Barn bør få lovbestemt samværsrett med sine besteforeldre

Author picture

torsdag 14. april 2016

dagensdebatt

En 50 år gammel lov hindrer barnebarn samvær med sine besteforeldre om ikke foreldrene samtykker. Disse barna blir på denne måten frarøvet en del av sin identitet, og mister kontinuiteten med slekta

Eg hadde fantastiske besteforeldre. Vi var på besøk, og bestemor hadde alltid tid til å høyra på meg. Ho var ei trygg hamn. Eg kjende meg spesiell hos henne. I gravferda snakka eg med to syskenbarn. Dei hadde også kjent seg spesiell i møte med henne.

Besteforeldre er spesielle. Dei har tid,
Dei var ikkje alltid einige, foreldra mine og besteforeldra. Det hende at vi gjekk på besøk til besten medan foreldra gjorde andre ting. Men vi fekk alltid ha kontakt med dei, besøkje dei, gje dei gåver og overnatte der. Verdifullt. Dei representerte linken bakover, hadde soger om det som var. Dei gav perspektiv og tilhøyring.

Besteforeldre bør få rett til sykedager for å passe barnebarn les eg på nett. Ja,det bør dei absolutt. Med tidsklemma og dei mange gjeremål er det viktig å få dei med på laget, og vere der som støttespelarar for neste generasjon.
Det er også tale om å bruke slekt som fosterheimar, nettopp for å skape kontinuitet hos barnet i ein vanskeleg livssituasjon. Det får møte tanter og onklar, søskenbarn og besteforeldre som dei har eit forhold til og kjenner. Ofte blir dei også verande i det miljøet dei har vakse opp i. Forskning viser at slike fosterheimar er meir stabile og varande for barna.

Ei gruppe besteforeldre er gløymt. Visste du at dersom foreldra nektar, får ikkje besteforeldre kontakt med barneborna? Ei lov frå 1981 slår fast at det er ikkje nødvendig å lovfeste denne samværretten fordi det kan verte for mykje for barna å forhalde seg til ved skilsmisse.

Sidan den lova vart til har det runne mykje vatn ut i fjordane, og samfunn og forhold har endra seg. Skilsmissene har ikkje vorte så mykje fleire, men brutte forhold og fleire partnarar i løpet av livet har auka sterkt. I desse forholda er det barn, og nokre av desse barna blir frarøva besteforeldra sine fordi foreldra nektar samvær. I nokre av tilfella har besteforeldra tidlegare hatt barna fleire gonger i veka, hatt dei på overnatting og henta og levert i barnehage og på skule.

Kva opplever desse barna når dei blir frårøva viktige støttepersonar i ei kritisk livsfase?
Barnevernet, helsepersonell og psykologar støttar foreldra i valet om å halde besteforeldre unna. Kanhende ikkje rart, når to av desse fagetatane har overvekt av menneske som ikkje har vakse opp i relasjonar med slekta si, og derfor heller ikkje har forståing for og erfaring frå kva slekt betyr. Kanhende nokon burde kurse dei om betydning av slekt og relasjonar i menneskelivet? Det er også noko som tyder på at psykologar som er oppnemnd av barnevernet bør være einige med etaten for å få fleire oppdrag. Om det er sant, arbeider dei ikkje alltid for barnets beste, men for sitt eige beste.

Eg er gift med ein som i vaksen alder fekk kontakt med delar av slekta si.-Noko fall på plass, og eg vart rolegare, seier han.
Det same ser vi gjennom program som “Tore på sporet” og andre der det blir leita etter slekt. - Noko fall på plass- Eg har fred no- er nokre av kommentarane som går att.

Når skal omsynet til barna vege meir enn omsynet til foreldra for desse barna? Når skal desse barna få den kontinuitet og dei relasjonane som slekta representerer? Når skal desse foreldra, psykologar og barnevern skjøne at slekt er viktig, og at blod er tjukkare enn vatn? Vi ventar på ei lovendring på ei snart 50 år gamal lov. Bruk andre sakkyndige enn barnevernet og psykologar -Kva med litt sunn fornuft?