Quo vadis Kristelig folkeparti?

Author picture

fredag 10. august 2018

dagensdebatt

Quo vadis Kristelig folkeparti?

Må det snart bli eit farvel til Krf for meg? Det sit langt inne, men held partiet fram som det «stemner» er det snart ikkje plass for partiet,- ei heller legitimt å stå fram som verdipartiet . Hendinga referert nedanfor
fortel sitt:

«Krf sin familiepolitiske talsmann» i stortinget, Geir Jørgen Bakkevold, vigsla i helga «Krf sin kommunikasjonssjef» med hennar lesbiske sambuar.

Ein kan med rette spørja kva som skiljer Krf frå dei andre partia i dag. Då eg i si tid melde meg inn i Kristelig folkeparti, var det fordi det skilde seg ut som det kristne «familiepartiet», «verdipartiet». Dette partiet fekk eg i mange år lov til å representera i lokalpolitikken, - også som ordførar. Om det ikkje skikkeleg hadde markert seg på desse områda, kunne valet gjerne blitt annleis.

I dag peikar alle piler feil veg. Når program og handling ikkje samsvarer, - når partiet mellom alle andre vel ein som ope står fram mot partiprogrammet, til «famliepolitisk» talsmann, - når partileiaren går i pride-/»Fri»tog og nå gratulerer med alternativt ekteskap,- ja då har noko grunnleggjande endra seg med partiet. Når «Foreningen Fri» får leggja premissene for verdier blir kanskje polygami det neste som i «kjærleiken» og tolleransens namn skal klappast fram. Vil partiet,- som har vore vårt, då framstå like tannlaust? Krf,- og me alle, må i kjærleik ta vare på medmenneskje som slit. Det er likevel ikkje det same som å bryta ned den naturlege kjernefamilien som samfunnet sin hjørnestein.

Krfpolitikarar flest går på «gummisålar» for å uttrykkja seg politisk korrekt og for å fylja mainstream. Kalkulert resultat i neste gallup/val styrer tydelegvis meir enn det å stå fast på prinsippa til partiet. Dette er harde ord frå ei lita røyst, men nå må mange ropa! Ellers blir det etterkvart trongt i det politiske landskapet for verdipartiet Krf.

Oddvar Haugland, Vikedal.. tidl.Krf-ordførar