Forsamlingsleiaren i Bergens Indremisjon meiner tidlegare generalsekretær Karl Johan Hallaråker (bildet) leier folk i feil retning. Arkivbilde.

– Hallaråker snikinnfører liberalteologi

Forsamlingsleiaren i Bergens Indremisjon meiner tidlegare generalsekretær Karl Johan Hallaråker leier folk i feil retning ved å rose Bispemøtets samrøystes vedtak om vigselsliturgi.

TALARSTOL: Forsamlingsleiar Glenn Nord-Varhaug vil ikkje svare på om det er aktuelt å invitere tidelgare generalsekretær Karl Johan Hallaråker som forkynnar i Bergens Indremisjon.

I denne organisasjonen har Karl Johan Hallaråker vore ein framståande leiar gjennom ein mannsalder. I 2009 slutta han som generalsekretær.

No møter han uvanleg sterk offentleg kritikk frå eigne rekkjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg meiner han medverkar til snikinnføring av liberalteologi i bedehusrørsla når han kallar biskopar for konservative når dei samstundes ikkje vil seie at homofilt samliv er synd, seier forsamlingsleiar Glenn Nord-Varhaug til Dagen.

I et innegg på våre debattsider, DagensDebatt.no, tek han eit oppgjer med Hallaråkers støtte til Bispemøtets felles retningslinjer for korleis det kan innførast liturgi for vigsel av samkjønna par, samstundes som det skal vere rom for dei som ikkje kan gå god for dette.

Les innlegget her:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

«Eg kan ikkje sjå at det hadde blitt ei betre løysing for folkekyrkja si framtid om dei konservative biskopane hadde brote og overlate til dei andre å ta heile regien åleine», skreiv Hallaråker i Vårt Land måndag.

Han rosa også biskopane som ønskjer vigselsliturgi for samkjønna par, fordi dei ikkje har «brukt si demokratiske makt til å gå vidare åleine».

Dreiar fokus

Forsamlingsleiar Nord-Varhaug oppfattar at Hallaråker ønskjer å halde flest mogeleg samla i Den norske kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg ønskjer å dreie fokuset. Etter mitt skjøn handlar dette i større grad om kampen for evangeliet. Bibelen kallar homofilt samliv for synd. Skjer det ei omdefinering av synd, skjer det også ei omdefinering av evangeliet som sug krafta ut av det vi formidlar, seier han.

Nord-Varhaug registrerer at Hallaråker kallar biskopane som ikkje ønskjer ein ny vigselsliturgi for konservative.

– Går ein dei litt nærare etter i saumane og ser kva dei står for, ville vi ikkje kalla dei konservative. Dei kallar ikkje homofilt samliv for synd, seier han.

Taus om tillit

Kva konsekvensar dette skal ha for misjonsorganisasjonane vil han ikkje ha bastante meiningar om.

– Vi må diskutere dette. Men for min del er omdefineringa av kva synd er så radikal at det er snakk om eit anna evangelium, ja rett og slett ein annan religion, seier forsamlingsleiaren.

Når utspelet til Hallaråker vert omfamna av Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug, som har understreka at han meiner usemje om synet på ekteskapet ikkje er kyrkjesplittande, fryktar Nord-Varhaug at mange i bedehusrørsla vil tenkje det same.

– Har du framleis tillit til Hallaråker?

– I denne saka meiner eg han leier folk på feil veg. Så får ein vurdere kva det betyr om han som åndeleg leiar, seier Nord-Varhaug.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Er det aktuelt å invitere han som forkynnar i Bergens Indremisjon?

– Det vil eg ikkje uttale meg om no, seier Nord-Varhaug.

– Assosiasjonsmetode

Karl Johan Hallaråker meiner dei som kritiserer utspelet hans, følgjer «assosiasjonsmetoden» i staden for å lese det han faktisk har skrive.

– Poenget mitt er rett og slett av å sjå korleis bispevedtaket vernar dei som er kyrkja som arbeidarar og medlemer og har eit klassisk syn på ekteskapet, seier han.

Dette perspektivet saknar han også hos organisasjonsleiarar som har kommentert utspelet hans. Hallaråker understrekar poengterer at han framleis står for den klassiske læra om ekteskapet og meiner brot med denne er kyrkjesplittande.

– Saka dreiar seg om kva konsekvensar vi skal trekkje i kyrkjesituasjonen, særleg etter kyrkjevalet, seier han.

Sidelinja

Då synest han det er viktig å løfte fram at det skal vere rom for å forkynne og leve etter eit tradisjonelt syn.

– Eg har sagt før at dersom eg skulle brukt teologisk usemje som målestokk for medlemskapet mitt i Den norske kyrkja, skulle eg gått ut av denne kyrkja før eg vart fødd, seier Hallaråker, som sjølv er ordinert prest.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Mitt resonnement dreiar seg om å ta vare på dei som er på innsida av kyrkja og står for eit klassisk syn. Eg er meir oppteken av dei som sit i slike posisjonar enn organisasjonsleiarar som sit på sidelinja, seier Hallaråker.

Fordøming

– Kva tenkjer du om å bli skulda for å snikinnføre liberalteologi?

– Dei som ønskjer å uttrykkje seg slik, må gjerne få lov til det. Eg toler litt av kvart. Men eg er roleg for at folk taklar det. Eg trur ikkje eg skal bruke så mange ord og mykje krefter på det, seier han.

– Dersom det er slik at organisasjonsfolket i dag vil fordøme meg og helst ha meg utstøytt, må dei gjerne få lov til det. I denne saka er eg oppteken av å verne dei som står for eit klassisk syn innanfor kyrkja. Å verne utmelde organisasjonsleiarar er ikkje mitt fokus.

– Er det noko du i dag tenkjer annleis om når det gjeld korleis du handterte striden om samliv som generalsekretær?

– Eg har ikkje alle fråsegner i hovudet, men i sak har indremisjonen og lekmannsrørsla kjempa saman for det klassiske synet. Det har vi gjort på den sterkaste måten vi kunne. Det håper eg ein framleis står for, seier Hallaråker. Han understrekar igjen at poenget er å finne vegar i den aktuelle kyrkjesituasjonen.

Calmeyergatelinja

Dei konservative misjonsorganisasjonane har tradisjonelt halde seg til den såkalla Calmeyergatelinja frå 1920. Denne inneber at ein avstår frå frivillig samarbeid med kyrkjelege medarbeidarar som står for ein liberal teologi.

– Eg har reagert litt på både organisasjonsfolk og prestar som ville bruke Calmeyergatelinja inn i den offisielle kyrkja på ein annan måte enn ho var tenkt, seier Hallaråker.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg er glad for eiga erfaring også i kyrkja som gjer at eg både kan stå for ein tydeleg teologi og stå skulder ved skulder med andre med ei klassisk kristen overtyding som av ulike grunnar har funne sin plass der, seier Hallaråker.

I haust vart han sjølv vald inn i Nygård menighetsråd i Bergen.

Slettar medingar

Sjølv om Hallaråker som generalsekretær var talsmann for å opprette ImF Trussamfunn, har han heile vegen vore tydeleg på at han ikkje har tenkt å melde seg inn. Han fryktar ikkje at han dermed legitimerer ei liberalisering av Den norske kyrkja.

– Eg har aldri brukt uttrykket «dersom dét skjer, melder eg meg ut av kyrkja». Det er dei som argumenterer på denne måten, som har ein dårleg surdeigseffekt, seier han.

– Har du fått mange reaksjonar på utspelet sitt?

– Ja. Dei aller fleste er takknemlege, frå menneske som er i stillingar som dei eg er oppteken av å støtte. Så har eg også fått nokre som eg ikkje skal offentleggjere. Det er ikkje slike tekstmeldingar eg samlar på, for å seie det sånn.

Til helga skal han til Molde for å tale på felles bibelhelg for Indremisjonsforbundet og Norsk Luthersk Misjonssamband.

– Eg gler meg til å møte folk i Molde. Eg skal tale om sentrale ting, og det gjer eg med stort frimod. Eg har ikkje endra syn på teologi. Haldninga mi til samarbeid i kyrkja har eg gjort kjent i alle samanhengar, seier han, og understrekar at han respekterer andres overbevisning enten dei blir i kyrkja eller går ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Kampen for evangeliet
Les også
Kan oppfordra bedehusfolket til å forlata kyrkjaHomofilisaka
Les også
Hallaråker gler biskopen sitt hjarta
Les også
Skriftforståelse er ikke et privat prosjekt
Les også
Prester skal kunne preke homofili som syndBispemøtet