Illustrasjonsbilde: Pixabay

Helvetet er ikkje pine i ei lang tid utan ende

Author picture

fredag 23. februar 2018

Dette innlegget er en respons på "Er helvete bibelsk?"

dagensdebatt

Thor Ivar Hornnes avdekkar stor bibelkunnskap og mykje sunn og sann teologi.

Men han stampar i mot haldningar basert på ubibelske tradisjonar, dårleg omsetjing frå grunntekstane og arv frå tidleg katolsk lære.

Det var den katolske kyrkja som i den første tida skapte teologien om eit helvete med ulideleg pine for å skræma folk til bot og avlat - for å kjøpa seg ut og bli frelst frå den evige pina og få eit Evig Liv. Kyrkja skaffa seg dermed umåteleg makt, eigedom og prakt. Pavekyrkja er ikkje bibelsk, men betalt av folk som ville frelsast frå det eldsprutande helvetet. Grunnlag for ein slik teologi finn ein ikkje i Skrifta - men er henta frå heidenske helvetesfantasiar. Men me har overteke mange av førestellingane om tilveret etter døden - sjølv om det ikkje har støtte i Bibelen.

T.I.H. løyser ut “vranglærekortet” når han rører ved begrepa: “evig- helvete- straff- pine”. Det verkar anfektande på alle som ikkje skil mellom Dødsriket/Helvetet/Gehenna/ Det evige Livet/Himmelen/ Tid/Æva.

Men forkynninga i aposteltida og i NT er fokusert på Guds rike som er kome nær - og på Vegen til det tapte Paradiset. Læra om “evig pine” tek ikkje inn over seg at “Tida er endt” som engelen i Op 10,6 ropar ut. Etter domen går me over i æva, Guds dimensjon som ikkje har “tid” men er i Guds evige presens: Nå,- heile “tida”. (me er heilt hjelpelause når me skal snakka om tilveret i æva, for me har ikkje termar for tidløyse).

Både ordet “evig” og “pine” er misvisande - ja, faktisk vranglære i denne samanhengen. Evig betyr her definitiv, ugjenkalleleg, - og ikkje “ei lang tid utan ende” - for tida er slutt!

Pina definerer Jesus og Paulus i Luk 13,28 og i 2 Tess 1,9: Paulus skriv: “Deira STRAFF (ikkje pine) blir ei evig fortaping borte frå Herrens åsyn og frå hans herlegdom og makt”. Straffa, pina er ei utestenging frå Guds nærvere - (då oppstår helvete!) Det er det begrepet FORTAPING betyr!: Å missa, gå glipp av eit umisteleg gode, - ikkje først og fremst eit fokus på og utpensling av detaljar i fortapinga.

Jesus seier det slik i Luk 13,28: “Og de skal gråta og skjera tenner NÅR de får sjå Abraham, Isak og Jakob ..... sitja til bords i Guds rike .. og de vert kasta utanfor” Ikkje eitt ord om fysisk eld og svovel, evig pine i all æve. DÅ oppstår helvetet i dei fortapte sitt sinn når dei innser sitt feilval, si fortaping av det evige Livet - og at dei er på veg til den ugjenkallelege, evige Andre Død, - borte frå Herrens åsyn for tid og æve. “Brent opp som agner - borte som røyk - ikkje minnast meir”. Bibelen snakkar heile tida om eit TAP - ei FORTAPING og utestenging av all himmelsk herlegdom! Den katolske kyrkje si gamle vranglærande tolking av tilveret etter domen og døden er ikkje Bibelens bodskap til oss.

Sjåstads og T. B. Jørgensen si fornekting av fortapinga og livets andre og vonde utgong er ei heilt anna sak.

 

TEOLOGI: Ordet helvete finnes faktisk ikke i grunnteksten. Det er et relativt moderne ord som oppstod først rundt år 725 etter Kristus, skriver Thor Ivar Hornnes på DagensDebatt.no:

Posted by Dagen on 22. februar 2018


HELVETESDEBATT / DagensDebatt.no: La oss ha én ting klinkende klart. Det biskop emeritus Tor Berger Jørgensen fremmer er...

Posted by Dagen on 11. oktober 2016


FORTAPELSE / HELVETE / DagensDebatt.no: Pensjonert biskop Tor B. Jørgensen tar til orde for å si - tydelig - at ikke...

Posted by Dagen on 12. oktober 2016
 

FORTAPELSE / HELVETE / DagensDebatt.no: Biskop emeritus Tor B. Jørgensen har vært muret inne av sitt presteløfte og sin...

Posted by Dagen on 12. oktober 2016