Partileder Knut Arild Hareide taler til KrFs landskonferanse lørdag 3. februar.

Seier Krf heile sanninga om landsmøtevedtaket og regjerings-samarbeidet?

Author picture

lørdag 3. februar 2018

dagensdebatt

Veljarane har rett til å få vite om KrF har gjort eit gyldig korrekt vedtak om regjeringssamarbeid.

I aviser og i media elles har det blitt hevda at Krf gjorde eit samrøystes vedtak i saka om rejeringssamarbeid med framstegspartiet. Partileiinga i Krf har lagt føringer for ei slik forståing. Dei hevda at landsmøtet har gjort eit avklarande og forpliktane vedtak som stortingsgruppa er bunden av.

Krf skal ikkje vere med i ei regjering saman med frp!

Etter stortingsvalget har det gått rykter om at landsmøtet i Krf ikkje har gjort noko formeldt korrekt vedtak i dette spørsmålet.

I talen leiaren heldt, tok han oppspørsmålet om regjeringssamarbeid med framskrittspartiet, og gjorde greie for landsstyret sitt vedtak i saka. Leiaren håpa at alle var enige i dette vedtaket. Dette fekk han ein sympatiapplaus til liks med fleire innspel i sin tale.

Få eller ingen oppfatta desse applausane som voteringer i sakene. Var alle desse applausane enstemmige vedtak i desse sakene? Kor mange saker er det så gjort enstemmige vedtak i og kva omhandler dei i denne talen?

Var regjeringssamarbeidet sett opp på sakslista som var vedteken?

Dersom det ikkje var gjort må ein kvar deltakere skjøna kor umulig det vil vera med eit landsmøtevedtak i denne saka sjølv om leiinga trur det.

Personleg trur eg det vil vera best å utsetje dette til 2019 og så ta ei grundig og ryddig behandling på grasrotplanet. Det vil også vere klokast å beklage dette rotet av leiinga.

Veljarane har rett til å få vite om KrF har gjort eit gyldig korrekt vedtak om regjeringssamarbeid. Stortingsgruppa står etter dette fritt anten dei vil forhandle eller utsetje det heile til 2019.