VALDSBØLGE: Det finst ingen grunn til å la denne tiltakande valsbølgja mot koptiske kristne bli redusert til ein del av ein vond informasjonsflaum vi ikkje klarar å forhalde oss til, skriv Johannes Morken. Biletet er frå St. Markus-katedralen i Kairo som vart råka av bombeåtak i desember.  Foto: Foto: Nariman El-Mofty, AP Photo/NTB Scanpix

Når IS driv kristenjakt i Egypt

Author picture

onsdag 15. mars 2017

dagensdebatt

I Nord Sinai i Egypt har væpna islamistar drive regelrett jakt på koptiske kristne som er blitt kaldblodig myrda. Koptisk biskop ber verda vakne når IS har flytta krigen frå Syria til Egypt.

Drapa på sju koptiske kristne i kystbyen El-Arish sidan 31. Januar har sendt minst 150 familiar på flukt frå byen i frykt for kva islamistiske, valdelege ekstremistar vil gjere vidare.

– Dette er ein stor trussel ikkje berre mot kristne, men mot heile det sivile samfunnet, seier biskop Thomas i den koptiskortodokse kyrkja.

– Dette er ikkje dei første angrepa på koptiske kristne i Egypt og ikkje dei siste. Verda må sjå faren og ta trusselen frå IS på alvor, seier biskopen.

– Dei drepne er martyrar, dei er i himmelen, seier biskopen.

Han trur at dei minst 1000 kristne som har flykta frå El-Arish dei siste vekene på grunn av drapa, ikkje vil kunne vende tilbake. Dei vil heller busetje seg andre stader i Egypt. Biskopen er spent på kor mange unge som vil velje å forlate Egypt etter den siste av fleire valdsbølgjer.

Frykt. Det er all grunn til frykt. Ein video som ei IS-tilknytta gruppe spreidde 19. februar, varslar meir vald og meir død over kristne som blei kalla «vantru». Som «vantru» kan dei drepast, ifølgje ei ekstremistisk forståing av Koranen. Videoen inneheldt også det som skal vere dei siste orda til sjølvsmordsbombaren som tok 29 liv i ei koptisk kyrkje i Kairo i desember. I videoen varslar IS-gruppa at dei vil «frigjere Kairo».

Nabila Fawzy (65) var, ifølgje Amnesty, augevitne til drapa på ektemannen Saad Hakim og sonen Medhat Saad Hakim. Maskerte menn med gevær trengde seg inn i huset deira. Dei spurte om familien var kristne. Drapsmennene tok henne ut medan dei skaut mennene inne. Dei stal gifteringen hennar, tok med andre verdisaker og sette fyr på huset før dei drog. I eit intervju med World Watch Monitor fortel Fawvy dessutan at drapsmennene kryssa dei to drepne av på ei liste.

Jakta på

«I denne grufulle angrepsbølgja er koptiske kristne i Nord Sinai blitt jakta på og myrda av væpna grupper», skriver Amnesty International i ein alarmerande rapport.

Den koptiske biskop Angaelos i Storbritannia slår alarm: «I vår raskt skiftande verd som er fylt med så mange nye tragediar, krig og død, er det altfor lett at ugjerningar blir ‘hendingar’ og at dei menneska som opplever ugjerningane, blir gjorde til statistikk og raskt dytta unna før neste melding om ein tragedie. I augo til overgriparane blir dei eit lett mål, i augo til verda blir offera reduserte til eit beklageleg fenomen. Det vi faktisk snakkar om er traumatiserte menneske, familiar og samfunn som har mista sine kjære. Dei er under angrep.»

I skvis

Leiinga i den koptiske ortodokse kyrkja kjende presset frå det islamistiske Brorskapet og islamiseringa under president Mohammed Morsi. Den koptiske paven støtta den militære maktovertakinga i 2013. Slik er mange kristne komne i skvis og under fysiske og til dels blodige angrep etterpå. 100 kristne gudshus vart øydelagde i august 2013, og enkeltkristne og prestar er gjorde til angrepsmål. Hus er brende ned.

Men valdstruslar, øydelegging og drap av uskuldige menneske og trugsmål om vidare angrep mot ein heil minoritet kan ikkje forsvarast. Vi kan ikkje la ein tragedie gå under radaren på grunn av ein vanskeleg maktkamp i Egypt der islamistiske ekstremistar tidlegare har gått til mange angrep også på politi og tryggingsstyrkar og gjort mange muslimar også til offer.

Akutt

Dei mange hundre kristne som har flykta, treng meir enn akutt opne dører. Mange fekk ikkje mykje med seg då dei flykta. Dei treng varig hjelp, og dei treng sikring av verdiane heime slik at ikkje hus, forretningar og eigedommar blir plyndra og øydelagde.

I ein fersk rapport frå Christian Solidarity Worldwide fekk den egyptiske regjeringa ros for å ha understreka dei konstitusjonelle rettane til den kristne minoriteten. Men rapporten åtvara mot generell innskrenking av menneskerettane, og slo den alarm om aukande sekterisk vald mot minoritetar.

Svikta

Amnesty International følgjer opp:

«Fleire egyptiske regjeringar har feila i å takle vedvarande diskriminering av den koptiske minoriteten og ei veksande bølgje av sekteriske angrep. I staden for å trekkje dei ansvarlege for slike angrep for retten, har regjeringa til president Sisi satsa på statsstøtta forsoningsavtalar som i nokre tilfelle har inkludert fjerning av koptiske kristne frå område der dei har vore utsette for truslar».

Det finst ingen grunn til å la denne tiltakande valsbølgja mot koptiske kristne bli redusert til ein del av ein vond informasjonsflaum vi ikkje klarar å forhalde oss til. Utanriksminister Børge Brende og norske parlamentarikarar må følgje med, heve stemma og leggje press på det egyptiske regimet til å ta ansvaret på alvor: både for fred, menneskerettar og demokrati i eige land og for uttrykkjeleg å sikre den kristne minoriteten.

Lederartikkel i Dagen: Forfulgt og uten beskyttelse