kunne ha sitert frå andre deler av proposisjonen. Til dømes frå innleiinga: «Et hovedsynspunkt i reformen er at soknenes selvstendighet skal føres videre. Hvert av de 1280 soknene vil dermed fortsatt være den grunnleggende enheten i Den norske kirke og ha en selvstendig rettslig stilling.» Og – for å låna hennar eigen bruk av modale hjelpeverb – ho både burde og kunne ha sitert frå proposisjonen at endringene «som er gjennomført, betyr at Kongens særskilte kirkestyre er avviklet» (frå 2.2). Og lagt til at derfor korkje bør eller kan ho som statsråd seia meir i denne saka. Det er nemleg ikkje hennar sak.

Frå kapittel 3.1.1 kunne og burde ho dessutan ha sitert at i «likhet med kommunestyret er ikke soknets organer (menighetsrådet og det kirkelige fellesrådet) undergitt noen alminnelig organisasjons- og instruksjonsmyndighet fra andre».

Kvifor? Fordi soknet er eige rettssubjekt. Departementet hadde nemleg merka seg at det var brei oppslutnad om at det nye rettssubjektet (Den norske kyrkja sentralt) si rettslege handleevne «bør utformes slik at ikke soknets selvstendighet svekkes». Dette grunngjev proposisjonen med ei tilvising til § 11 i Kyrkjelova (!), som altså seier at det er soknemøtet som avgjer innføring av vedtekne liturgiar med meir. Kvart enkelt sokn har den same rettslege handleevne som kyrkja sentralt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Statsråden dreg altså ein av departementets merknader i ei retning som torpederer alle intensjonar med endringane i kyrkjelova, som for øvrig berre fann stad for å tilpassa eksisterande lov- og regelverk til den nye situasjonen per 1. januar 2017. Det går nemleg som ein raud tråd gjennom heile proposisjonen at reelt er ikkje relasjonane mellom kyrkjelege organ endra. Det kan ikkje skje før Kyrkjemøtet om nokre år går i gang med å laga ei ny ordning for kyrkja.

Men frå leiarane i kyrkja kjem det ikkje eit pip til protest når statsråden snakkar om ting ho ikkje lenger har noko med. Det er uhøyrt!

Så kva seier de – biskopar og kyrkjerådsfolk: Skal ulovfesta merknader frå Departementet framleis få trumfe gjeldande lov? Kva rettstilstand er vi då komen i?

-----

DEBATT: Bli med i debatten ved å bruke kommentarfeltet nederst på denne siden - eller på Dagens Facebook-side.

-----

Les også
Kulturministeren inn i homostridenEngasjér deg!
Les også
– Menigheten kan ikke nekte likekjønnet vigselEngasjér deg!
Les også
Drar i gang et grasrotopprør
Les også
Stemte mot, men blir i kirken
Les også
Kirkemøtets vedtak
Les også
Et ikke-luthersk vedtak
Les også
Kirkemøtets vedtak - hvem er de seirende?