MARKERING: Sjølv om Spania på fleire område er prega av sekularisering, står dei årlege påskeprosesjonane svært sterkt i det katolske landet.

Marsjerer frå dag til dag i påska

Spanjolar går mann av huse for å delta i påskeprosesjonar. I fleire land vert høgtida markert på andre måtar som er framande for nordmenn.

I spanske byar er påskeprosesjonane eit sjølvsagt innslag i påskeveka.

– Det er som 17. mai fleire dagar på rad, seier Torun Rundhovde Mørenskog til Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho er avdelingsleiar for gjestehuset ved sjømannskyrkja i Costa del Sol. Medan vi har henne på tråden, er ei gruppe turistar frå sjømannskyrkja inne i Malaga for å sjå på ein prosesjon.

– Ein mobiliserer heile befolkninga. Bydelane deler på ansvar for prosesjonane, som dei har gjort i årevis. Dette går i arv frå generasjon til generasjon, seier ho.

Sjølv om tradisjonen er katolsk, påpeikar ho at motivasjonen ikkje nødvendigvis er religiøs for alle som deltek.

Liknande opptog vert også arrangerte i fleire katolske land i Sør–Amerika.

Frå mellomalderen

I utgangspunktet er det snakk om botsmarsjar. Nokre av mennene som deltek går berrføtte, andre har lekkjer som teikn på at dei vil omvende seg. Nokre sleper på tunge krossar.

Dei heildekkjande draktene med spisse hattar kan minne om Ku–klux–klan, men den spanske tradisjonen er fleire hundre år eldre enn denne rasistiske rørsla. Påkledninga stammar frå mellomalderens flaggelantar, eller sjølvpiskarar, som tok dei på seg som eit ledd i at dei ville gjere bot, skriv Dagsavisen. Kappene varierer mellom dei forskjellige brorskapa som mennene tilhøyrer.

Mange symbol

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Markeringane trekkjer turistar frå heile verda.

– Prosesjonane tek lang tid og går i sakte tempo. Fremst ber dei gjerne ein flåte som veg fleire hundre kilo, fortel Torun Rundhovde Mørenskog.

Oppe på flåten har dei gjenstandar som symboliserer dei forskjellige dagane eller sentrale trusmotiv.

– Dei som får vere i påskegruppa av turistar her på Costa del Sol, får ei fin blanding av den spanske påska som er veldig synleg, og at vi har gudstenester her i sjømannskyrkja, forklarer Mørenskog.

Ho synest påskebodskapen vert tydelegare i Spania enn i Noreg fordi det er mindre av andre tradisjonar som ikkje har med den kristne påska å gjere.

Liknande opptog vert også arrangerte i fleire katolske land i Sør–Amerika.

Dobbel påske

Også på Kypros feirar dei på eit vis dobbel påske i sjømannskyrkja i Ayia Napa. Den komande veka er det gudstenester og fellesskap i den skandinaviske kyrkja. I neste veke er det gresk–ortodoks påskefeiring.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dei har mellom anna prosesjon på sin langfredag, der dei ber ein stor sarkofag, fortel sjømannsprest Knut Knudsen til Dagen.

På påskeaftan er det stor gudsteneste om kvelden. Presten kjem ut av ikonostasen med eit tent lys for å symbolisere at Jesus er stått opp igjen. Elden vert spreidd slik at alle til slutt står med tente lys.

– Mange turistar går nok også på denne gresk–ortodokse gudstenesta, trur Knudsen.

Påske i gruve

Polske gruvearbeidarar markerer langfredag på sin eigen måte i saltgruva i Wieliczka. Dette er blant dei eldste saltgruvene i verda og står på verdsarvlista til Unesco. Gruvene har ni nivå, og utgravingane er fleire hundre kilometer lange, og går over 300 meter under jorda.

Iført seremonielle uniformer går gruvearbeidarane til eit saltmonument av pave Johannes Paul 2. i Kinga–kapellet, som ligg under jorda, fortel The Daily Mail.

Den britiske avisa fortel også at det i Slovakia finst ein folkeleg tradisjon som skal gå tilbake til 900–talet, og dermed før kristninga, men er blitt blanda med kristne folketradisjonar. Kvinner vert forsiktig slått med greiner og skylde med vassbøtter eller til og med kasta i elva. Siktemålet skal vere å gjere dei vakrare. Under kommunisttida vart skikken mindre vanleg, men blir stadig praktisert i mindre landsbyar.

Årleg krossfesting

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit kjent årleg fenomen er krossfestingane på Filippinane. Ritualet begynte på 1950–talet og føregår over heile landet, ofte med hundrevis av tilskodarar. Mange deltek for å få tilgjeving for syndene sine, be for sjuke eller eit betre liv, eller takke for det dei oppfattar som mirakel. Handlingane er uttrykk for ei blanding av katolisisme og folkeleg religion. Kyrkja har teke avstand frå markeringane, men dei held likevel fram. Det same gjeld sjølvpisking, som kvart år dreg tusenvis av turistar til utkanten av Manila for å sjå på. Meir enn 80 prosent av dei 90 millionane i øystaten er katolikkar.

I USA er det vanleg med paradar og tog, men med eit meir sekulært preg enn det som er vanleg i Spania. Påskeharane– og kyllingane inntek Fith Avenue. Under dei fargerike påskeparadane første påskedag pyntar folk seg med finstas eller karnevalsklede. Atlantic City har USAs eldste parade som er blitt arrangert meir enn 40 gonger, skriv Dagsavisen.

Les også
Østlandet får penest påskevær
Les også
Folk flest dropper kirken i påsken
Les også
Gjennom Bibelen på rundt 85 timer
Les også
Palmer eller torner?
Les også
Slik mener kristenledere påsken bør feires