SPRÅK: Bruk norsk når du kan, engelsk når du må. Ikkje omvendt, skriver Britt Hagesæter. Illustrasjonsbilde: Yayimages.com

Norsk i framtida?

Author picture

tirsdag 20. desember 2016

dagensdebatt

Norsk taper terreng på språkområde etter språkområde. Vil norsk språk overleve?

Skal vi ha norsk språk om 60 år?

Ja, sjølsagt seier du.

Men så er det fakta. Det er noko som heiter globalisering, dette at kloden vert mindre, og vi reiser meir, har meir kontakt med utlandet, og kjøper og sel meir over landegrensene.

Språket som vi då brukar til å kommunisere med, er i hovudsak engelsk.

Vi snakkar om at engelsk overtek for norsk, bit for bit,område for område eller domene for domene.

Det er ikkje farleg for dei som er 70, men kva med dei som er 17, eller 7 år gamle? Vi har engelsk i barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. Mang ein ungdom seier at dei kan engelsk betre enn norsk.

Ja, nokre folkeskular i Oslo underviser tradisjonelle fag som historie og geografi på engelsk. Domenetap for det norske språket, der ungdom vil kommunisere desse faga på engelsk, ikkje norsk i framtida. Fagterminologien vert engelsk, ikkje norsk.

Ein kan ta fag på engelsk på universitetet, og dei fleste doktorgrader vert publisert på engelsk, forat fleire skal lesa dei.

Så var det ungdommen, då. Kva språk brukar dei? 90% av alle filmar er på engelsk, 90% av alle songtekstar er på engelsk. Ein les avisene på engelsk.På Facebook og Twitter er kommunikasjonsspråket engelsk. Fotballspråket er engelsk.. Skal vi halda fram? Lag deg gjerne ein sirkel, og teikna inn språkdomenene som har gått tapt, eller er på vikandre front. Det er skremande.

Vil dei syngje Ja, vi elskar om 60 år? Vil dei kunne lese gravskrifter og minnesteinar, eller må dei omsetjast for den generasjonen som då veks opp? Då er kontakta med fortida borte, og røtene blir færre.

I arbeidslivet får me nye kollegaer. Vi kommuniserer med dei på engelsk, for det er lettare. Vi får brukt språkunnskapane våre. Utlendingane treng ikkje lære seg norsk, for “ alle” kan engelsk.

Engelsk overtek litt etter litt, domene for domene, område etter område.

Vil vi dette? Vil vi gjere området språket vårt fungerer på mindre og mindre?

Vil vi at våre barnebarn skal kunne ferdelandssangane, og lese på gravstøtter og minnesteinar og forstå det som står der?

Det har samanhang med språklege val vi gjer i dag.

Bruk norsk når du kan, engelsk når du må. Ikkje omvendt.