ILLUSTRASJONSBILDE: fotolia.com

Jesus Kristus sjølv er «Kyrkjas mektigste»

lørdag 14. april 2018

dagensdebatt

La det straks vere sagt: Det er Kristus sjølv som er «Kyrkjas mektigste»; han bygg si Kyrkje og han styrer den.

Ikkje minst førte Kristin Gunleiksrud Raaum, no leiar i Kyrkjerådet, ein svært aggressiv kamp både via Åpen Folkekyrkje og i andre samanhengar for surrogat-ekteskap mellom same kjønn. Og diverre ville også preses i Bispemøtet gjere slikt ekteskap til «haste-sak» i Folkekyrkja.

La det straks vere sagt: Det er Kristus sjølv som er «Kyrkjas mektigste»; han bygg si Kyrkje og han styrer den. Vi snakkar her om Jesu Kristi sanne Kyrkje, ikkje om den «kyrkja» som Skrifta og reformasjonsteologien kallar den «falske kyrkja» eller «løgn-kyrkja».

Den kristne dagspressa legg stor vekt på at det no er damer som er «Kyrkjas mektigste»; øvste leiarar i Folkekyrkja og i ei rekke andre råd og organisasjonar i landet vårt.

Det blir mellom anna peika på at leiar i Mellomkyrkjeleg Råd også er ei dame (prost frå Svolvær som har inngått «ekteskap» med ei anna dame). Vi har merka oss desse damene i kampen for surrogat-ekteskap i Folkekyrkja

For som Skrifta og fedrane lærer oss; det er berre to kyrkjer i verda, den sanne og den falske. Den sanne Kyrkja har sine klare kjenneteikn: Den bygg på dei sentrale sanningane i Bibelen, skaparordninga inkludert. Den bekjenner Jesus Kristus som grunnvoll og Herre (Matt 16; 1 Kor 3).

Den sanne Kyrkja kjenner Herren, og han kjenner si Kyrkje. Skrifta lærer at truande menn har fått nådegåve og kall til å vere hyrdar og leiarar under Kristus som hovud (1 Kor 14 og Pastoralbreva). Alle truande har fått kall og nådegåver til teneste som medlemer på Kristi Kyrkje. Men truande menn med nådegåve har fått det Skrifta kallar «hodeansvar» til å lære og leie den truande forsamling.

Kristus kjenner si Kyrkje som sitt folk innafor ulike kyrkjesamfunn og organisasjonar. Det er berre Gud som kjenner hjarta. Og det er berre han som heilt ut veit kven som er medlem på Kristi lekam. Det er altså ikkje primært eit spørsmål om medlemskap i det eine eller andre kyrkjesamfunnet eller kristne organisasjon.

Det er eit spørsmål om samfunn med Gud ved trua på Kristus, ved nådemidla som er gitt til forlating for syndene og nytt åndeleg liv.