Verdigrunnlag og ideologi i KrF

Etter mi vurdering er det lite framtidsretta 
strategi å hengja skuldingane på partileiaren. 
Ærleg tala fortener han både honnør og støtte 
for si leiing av partiet. Oppgåva er tung nok 
om ikkje hans eigne skal setja krokfot.

I Dagen for 11. febr. kunne vi lesa ein artikkel av Ståle Halsne, kommunestyrerepresentant for KrF i Hjelmeland, Rogaland med tittelen «Et parti i drift». Eg tillet meg å gje ein respons i denne kronikken ut frå eiga vurdering og erfaring i partiet. Halsne fortener meir enn ein replikk.

Det er sunt at ein etterlyser ideologisk medvit og debatt. Når partimedlemmer og aktive tillitsvalde opplever at noko skurrar, bør sjølvsagt parti og partileiing ta det på høgaste alvor. Ei høg røyst er sjelden åleine.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men så må eg diverre koma med sterk kritikk mot Halsne sitt opplegg. Han skuldar parti og partileiar for tomme og verdilause honnørord. «Ideen om at det finnes en absolutt sannhet er borte» .... «Det er bare tomme begreper. Menneskeverdet i KrF er ikke bygget på noe som helst.» Halsne er her eit tydeleg døme på at det er grøfter på begge sider av vegen.

Med respekt å melda er dette fundamentalt usant. Og enno farlegare - det er slike usanningar som kan bli sjølvoppfyllande profetiar fleire bit på. Honnørorda i KrF om det ufødde livet, menneskeverdet og det to-kjønna ekteskapet finn ein i lovene, partiet sitt ideologikapittel og aktuelt politisk program og skuleringsmateriale. Orda er proppfulle av djupt innhald og stort alvor for partiet og partileiaren! La meg ta med nokre sitat:

«KrF bygger sin politikk på den kristendemokratiske ideologi. Vårt verdigrunnlag er hentet fra Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggende menneskerettigheter og har sin forankring i det kristne menneskesynet, nestekjærligheten og forvalteransvaret

«KrFs grunnverdier er det kristne menneskesynet, nestekjærligheten og forvalteransvaret, fordi vi mener dette er verdiene fra Bibelen og kristendommen som har størst relevans for politikken. Ut fra disse verdiene utledes de kristendemokratiske prinsippene som danner grunnlaget for utviklingen av KrFs praktiske politikk.»

Om det kristne menneskesynet heiter det mellom anna slik: «Det kristne menneskesynet innebærer en forståelse av mennesket som skapt i Guds bilde. Det gir alle mennesker en unik verdi som ingen har rett til å krenke. Derfor vil vern av mennesket fra unnfangelse til naturlig død, alltid stå sentralt i vår politikk. Mennesket er skapt til å leve i fellesskap. Men vi er skapt forskjellige og er gitt både stor frihet og stort ansvar.»

Kort sagt, ein må gjerne utfordra både partileiar og andre til å bruka denne ideologien meir i sine talar. Det er sjølvsagt også lov å vera usamd med partileiaren, men å lata som om ideologien ikkje finst meir eller å insinuera at partileiaren ikkje står for det, og at det berre er honnørord i drift utan innhald, er total fordreiing av sanninga.

Etter mi vurdering er det også lite framtidsretta strategi å hengja skuldingane på partileiaren. Ærleg tala fortener han både honnør og støtte for si leiing av partiet. Oppgåva er tung nok om ikkje hans eigne skal setja krokfot. Å leia demokratisk eit folkeparti - med medlemmer både frå dei fleste kristne grupperingane i vårt land og store deler av den politiske høgre/venstre skalaen - er ei langt større utfordrande oppgåve enn mange vil ta inn over seg. Halsne grunngjev si vurdering med at den gamle vedkjennings-paragrafen er borte, og synest nærast å meina at det er Hareide si skuld. Sanninga er at det kom frå heilt andre enn nåverande partileiar. Men så legg eg til - som mange ikkje synest å ha fått med seg - at resultatet av denne bytinga frå vedkjenningsparagraf til forpliktande verdiparagraf enda heilt annleis enn ein del av dei som først ønskte endringa hadde tenkt seg. Ikkje minst takka vere medarbeidarar i Hordaland og Rogaland blei verdiforpliktinga tydeleg.

Sidan skuldingane for bortfallet av vedkjenningsparagrafen ofte blir teken fram som døme på forfallet, tillet eg meg å gjenta mi eiga vurdering:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg ville gjerne hatt med paragrafen vidare. Men det er ikkje fordi eg såg han i dag som verdivern. Når sant skal seiast, er verdiinnhaldet i «vedkjenninga» nokså ulik i pinseforsamlinga i Bergen og domkyrkja i Hamar (orsak biletbruken begge). For meg var faktisk vedkjenningsparagrafen til hjelp mot innsnevring av partiet - då eg kunne bruka paragrafen til å utfordra kristne - åde til høgre og venstre - om å prioritera partiet. Når eg i landsmøtet 2013 likevel røysta for endringa, hadde det følgjande grunnar: Paragrafen var i realiteten ute i landsmøtet i 2011. Då fann eg det meir strategisk å arbeida for at verdiforpliktinga blei best mogeleg i staden for å gå ned med flagget til topps. Det siste vinn sjelden sigrar.

Eg ønskjer som sagt alt godt for ideologidebatt i KrF. Eg hadde sjølv gleda av å halda eit av ideologiføredraga i landskonferansen i fjor. Skulle gjerne hatt både Halsne og andre med i den debatten. Kvifor ikkje, veit eg ikkje.

Vårt land treng i høgste grad eit verdimedvite KrF. Noko av dei mørkaste politiske skyene i dag slik eg ser det, er den liberalistiske og sekulære surdeigen som meir og meir erobrar parti som Høgre og Venstre (Frp overraskar langt mindre).

KrFs kristendemokratiske profil viser ein annan veg: «Verdiforankringen i den kristendemokratiske ideologien utgjør et alternativ til de mer systemorienterte ideologiene på høyre- og venstresiden. En verdiorientert ideologi med menneskeverdet i sentrum er det beste redskapet i en verden i stadig forandring. Verdiene våre er uforanderlige og prinsippene våre står fast over tid, men i praktisk politikk vil disse uttrykke seg på ulike måter når samfunnet endrer seg. Dette gir grunnlag for en politikk som både er grunnfestet og dynamisk, og som stadig vil finne nye relevante løsninger på utfordringene vi møter i et moderne samfunn

Eit politisk verdiforankra parti står over for mange utfordringar. Det blir spennande å følgja programarbeid og partidebatt fram mot neste landsmøte og ny stortingsperiode. Eg har tillit til at KrF både vil ta vare på si forpliktande verdiforankring og koma opp med ny og framtidsretta politikk på mange område.

Til slutt ein dagsaktuell kommentar til dagens flyktningepolitikk. Dei som følgde med i media sist onsdag, såg korleis ulike partileiarar og statsråden på området opptrådte. Hareides kloke og saklege opptreden stod faktisk i tydeleg kontrast til Venstres (typiske populisme) og ein statsråd Listhaug som demonstrerte tydeleg forakt for Stortinget. Den siste går i fleire kristne miljø for å vera familiealibiet i Frp. Vil ho praktisera vern om familiar og barns behov, ville mellom anna familiegjenforeining hatt eit heilt anna (kristent) innhald og tempoplan. Hennar familievern styrt av egoistisk norsk lommebok mot andre som treng hjelp, håpar eg aldri blir KrFs vegval.

Si din mening i kommentarfeltet nederst på siden - ogfølg også debatten på våre Facebook-sider.