FORHERLIGELSE: - Jeg blir matt og målløs av Dagens presentasjon av islam, skriver Jostein Sandsmark. Illustrasjonsfoto: Tore Meek, NTB Scanpix

Konvertert til islam

Author picture

onsdag 13. april 2016

dagensdebatt

Det var ille å lesa laurdagsnummert av Dagen. Framsida pluss åtte heilsider inne i avisa var vigd til oppslag om fire konvertittar til islam.

Å få islam og Koranen presentert så positivt og sympatisk – når ein veit kva dei står for og fører med seg – kan gjera ein ganske matt og mållaus.

Ein kan ikkje forvèl tru sine eigne augo når ein les om ho som har «vakse opp på bedehuset» - sprenglese Bibelen og får seg til å hevda at: «Jesus sier ikke én plass at han er Gud». Burde ikkje intervjuar ha mint henne om Jesu utsegn for Det Høge råd der han brukar gudsdefinisjonen «Eg er» om seg sjølv, og blir blasfemidømd? Og: «Eg og Faderen er eitt». Eller – sjølv om det ikkje er eit direkte Jesus-sitat, så er vel prologen til Johannesevangeliet truverdig når det står: «I opphavet var Ordet, og Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud»?

Ein stiller seg uforståande til eit så slett bibelstudium som konvertitten her avdekkar – og eg taper all tiltru til den som kan hevda dette, - og byggja eit livssyn over eit slikt synspunkt.

Om Koranen seier ho at den daglege lesinga «gir meg ro»; - «Mens Bibelen bærer preg av mennesker, opplevde jeg at det var Guds egne ord som snakket til meg gjennom Koranen».

Les mer: Hvorfor blir etniske, kristne nordmenn muslimer?  

Nå har eg lese Koranen gjennom berre ein gong. Men det skulle også vera nok. Koranen er ei fæl bok å slita seg gjennom der gjennomgangstemaet er straff og pine, (straff nemnt 331 gonger, Helvetes Eld skildra 98 gonger).

Litterært er Koranen stort sett på eit lågmål. At han smakar meir av guddom enn Bibelen verkar som ei svært sær oppfatning.

At Bibelen er skriven av menneske er ikkje nokon nedverdigande. Den mest høgverdige poesi i verdslitteraturen er sjølvsagt: – skriven av menneske!

Les hvorfor Dagen trykker saken: Når norske kristne blir muslimer

I intervjuet med Maryam Trine kom utsegna: «Islam er mer motiverende når en må jobbe for billetten til Paradiset». Ein kan jo spørja seg om ein kan kalla seg konvertitt når ein vender seg bort frå ein slik «kristendom». Ein kan ikkje ha forstått mykje av kristendomen når ein kan uttala seg slik.

Men kva vil Dagen med dette ni heilsiders oppsettet om temaet konvertitt?Det er nå måte på å framstilla heidenskapen tekkeleg og innbydande.

Var det ikkje rimeleg at ein kristen journalist kom med nokre motspørsmål, eller stilte seg litt tvilande til sumt - og ikkje berre glatt godtok alle synsmåtar og tankeval?

Det er greitt at konvertitten har eit glansbilete av sin nye religion og malar alt med rosa pensel, – dei har då trass alt konvertert.

Men at Dagen skal la alt passera, og i heile oppsettet med bilete og overskrifter synest å sanksjonera deira ståplass og vegval – er til å bli forstøkt av. Kva er målet?

Eg vil utfordra Dagen til å koma med ni sider med omtale/intervju med konvertittar frå islam til kristendomen. Dei er heldivis i fleirtal og lettare å spora opp.

Eg ynskjer meg spesielt Paul B. Johnsen, leiaren i KABA. Han har ei langt djupare innsikt i både islam og kristendom, Koranen og Bibelen enn nokon av intervjuobjekta i Dagen av 9. april.

Les også:

Vil utruste kristne til å møte islam

Når norske kristne blir muslimer

Hvorfor blir etniske, kristne nordmenn muslimer?

  Fant ro i islam

Hun inspireres av islams regler og krav

– Veldig få konverterer på egen hånd

Tror Gud veiledet ham til islam

Konverteringen sjokkerte familien