KRISTEN FAVORITT: Ted Cruz aukar oppslutnaden mellom evangeliske kristne, men har framleis langt igjen

Cruz cruisar fram blant evangeliske kristne

Senator Ted Cruz fossar fram som favoritten til evangeliske kristne i kappsiglasen om å bli nominert som republikansk presidentkandidat.

Heilt sidan Cruz i mars kunngjorde at han mønstra på i kampen om å ta over roret etter Barack Obama, har senatoren frå Texas lagt vinn på å fiske røyster blant evangeliske kristne. Rundt tre av fire veljarar med slik ståstad, røystar republikansk. No er Cruz verkeleg i ferd med å få napp i Iowa, som er delstaten der det første nominasjonsvalet i landet går av stabelen 1. februar neste år.

– Eg er begeistra over det veksande talet tilrådingar eg får frå pastorar, sa Cruz nyleg ifølgje Charisma Magazine.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Verdikonservativ base

Medan milliardæren Donald Trump framleis tronar på toppen av dei nasjonale meiningsmålingane, ser den pensjonerte kirurgen Ben Carson ut til å miste noko av fotfestet. Samtidig klatrar Cruz. I ei nasjonal meiningsmåling for NBC News som vart publisert sist helg, får Trump 28 prosent støtte medan både Cruz og Carson får 18 prosent. Framleis er Carson favoritten til kvite evangeliske kristne, med 25 prosent oppslutnad, men dette er åtte prosentpoeng mindre enn han hadde for ein månad sidan. Trump og Cruz har støtte frå høvesvis 23 og 22 prosent.

Terroråtaka i Paris kan vere ei mogeleg forklaring på at Cruz har vind i segla i Iowa, ifølgje ein reportasje på politico.com. Denne delstaten er kjend for å ha ein relativt stor del verdikonservative kristne veljarar.

Fleire har kritisert Carson for å mangle tilstrekkeleg kunnskap og klar strategi for å takle internasjonale utfordringar.

Cruz ligg like i kjølvatnet av Trump i Iowa både på CNNs «Political Prediction Market» og ei meiningsmåling frå Quinnipac University

Uvanleg bakgrunn

Både Carson og Cruz har det til felles at dei bryt med standardiserte oppfatningar av kva bakgrunn ein republikansk presidentkandidat skal ha. Afroamerikanske Carson er adventist utan politisk erfaring. Cruz har cubansk far og mor med familierøter i Italia og Irland, og likevel har han endt opp som sørstatsbaptist. Han er også den einaste av kandidatane som er fødd utanfor USA, nemleg i Canada. Han ligg likevel såpass langt til høgre politisk at mange er kritiske til om han vil appellere nok til dei sentrumsveljarane, som ofte er avgjerande for å vinne presidentvalet.

Ingen ateist

Ifølgje Cruz ville ein ateist vere ueigna til å vere president i USA.

– Einkvar president som ikkje begynner kvar dag på kne, er ikkje eigna til å vere øvstkommanderande i dette landet, sa Cruz i september ifølgje Huffington Post.

Mange amerikanarar tenkjer i dei same banene. Berre 58 prosent av amerikanarane kan tenkje seg å røyste på ein ikkje-truande presidentkandidat, ifølgje ei meiningsmåling frå Gallup. Det er likevel liten sjanse for at dette skal bli eit alternativ i november neste år. På republikansk side har samtlege kandidatar tilknytning til eit kyrkjesamfunn. Den demokratiske favoritten Hillary Clinton er metodist. Den fremste utfordraren hennar, Bernie Sanders, er jøde, men har sagt at han ikkje er særleg religiøs, ifølgje Washington Post.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Trump lover å ikke stille som uavhengig kandidat
Les også
Politimann i Chicago tiltalt for drap på svart tenåring
Les også
Komiker kan bli president i Guatemala
Les også
Tjener millioner som evangelist
Les også
Konservativ kritikk av Merkels åpning for flyktninger