Illustrasjonsbilde: Yannis Papanastasopoulos, Unsplash

Dnk og homofili

onsdag 6. desember 2017

Dette innlegget er en respons på "Den norske kirke har banet vei for oss"

dagensdebatt

Ved å seia at «Dnk har banet en vei for oss» - er å fastslå at Dnk ikkje er verdig å kallast Jesu Kristi Kyrkje lenger – når ho heilt openlyst velsignar det som Skrifta avviser.

Tor Håkon Eiken meiner at Den norske kirke banar vegen for oss.

«Spesielt er vi imot homofile» - skal vera typisk haldning blant kristne. Eg har ennå ikkje møtt ein kristen som er i mot homofile. «Det er ikkje kva du er, men kva du gjer» – som er det essensielle.

Eg har anlegg for hor og utruskap i pengesaker, men all den stund eg tøymer min legning og haustar Andens frukt som er definert i Galatarbrevet som sjølvtøyming – skjer ingenting gale. «Gud støyter ikkje bort den som ingenting har gjort»

Det er her T.H.E. rotar det til for seg med å gå inn for at legningar bør levast ut. Men det er ei lang rekke handlingar som ikkje er godtekne i samfunnet – utan at ein dermed dreg Menneskeverd-kortet: Utruskap, pedofili, kleptomani, pyromani, vald, grådigheit, løgn m.m. Alle med slike legningar må avstå frå å leva ut desse karaktertrekka – som er fordømde både i sekulære og religiøse lovverk.

Samfunnet legg dempar på, eller forbyr handlingar som er uttrykk for karakterdrag og legningar som er til skade i mellommenneskelege forhold. Kvifor er det då berre homofil legning som skal godtakast og støttast? Og det er lett å påvisa at både heim og samfunn står seg på å avvisa surrogatsex – nå som før. Ingen berekraftige samdfunn har tillate homofil praksis.

T.H.E. slår inn opne dører: «Vi bør ikke tvinge noen til å endre sin identitet for å bli akseptert». Kven har sett dette? Det som er inne i eit menneske er dets eiga sak. Når det kjem til uttrykk blant medmenneske, må det kunna vurderast som nyttig eller unyttig, godt eller gale, sunt eller usunt, akseptabelt eller forkasteleg. Når Gud i sitt Ord avviser homofil praksis, så kan ingen kristen «vedta» at dette er eit kjærleiksuttrykk. «En seier for kjærligheten» - forkynte Jens Stoltnberg etter at den nye ekteskapslova var vedteken. Sant nok dersom det var eigenkjærleiken han meinte.

Å lista opp kva uforstandige kristne har vore motstandar av: – skjegg, musikk, dans etc – er meiningslaust. At det har vore gjort uviselege ting i kristne samanhangar opnar ikkje for å gjera ting som uttrykkeleg er åtvara mot i Bibelen.

Ved å seia at «Dnk har banet en vei for oss» - er å fastslå at Dnk ikkje er verdig å kallast Jesu Kristi Kyrkje lenger – når ho heilt openlyst velsignar det som Skrifta avviser.

-----

Les også: