TALARSTOLEN: Luther løfte fram forkynninga – Ordet sitt store nådemiddel – i den kristne forsamlinga (den nye gudstenesta). Difor fekk talarstolen den sentrale og synlege plassen i gudshusa. Kva med våre forsamlingshus i dag? spør Karl Johan Hallaråker.  Foto: 

«Grip (reformasjons-) anledningen, nu!»

mandag 26. juni 2017

Kristenliv

Det er å håpa at reformasjonsåret og dei mange bøkene blir til hjelp og inspirasjon for forkynning og undervisning i åra som kjem. Det er å håpa at både kyrkjer, organisasjonar og forsamlingar nyttar reformasjonsjubileet til å prøva både si lære og forkynning på reformasjonen sin sentrale bibelske arv.

Dagen skal ha takk for at avisa har gitt god plass til stoff om Martin Luther og reformasjonen i sine spalter. Det er nemleg store hendingar og store følgjer frå det som skjedde i Sachsen for 500 år sidan.

Det er som professor i nordisk språk Gunnstein Akselberg seier i ein av dei utmerka artiklane han har skrive i bladet Hordaland: «Reformasjonen var ikkje berre ein religiøs og kyrkjeleg revolusjon. (...)Reformasjonen fekk innverknad på kunst, musikk, mediekommunikasjon, litteratur, politikk, sosiale tilhøve, økonomi, språk, undervisning og ikkje minst måten vår å tenkja på.»

Det har vore ei stor gleda og til inspirasjon å lesa ei rekke bøker og artiklar om Luther og reformasjonen både på norsk, tysk og engelsk. Eg hadde også stort utbytte av å få følgja det lutherstudiet som biskopen i Bjørgvin gjennomførde saman med Misjonshøgskulen om reformatoren og hans teologi. Må nok tilstå at biskop Nordhaug si eiga førelesing om Luther som forkynnar, er høgdepunktet for meg så langt – saman med professor Torleiv Austad sitt foredrag i Nygård kyrkje på bibelsøndagen i februar, «Bibelen i reformasjonens teikn». Det har også vore gjevande sjølv å få halda ei rekke foredrag om dei ulike tema og slik samtala med interesserte. Eg kalla forresten foredraga «Luther på godt og vondt» – slik at ingen skulle klandra meg for å løyna minussidene – først og fremst utfalla mot jødane seint i livet og angrepa på bøndene. Ein del av språkbruken mot den romersk-katolske kyrkja er heller ikkje noko å ropa hurra for. Alle utfall og grovkorna språkbruk får vi ta med som samtidskunnskap og prov på at reformatoren har rett i sin karakteristikk av det syndige mennesket med ibuande lyst til det vonde.

Eg gløymer ikkje første gongen eg vitja Wittenberg tidleg på 1980-talet og kyrkjene der, Slottskyrkja og bykyrkja (Maria-kyrkja). Det nederste feltet på altartavla i den siste vil eg aldri gløyma. Det er for meg Luther i eit nøtteskal: Multikunstnaren Lucas Cranac får det fram: Reformatoren står på talarstolen. Den eine handa er forankra i Bibelen, den andre peikar på den krossfeste Frelsaren. – Og det eg vart mest fokusert på, var dette: Folket festar ikkje blikket på talaren, men augo er konsentrerte om nettopp den krossfeste. Bibelordet blei levande – folket får Kristus malt for augo sine! Då eg sto der i kyrkja, måtte eg tenkja på luthersitatet om Ordets nådemiddel og forkynninga: «Når Kristus blir forkynt, kjem han.» (Eg er glad for at eg skal få ta med ei gruppe til Wittenberg og andre lutherstader i slutten av september – håpar mange blir med(!) Det blir ein tur både for tru og tanke!)

Det er å håpa at reformasjonsåret og dei mange bøkene blir til hjelp og inspirasjon for forkynning og undervisning i åra som kjem. Det er å håpa at både kyrkjer, organisasjonar og forsamlingar nyttar reformasjonsjubileet til å prøva både si lære og forkynning på reformasjonen sin sentrale bibelske arv. Det kan bli ei korrigering som ber rike frukter. Eit moment til ettertanke både for kyrkjer og forsamlingar: Luther løfte fram forkynninga – Ordet sitt store nådemiddel – i den kristne forsamlinga (den nye gudstenesta). Difor fekk talarstolen den sentrale og synlege plassen i gudshusa. Kva med våre forsamlingshus i dag?

Av alle nye bøker dette året må eg framheva ei – nemleg dei pensjonerte professorane Arve Brunvoll og Kjell Olav Sannes si bok, Vedkjenningsskriftene til Den norske kyrkja, Lunde Forlag. Ved sida av Jens Olav Mæland (et co) sitt meisterverk, Konkordieboken, 1985, vil eg meina at dette er den aller viktigaste læreboka vi kunne få. Stor takk til dei to lærde teologane både for omsetjinga (både nynorsk og bokmål) av vedkjenningsskriftene (både dei latinske og dei tyske tekstane) og professorane si kloke og enkle forklaring til dei ulike delane.

Det var ikkje til å unngå at eg blei minna om eigne erfaringar, då eg las gjennom denne boka. Då eg kom til MF (uff, årstalet er altfor lenge sidan!) med latinartium og glad i tysk språk kasta eg meg over vedkjenningsskriftene på latin og tysk for både å studera tekstane og samanlikna dei to utgåvene. Det var ikkje god «latin» mellom fleire lærde at eg meinte dei to – både latin og tysk – måtte likestillast og vera næraste forklaring til kvarandre. Nå seier Brunnvoll/Sannes at det nett er slik. Eg kan berre takka. Eg hugsa at samtalen på avisrommet på MF og seinare då eg gav ut boka Bedehuset – heim og misjonsstasjon i DVIs profilserie (1980), særleg dreidde seg om embetssynet ut frå art V i Den augsburgske truvedkjenninga (CA V), og om kyrkjefellesskap og nattverdsteologi ut frå CA VII og VIII.

Det er jo alltid hyggeleg å få rett. Det meiner eg Brunnvoll/Sannes gir meg når dei nå forklarer at artikkel V feilaktig har vore gitt overskrifta (som ikkje er opphavleg) «Om det kyrkjelege embetet» i staden for hovudpoenget i artikkelen, nemleg om «Den heilage Ande, nådemidla og trua». Artikkelen handlar nettopp om at Gud gjev oss trua ved Anden og nådemidlane (Ord og sakrament). Den lutherske kyrkja med fokus på det allmenne truande prestedømmet treng ikkje eit midlarembete for at vi kan koma til tru.

Let ein dei to utgåvene forklara kvarandre, ser vi også at «rett forvalting» av sakramenta er ikkje kven som forrettar, men at sakramenta vert forvalta i «i samsvar med det guddommelege ordet». Det er ikkje prest/lekmann eller gudsteneste/forsamling som splittar nattverdbordet, men om det er ulik nattverdlære i dei to husa!

Eg vil gjerne løfta fram denne nye vedkjenningsboka til studium i tida som kjem. Det er ei gullgruve for prestar, forkynnarar og leiarar, ja, for alle som er interesserte i solid bibelsk og reformatorisk teologi. Eg vel å tru at alle lutherske bibelskular straks får denne utgåva med på si pensumliste og brukar god tid på innføring og samtale. Til alle seier eg som vekkingspredikanten – Grip (reformasjons) anledningen – og det – NU!