Har læraren tid til meg i dag?

Author picture

tirsdag 8. august 2017

dagensdebatt

Tenk deg at du sit i eit proppfullt klasserom. Du sit med eit vanskeleg reknestykke som du ikkje finn heilt ut av. Etter å ha grubla lenge, prøvd alle triksa du har lært og sett ut av vindauga nokre minutt er det ingen annan utveg. Du retter handa høgt opp og byrjar å vente. «Har læraren tid til å hjelpe meg i dag?»

I haust startar nye seksåringar på skulen. I klassar som vert fylt opp med nærare 30 lærevillige elevar. Mange born har gleda seg lenge til å endeleg ta steget over i skulen og boblar over av iver. Dei møter ein skule der dei kan risikere at det er ein einsleg lærar for nærare 30 elevar. Korleis kan denne læraren dekke så mange elevar sine ulike behov? I Noreg har elevar rett til tilpassa opplæring. Det gjeld alle elevar, dei som har ekstra utfordringar og dei som synest pensum er for enkelt, og ikkje minst alle som er i mellom. Det er ikkje rettvist ovanfor verken lærar eller elevar at ein lærar skal utføre dette for 30 elevar.

I budsjettforliket med regjeringa for 2015 fekk KrF gjennomslag for 700 fleire lærarar i småskulen som ein god og viktig start på opptrapping for tidleg innsats. I budsjettforliket med regjeringa for 2016 fekk KrF gjennomslag for ei ytterlegare auke på 1000 lærarar. Men dette er ikkje nok.

Kristeleg folkeparti tar både elevar og lærarar på alvor. KrF vil sikre at skulane har nok lærarar til å kunne hjelpe dei som har handa oppe. Vi vil sikre at det er nok lærarar slik at borna våre får den tilpassa opplæringa dei har krav på. Vi vil sikre at KrF vil lovfeste at det skal vere maks 15 elevar pr lærar på barnetrinnet og maks 20 elevar pr lærar i 5.-10. klasse.

For KrF er borna viktigast. Dei er framtida og dei skal få dei beste forutsetningar for både utdanning og danning i skulen. Minstenorm for lærartettleik på skulenivå er ei svært viktig sak for KrF i og etter valet i haust.

Tenk deg at læraren dukka opp med ein gong handa vart retta opp. Han rettleier deg fort i rett retning og resten av reknestykket gjekk som ein leik. Med glød og iver går du i gang med neste reknestykke og med læraren sine ord friskt i minnet får du til det og.


Torbjørn Brosvik

Fylkesstyremedlem

Hordaland KrF