Kristen-sosialisten Stephen Timms (t.v.) håper på seier. Den konservative politikaren David Burrowes og staben hans har gitt full gass dei siste dagane for å sanke så mange stemmer som mogeleg. Foto: Tore Hjalmar Sævik

Ein raud og ein blå kristen

Den eine vart knivstukken av ein islamist, men åtvarar mot islamofobi. Den andre har fått så øyrene flagrar for sitt forsvar for det tradisjonelle ekteskapet og Israel. Vi har møtt to av dei mest profilerte kristne politikarane i Storbritannia.

Utanfor togstasjonen i East Ham langt aust i London står ein mann av afrikansk opphav og deler ut reklamekort for «Mr. Kijali». Denne herren skal ha medfødde evner som «afrikansk spirituell healer og rådgivar». Same kor vanskelege problem ein har, gir Mr. Kijali 100 prosent garanti for raske resultat.

Det verkar umåteleg dristig, særleg i innspurten av den britiske valkampen. Dersom Mr. Kijali skulle verte kontakta av den konservative parlamentskandidaten i valkrinsen, er det grunn til å tru at han måtte kaste korta – bokstaveleg talt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Suveren vinnar

Sjansen for å slå sosialdemokratiske Labour i East Ham er nemleg lik null. Heile Storbritannia er delt inn i 650 valkrinsar som får inn ein representant kvar i Underhuset. Det betyr at vinnaren er kandidaten som får flest røyster. Ved sist val var nettopp East Ham valkrinsen der marginen til vinnaren var størst.

Mannen er Stephen Timms. Vi møtest inne i det som ein gong var ei presbyteriansk kyrkje. I over 40 år har det vore ein møte– og samlingsstad for forskjellige religiøse og etniske grupper.

I 21 år har Timms representert East Ham i Underhuset. Han er også leiar for Christians on the Left, som er systerorganisasjonen til Kristne Arbeidere. Heile livet har han identifisert seg med Labour, og minner om at partiet har røter i metodismen.

– Røtene kan bli litt utydelege nokre gonger, men du kjem ikkje bort frå dei, meiner han.

Stor arbeidsløyse

No går han for ein ny femårsperiode.

– Dette er den mest etnisk varierte staden på heile kloden, seier Timms om East Ham.

Nedgangen i folketalet etter krigen er dei siste tiåra snudd til eksplosiv vekst.

– Arbeidsløyse og bustadmangel er stadige utfordringar, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjennom valkampen går han som britiske politikarar flest rundt og bankar på dører for å snakke med folk, vitjar gudshus og har stand i gata.

Kristen-sosialisten Stephen Timms håper på seier. Foto: Tore Hjalmar Sævik

Større matmangel

Statsminister David Cameron meiner britane i dag har valet mellom å la han halde fram gjenreisinga av britisk økonomi eller å følgje Labour ut i eit uføre av auka skattar og svulmande gjeld. Timms meiner derimot at det trengst ny politikk.

– Dei siste fem åra har vist at når dei på toppen har det bra, meiner dei at alle har det bra, seier han.

Mellom anna viser han til tal frå Trussel Trust, eit nettverk for kyrkjer som gir matvarehjelp til menneske som treng det.

– Talet på slike har auka frå 40.000 til ein million, seier Timms.

Kall til politikken

Bakgrunnen for at Stephen Timms slo seg ned i East Ham, var eit to veker langt oppdrag med eit kristent team på 1970–talet.

– Etter dette kjende eg for første gong eit kall til politikken, seier han.

I valkrinsen er rundt 30 prosent muslimar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Andelen som seier dei er kristne her, er den lågaste i heile landet. Men kyrkja gir likevel eit stort bidrag, seier Timms. Han viser mellom annan til innsatsen for fattige.

– Og i London sett under eitt veks kyrkjene, medan dei minkar eller i landet, seier han.

Nyanserer sekularisering

Fleire kristne har skulda Labour for å ha medverka til sekularisering av Storbritannia. Timms er usamd.

– Det finst ein aggressiv sekularisme i Storbritannia som lagar mykje støy, men ikkje representerer så mange. Dei mange kyrkjelege matstasjonane fortel meg meir om situasjonen enn avisoppslag om folk som ikkje får ha på seg kross på jobb, seier Timms.

Samstundes understrekar han at kampen for religionsfridom er viktig, også for Labour under ateisten Ed Miliband.

Muslimfrykt

I 1994 støtta ein lokal muslimsk leiar kandidaturet til Timms fordi han er kristen.

– Han sa: Du trur på Gud og vi trur på Gud. Derfor trur vi du bør gå for denne jobben, seier Timms.

– Kva seier du til dei som er urolege for islamsk påverknad i Storbritannia?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg forstår uroa for radikal islamisme. Etter valet i 2010 vart eg sjølv knivstukken av ei kvinne som var blitt radikalisert på internett, fortel han.

Bakgrunnen var at Timms hadde røysta for det militære åtaket mot Irak i 2003.

– Men etterpå fekk eg kort og helsingar frå både kristne og muslimar som sa dei bad for meg. Éin person gjorde noko forferdeleg, men eg trur vi har ein god del felles med muslimane når det gjeld verdiar, seier han.

Han viser til at mange britar for 200 år siden var redde for katolikkane. For 100 år sidan var det jødane.

– No er det ingen som ser desse som eit trugsmål. Eg trur det same vil skje med muslimane, sier han.

Ringjer opp usikre

I ein heilt annan ende av London, heilt i nord, ligg valkrinsen Enfield Southgate. Det bølgjande landskapet er dominert av einebustader og små leiligheitskompleks, med mange vårgrøne tre innimellom. Stroket framstår ikkje veldig fasjonabelt, men Mercedes– og Audi–tettleiken er relativt høg. Dette ville vore ei perfekt scene for ein harmonisk og søvndyssande engelsk tv–serie.

Søvn har det likevel ikkje vore mykje av dei siste døgna for David Burrowes og teamet hans.

– Eg må berre spele inn ei telefonmelding, orsakar Burrowes seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Oppringinga siktar mot å dra støttespelarar opp av sofaen og puffe dei usikre ned frå gjerdet.

– Hallo, mitt namn er David Burrowes og eg er din konservative kandidat. Valet på torsdag er det viktigaste på ein heil generasjon, seier Burrowes inn i telefonen.

INNSPURT: Den konservative politikaren David Burrowes og staben hans har gitt full gass dei siste dagane for å sanke så mange stemmer som mogeleg.

Har med hund

Seksbarnsfaren har på dagen ti års fartstid i parlamentet og leiar parlamentarikargruppa til Conservative Christian Fellowship På tampen av valkampen er labradoren Cholmley med han på veljarjakt.

– Det nasjonale biletet er at vi har ein jobb å fullføre. Vi har gjort så godt vi kan, men må halde fram om vi skal sikre ein sterk økonomi, eit godt helsetilbod og andre offentlege tenester, seier Burrowes.

Han aksepterer ikkje påstanden om at den liberalkonservative regjeringa har ført politikk til beste for dei rike.

– Eg meiner det ikkje er sant. Vi vil gi mogelegheiter til alle, same kva bakgrunn dei har. Då er det viktig å sikre at ein kan ha jobb og ta vare på familien sin. Vi har ei god historie på dette området, men vi treng å formidle det endå betre, seier Burrowes.

Han viser til at regjeringa også har gått i bresjen for kamp mot menneskehandel og moderne slaveri.

Jødiske veljarar

Valkrinsen er først og fremst ein forstad, men har til dels også bygdepreg. Burrowes er sjølv oppvaksen her og har alltid budd her. Kontakten med veljarane og kva dei er opptekne av, er dermed avgjerande for han som politikar. Ikkje alle ønske er like lette å oppfylle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg kan bli beden om alt frå å tette eit hol i asfalten til å stoppe ein krig, smiler han.

Etnisk er valkrinsen relativt samansett, med store grupper grekarar, indarar og jødar.

– Eg har gitt sterk støtte til Israel og vore mykje involvert med jødiske fellesskap i området, seier politikaren.

Han viser eit brev han har sendt til jødiske veljarar der han lovar forsvar for retten til omskjering, kosherslakting og kamp mot antisemittisme. Han fortel også om at han besøkte Israel tidlegare i år saman med statsminister David Cameron.

Merkar motstand

Burrowes er tydeleg på sine tradisjonelle kristne standpunkt om vern om ufødd liv og ekteskapet som ei ordning mellom éi kvinne og éin mann. Han har skrive eit brev til kyrkjene i valkrinsen sin, der han fortel om at han er ein truande kristen. Og han lovar å kjempe mot assistert sjølvmord og for betre økonomiske vilkår for familiar, betre rusomsorg, større rom for friskular, satsing på bistand og religionsfridom – for å nemne noko.

I parlamentet leia Burrowes opposisjonen mot Camerons prestisjeprosjekt med å opne for ekteskap mellom menneske av same kjønn.

– Du blir jo elska eller hata, konstaterer Burrowes på spørsmål om korleis folk har reagert. Han legg ikkje skjul på at forsvar for Israel også har sin pris, særleg for familien.

– Mange som ikkje er samde, ser ut til å sjå det som si oppgåve i livet å gå imot meg. For kristne kan det også vere skuffande å sjå at resultatet ikkje vart som dei hadde håpa, og nokre vil kritisere meg for det, seier han.

Trass alt er han trygg på at det er verdt å stå opp for det han trur på, og familien støttar han også.

– Så trur eg det er viktig å vise at vi ikkje berre fokuserer på desse sakene, men også er opptekne av andre ting, både lokalt og i rikspolitikken, påpeikar han.

Politisk vind

Det bles friskt over Enfield då eg vinkar farvel til David Burrowes og Cholmley. Politisk er det grunn til å vente at det vil blåse frå høgre her under torsdagens val. I mange av dei 649 andre krinsane blir vindretninga meir spennande.

Britisk val

I dag er det val i Storbritannia.

Sidan 2010 har landet vore styrt av ei koalisjonsregjering mellom Det konservative partiet og Det liberaldemokratiske partiet.

Sitjande statsminister David Cameron vert utfordra av Labour–leiar Ed Miliband, men på meiningsmålingane ligg ingen av dei an til å få reint fleirtal.

Dermed er det knytt spenning til kva regjering Storbritannia vil få eller om det til og med kan bli nødvendig med nyval.

Les også
Jøder lunkne til å få jødisk statsministerBritisk valg
Les også
Frustrert over at penger fortrenger andre verdierBritisk valg
Les også
Storbritannia har fått en ny Diana