Statskyrkja er i krise, men kristendomen går fram

Author picture

onsdag 11. april 2018

dagensdebatt

”Av døypte vrimlar land og strand, men kor er truas brann?” Om talet på dei som er døypte utan å ha truas brann i hjartet går ned, kan likevel talet på dei som følgjer Jesus Kristus gå opp. Me treng varmhjarta og raus kristentru levd ut på alle område i livet.

Dagen melder om ei statskyrkje i krise og at dåptalet stuper. Berre litt over 50 prosent av alle nyfødde barn blir døypte i statskyrkja. Om denne utviklinga held fram vil under halvparten av alle barn bli døypte. Biletet er ikkje heilsvart, for samstundes får me høyra om ”drop-in-dåp” der fleire vaksne let seg døypa.
I Fokusspalta i same avisa skriv førsteamanuensis Lars Dahle ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen eit flott og tenkjevekkande innlegg om misjon i møte med nominell kristendom. Det var veldig bra at dette innlegget kom samtidig med oppslaget om nedgang i talet på barn som blir døypte i statskyrkja.

Det er svært positivt at Lausannerørsla set søkelyset på namnekristendom som ei misjonsutfordring. Nominell kristendom er først og fremst eit fenomen me finn i samband med dei store historiske kyrkjesamfunna som praktiserer barnedåp og ofte er ”folkekyrkjer.” Årsakane til dette fenomenet er nok samansett og vanskeleg å forklara fullt ut. Alle må me vera audmjuke og innsjå at noko har gått frykteleg galt. For ein utanforståande ser det ut som om barnedåpen ikkje verker i samsvar med dei teologiske lovnadene. Ein svært stor del av dei barnedøypte medlemmane i desse kyrkjesamfunna er dessverre ikkje aktive kristne som har oppdaga den djupe gleda i å kjenna og følgja Jesus Kristus.

Lars Dahle skriv at i det globale sør veks evangeliske forsamlingar med rekordfart, men legg til at det ofte skjer utan intellektuell eller åndeleg djupn, påverka av ytterleggåande karismatikk. Lat meg leggja til at karismatisk kristendom er på framgang over heile verda. Lat meg også leggja til at tala på dei som blir døypte på si eiga tru veks i alle dei landa der talet på barnedøypte går ned.

For nokre dagar sidan hadde Bergens Tidende eit innlegg skrive av filmskapar Randi Førsund, som ho kalla ”Kyrkje på tomt batteri.” Her fortell ho om kristne katolikkar som fortalde henne om korleis Den Heilage Ande fungerer for deg og meg her i verda og i liv og død. Ho seier at kyrkjene som ikkje forkynner Den Heilage Ande, han som reiser Kristus opp frå grava tredje dag, blir stadig tommare. Medan dei kyrkjene, som er opne for Anden, veks. Dei anerkjenner sjølve grunnlaget for all kristen tru og forståing, som er Anden sjølv.

I samtale med ein økonom, oppdratt som katolikk, fekk ho innsikt i det ho mangla for å forstå si eiga lutheranske kristendom. Då ho hadde fått kunnskapen og forståinga av Den Heilage Ande på plass, fekk ho hand om ladaren til verdas viktigaste iPhone. iPhonen låg der med alle sine uunnverlege funksjonar til inga nytte fordi batteriet var tommare enn Johanneskyrkja langfredag, skriv ho.

Geir Otto Holmås har nett skrive ei bok som er meint å vera eit ope brev til hans karismatiske venner. Eg har ikkje lese boka, men eg har lese to anmeldingar av henne, i Dagen og Vårt Land. Han omtalar visst nok den moderne karismatikken som eit virus som spreier seg. Slik føyer han seg flott inn i den lange rekkja av lutherske teologar som talar nedsetjande om pinsekarismatisk kristendom. Me høyrer stadig om usunn og ytterleggåande karismatikk, veldig sjeldan blir notidig karismatikk omtalt positivt.

Eg takkar Gud for den lutherske bedehuskristendomen eg vaks opp med. Her møtte eg Gud og kom til tru på Jesus Kristus. Eg lærde å lita på Bibelen som Guds Ord og har levd etter dette sidan. Eg vart døypt som truande i januar 1962 og har ved Guds nåde vore trygt planta i pinsekarismatisk kristendom dei siste 55 åra. Eg er prinsipiell motstandar av statskyrkjesystemet som enno ikkje er heilt avskaffa. Dessverre må eg innrømma at mange forventingar og draumar, som eg har hatt for dei kristne fellesskapa eg har vore med i, ikkje har vorte oppfylt enno. Eg kan likevel ikkje slå meg til ro. Draumen ber meg vidare.

Det har skjedd store endringar i det kristne landskapet i landet vårt dei siste femti år. Mange av desse endringane er gledelege, medan andre skaper sorg. Utviklinga i statskyrkja er skremmande. Særleg med tanke på dei tronge kåra dei bibeltru kristne har fått. Innføring av ny lære om ekteskapet er ei sørgjeleg historie.

Frå mitt synspunkt er det gledeleg at statskyrkja mistar oppslutning. Det er svært gledeleg at pinsekarismatisk kristendom har framgang. Det er flott at færre nominelle kristne døyper barna sine. Det er flott at stadig fleire vel å la seg døypa på si eiga tru. Det er flott at folk får eit meir medvite tilhøve til medlemsskapet sitt og melder seg ut eller inn i samsvar med trua si. Det er flott at statskyrkja er i ei utvikling bort frå staten for å verta ei av fleire kyrkjer i landet vårt. Eg ønskjer mine lutherske søsken alt godt. Eg trur ikkje på barnedåp, men eg har stor respekt for kristne foreldre som i tru ber barna sine fram til dåp.

Den nominelle kristendomen er ei stor misjonsutfordring for alle kristne. Ei kjend salme sa det slik: ”Av døypte vrimlar land og strand, men kor er truas brann?” Om talet på dei som er døypte utan å ha truas brann i hjartet går ned, kan likevel talet på dei som følgjer Jesus Kristus gå opp. Me treng varmhjarta og raus kristentru levd ut på alle område i livet. Saman må me stansa sekulariseringa av samfunnet ved tydeleg etterfølging av Jesus Kristus. Saman må me forkynna ordet om korset til omvending og frelse. Saman må me gje rom for Den Heilage Ande og ta imot den krafta han gjev oss til å vera vitne om Jesus i kvardagen.