Ta hensyn til "matfatet"

Author picture

tirsdag 2. januar 2018

dagensdebatt

Matvaresikkerhet er eit ord me må ha i bakhodet når det planlegges for framtida.

Både når veitraseer skal velges, bolig-og industritomter anlegges, kvoter på fiske, osv.

I dag har me rikelig; iallfall når me ser på at 300.000 tonn spiselig mat blir kasta kvart år! Men slik har det ikkje alltid vore, og eg trur heller ikkje det vil fortsetja å væra rikelig med mat om nokre år.

Folketalet aukar,både med etniske Nordmenn og nye landsmenn. Dette betyr at behovet for mat blir større.

Samtidig bygger me ned jordbruksareal i stort tempo. Slik at me får mindre areal å dyrka maten på, samtidig som fleire skal ha mat. Siden 1999 er 4 av 10 norske gårdsbruk lagt ned. I samme perioden er jordbruksarealet blitt redusert med 5%, viser ein ny rapport frå SSB.

Dette er urovekkjande, og viser at denne trenden må snuast. Blir grensene stengde for import av mat, har me for lite, fordi me er ikkje sjølvforsynte.

Det er merkelig at nye bolig felt, eller industriområder, må bygges på bekostning av uerstattelig matjord. Nye veitraseer har «forkjørsrett» gjennom verdifulle dekar med både dyrka og dyrkbar jord, ser det ut som. Hensynet er størst til vei og trafikk. Det må bygges for framtida, argumenters det. Enig i det, men då må me sjå heilheten i prosjekta! Tenkjer planleggjarane 50 år! fram i tid, når jordbruksareal blir omdisponerte? Då må det også takast hensyn til matjorda! Den kan til ein viss grad flyttes, men det er vanskelig fagarbeid.

Partiet De Kristne (PDK) har programfesta at dette må takast hensyn til.

PDK har allerede tatt tak i dette på kommunestyrenivå! Under arbeid med reguleringsplaner har PDK gått imot, og argumentert for andre løysingar, som også er billigare! Nettopp pga av dette; å ta vare på matjord, fiskeplasser osv. Samt å ikkje gjera gardsdrifta for bonden verre. PDK vil gjera arbeidsforholda til bonden og fiskaren bedre. Men her var PDK sørgelig åleine; bare eit parti stemte med.

Og dette er viktig! Skal Norge væra mest mulig sjølvforsynt i framtida, må arbeidet begynne no.

Utfordringane er her, og fleire kjem.

Det er allerede omdisponert for mykje dyrka og dyrkbar jord til andre formål! Norge har ikkje kornlager! Ser ut som om maten i butikkane er der uansett, men det er ikkje mykje å setja si lit til når råstoffa uteblir.

Havet er så fullt av (mikro)plast som fisken får i seg, at det blir eit spørsmål om den kan spises. Dette er ei miljøutfordring! Norge er store på lakseoppdrett, men kva skal fisken fores med når størstedelen av råstoffet til foret importeres, om ulike land slutter å eksportere?

Fiske av leppefisk er blitt storfiske. Denne blir brukt til naturlig avlusing i oppdrettsmerdene. Men med så stort fiske på den, går det utover næringskjeden til andre fiskeslag, som torsk f eks.

Me er på full fart mot å ødeleggja det me har igjen av haustingsplasser for mat, og råstoff til mat. Ingen tenkjer meir mat når ein er stappmett, når svulten kjem er det noko anna.

PDK er på ballen, og har klart fokus på dette. No må det handles meir, å snakkes mindre, for å snu dette.

Det er ikkje for seint, men kan bli det.